icon

Branndagboka

Sivilstatus: Brannsupporter

Emne: Brann

2. april

Publisert 02/04/2017 av Berge.

Første kamp i serien. Tromsø-Brann. «Garantert tap», sa vi då vi lada opp med raudvin og pre-påskelam. «Tapar jo alltid i Tromsø …» Før kampen hadde eg tatt til takke med uavgjort, men ved kampslutt framstår 1-1 som rimeleg kjiipt. Vi var overlegne fram til Orlov scora 0-1-målet, etter det blei vi feige, stadig pressa […]

Første kamp i serien. Tromsø-Brann. «Garantert tap», sa vi då vi lada opp med raudvin og pre-påskelam. «Tapar jo alltid i Tromsø …»

Før kampen hadde eg tatt til takke med uavgjort, men ved kampslutt framstår 1-1 som rimeleg kjiipt. Vi var overlegne fram til Orlov scora 0-1-målet, etter det blei vi feige, stadig pressa lengre og lengre bakover. To minutt før slutt kom sjølvsagt 1-1 på corner, signert Gamst og Wangberg. Vi har uansett med oss eitt poeng meir heim frå Alfheim enn vi pleier, og gu’ kå herlig det er å sjå at vi står høgare enn i fjor.

Dei som påstår at Barmen ikkje har teknikk må forresten sjå første omgang i reprise.

Brann-Godset 3-0

Publisert 08/04/2017 av Berge.

Monsteredderkoppsesongen er i gang.

Torsdag morgon stod eg på Drammen stasjon og trippa nervøst. Det var ikkje berre den kommande kampen mot Godset som uroa meg. Onsdag kveld hadde eg fått ein SMS frå kona til reisekameraten min Elvis: «Elvis kan dessverre ikkje reise til Bergen i morgon. Monsteredderkoppsesongen har begynt, og han er monsterederkoppfangaren i huset. Beklagar.» Irritert kasta eg frå meg telefonen før eg forstod at det var snakk om ein spøk. I løpet av natta begynte likevel tvilen å melde seg: Kva om eg verkeleg måtte ta toget sju timar til Bergen aleine fordi Elvis skulle redde prinsessa si frå monstereddarkoppar?

Tusen onde Fagermoar

Fem minutt før toget skulle gå, stod eg framleis på Drammen stasjon uten å vite om Elvis kom til å dukke opp, og idet toget kjørte inn på stasjonen kom eg på at Elvis hadde billettane. Tusen onde Fagermoar reiv i sjela mi, før eg brått fekk auge på ein pesande medsupporter strene inn på perrongen.

– Du skal til Bergen, likevel?

– Klart eg skal!

– Monsteredderkoppane, då?

– Haha, gjekk du på den?!

– Eh, nei.

Røyktifo før kampen.

Meir enn arbeidsmaur

Dei neste ti timane tenkte eg ikkje meir på monsteredderkoppane, men idet dommaren blåste i gang første omgang mellom Brann og Godset såg eg eit voldsomt kryp ta form i ramma Lars Arne Nilsen har snakka om sidan sommaren 2015. I sølvsesongen 2016 var Brann ein vegg – defensivt solide, men uten for mange eigne angrep. Den mest passande innsektsmetaforen var arbeidsmaur.

Mot Godset framstod Sportsklubben derimot som éin stor kropp med tjueto bein, eit ekkelt kryp med fart og kraft som sprett rundt på stovegolvet ditt, umuleg å fange. Idet du trur du har klart å jage beistet ut verandadøra, snur det og pilar mot deg, mellom beina dine, fram og tilbake, til du er så svimmel at du scorar sjølvmål.

