Den første dosen var gratis

Historia om korleis Sportsklubben Brann skapte ein supporter ved å gjere som langarane i Nygårdsparken.

Publisert 10/05/2017 av Berge. Emne: , , ,

Heilt sidan eg var baby har eg vore ein fysisk liten og også på andre måtar tilbakehalden fyr, og like lenge har eg lengta etter noko anna, noko større, betre og sterkare. Ikkje i olympisk forstand. Ja, ikkje i nokon som helst forstand. Faen ta forstanden! Det eg lengta etter var hinsides forstand. Eg hugsar eg låg vaken i babysenga om natta og ville danse, hoppe, synge og ruse meg saman med andre. Men kor skulle eg få oppleve slikt?

Det sunnaste alternativet ville kanskje ha vore å bli gladkristen, men eg trudde ikkje på nokon gud. Barnetrua hadde eg mista lenge før eg vart fødd. Eg hugsar den dagen foreldra mine døypte meg: Eg skreik det eg kunne for få dei til å la vere, men dei gjorde det likevel, dei jævlane!

Lengselen fortsette dei neste åra. Dagane i barnehagen likna kvarandre, slik dagane på skulen skulle kome til å likne kvarandre, og eg lengta, lengta, lengta, etter variasjon, fest, vitalitet, energi. Hadde det kome ein new age-predikant innom barnehagen er eg sikker på at eg hadde vore den første til å slå til på tilbodet hans, men det kom ingen new age-predikant til «korttissbarnehagen» på Seim.

Capsen

Så ein dag skjedde noko. Eg fann ein raud og kvit caps i kledskapet til pappa, og spurde overraska når han gjekk med caps?

– Du går no aldri med caps?

Pappa svarte at capsen var fra cupfinalen i -78.

– Cupfinalen?!

– Ja, cupfinalen … Vi var alltid på cupfinalen før vi fekk deg.

Eg var vel tre, fire år, kanskje, og innsåg for første gong det alle ein eller anna gong må innsjå: At livet til foreldra mine begynte lenge før mitt. Eller rettar sagt: Livet til foreldra mine fann i hovudsak stad før dei fekk meg. Ja, for å gni det inn: Dei hadde eit liv, og så fekk dei meg.

Etter at eg oppdaga capsen begynte eg å mase om å at vi måtte gå på Brann-kamp. Pappa sa han var heilt ute av det der, men eg insisterte. Vi skulle på kamp. Mot Kongsvinger. Eg hugsar ikkje lenger kva stillinga blei, men då eg kom inn på Stadion og vi fann plassen vår på langsida, første rad på tribunen over gamle Store Stå, var det like før eg svima av: Så mange folk! Og kva gjorde dei? Jo, dei sang, og dansa, og hoppa, og var fulle.

Brann Club

Dei neste åra var pappa og eg på Stadion eit par gonger i året, og eg følgde Brann sine kampar på Puddefjord Radio. Den verkelege galskapen starta likevel ikkje før på slutten av 90-talet.

To svært avgjerande ting skjedde samtidig:

1) Bergen Nordhordland Rutelag begynte å køyre Brann-buss frå Knarvik til Stadion slik at eg trygt kunne reise aleine på kamp.

2) Nokon i Brann fekk eit tips av ein heroindealer i Nygårdsparken, og begynte å dele ut gratisbillettar i Klokkesvingen til alle barn som var medlem av Brann Club.

Resten er historie, resten er avhengigheit, resten er timar på tog, buss, fly og båt kvar helg frå mars til november. Historisk er ikkje Brann-administrasjonen kjende for å vere strategiske geni, men å tilby første dose gratis, fungerte utmerka. Ikkje berre har eg partoutkort på Stadion, pappa og mamma vart også hekta igjen. Etter at Brann slepte meg inn i Klokkesvingen nokre sesongar på slutten av 90-talet, har Sportsklubben tent fleire hundretusen på å selgje sesongkort, kalde pølser og sur kaffi til familien min.

Les også:

2 kommentarar

  1. Kjenner meg igjen.
    Selv opplevde jeg den klassiske ‘fra Hasund til Haugen’

  2. Ja, det kan virke som om Brann Club + Stadionbussen + Hasund skapte mange brannsupporterar.