Pressa fram mål

Det høge presset Brann viste mot Strømsgodset – og i deler av kampen mot Tromsø – gjer det mindre nødvendig å ha den eine toppscoraren som lagar 20 mål i sesongen. Ja, held Brann fram med å tette igjen like høgt i bana, må det nødvendigvis kome mange mål – og sjølvmål. Etter 72 minutt sette Vilsvik ballen i eige mål, fordi Brann pressa han til å gjere det. Både før sjølvmålet og før 1-0-målet til Barmen, storma tidlegare scoringsvaksinerte Brann-spelarar  inn i boksen og tvinga drammensarane til å gjere feil. Brann speler kanskje ikkje vakkert, men det viktige er at det er skremmande å møte eit kryp som aldri gir seg, som smett unna når du går til angrep, og som når som helst kan angripe deg. Eg veit kva eg snakkar om: Då eg kom tuslande heim frå nattoget fredag morgon stod ein inntrengar med korte bein og brun, mandelforma kropp i entréen og stira truande på meg.

Publisert 09/04/2017 av Berge.

Hokksund stasjon 9. april 2017: Tar fatt på første etappe til Kristiansund.

Hokksund stasjon 9. april 2017: Tar fatt på første etappe til Kristiansund.

Publisert 09/04/2017 av Berge.

Gardermoen 9. april 2017: Klar for andre etappe av Hokksund-Kristiansund, men i Påskelabyrintens namn: Kor skal vi reis hen?

Gardermoen 9. april 2017: Klar for andre etappe av Hokksund-Kristiansund, men i Påskelabyrintens namn: Kor skal vi reis hen?

Publisert 10/04/2017 av Berge.

10. april: Sanghefte frå Kristiansund.

10. april: Sanghefte frå Kristiansund.

Kristiansund-Brann 1-0

Publisert 11/04/2017 av Berge.

Alt vi tok i blei til isopor.

Vakna til brannalarm på hotellet i Ålesund og planta beina i eit par våte sko. Brannalarm og våte sko, det må jo vere eit bra teikn, tenkte eg og tusla mot nødutgangen.

Falsk alarm, men alle som kan sin Brannmann Sam veit at ekte brannmenn sjekkar grundig uansett.

Kvelden før hadde vi trava rundt i søkkvåte sunnmørsgater og gaula refrenget til Hjerteslag-klassikaren Kong Oscars Gate: É det bare meg / Eller snurrer denne gaten / For alt eg tar i blir til isopor.

Vi følte oss nesten som heime. Dette kunne ikkje gå gale.

Road trip

Brygga i regnet.

Brannalarmen var falsk. Det tok vi som eit godt teikn. Vi hoppa i bilen og retta snuten mot tre poeng med Knutsen og Ludvigsen på «anlegget» i Priusen: Så reiste vi til Kristiansund, helt uten grunn, til Kristiansund. Vi burde kanskje ha tatt hintet idet vi gaula desse tekstlinjene, men det gjorde vi ikkje. Tvert imot. Og då vi fekk køyre rett inn på ferja over til Molde, tok vi det som eit veldig godt signal om korleis denne kampdagen kom til å ende. Vi var i flytsona.

Alvorsprat om Nigeria

Framme i Kristiansund oppdaga vi at hotellet låg 10 meter fra puben vi skulle samlast på. Det tok vi som eit godt teikn. Dette må gå veien, tenkte vi, og då bror min og eg slo eit par kristiansundsupporterar i shuffleboard, var vi heilt sikre.

Kristiansund er forresten ein av få klubbar i Norge som har ein ekte pub på stadion, ikkje Dolly eller Peppes der du kan få kjøpt øl, men ein ekte pub med utsikt over bana. Det tok vi absolutt som eit godt teikn. Hyggelege var dei òg, KBK-supporterane. Det er ikkje grenser for kor mange interessante menneske du kan møte som omreisande brannsupporter. På torsdag møtte vi for eksempel eit av Jehova sine vitner som sat på bar og drakk i smug, og i går snakka vi lenge med ein kar som jobbar med å lære opp lokale arbeidarar for eit stort norsk oljefirma i Nigeria. Han kunne blant anna fortelje at kleda nordmenn sender til fattige i Nigeria, ofte ender opp som tørkefiller i oljeindustrien. Dei lokale makthavarane tener altså pengar på å selge kleda, og oljeselskapa lukkar auga og kjøper.

Denne historia tok vi som eit teikn på at kapitalismen er ein forskrudd ideologi som snarast må erstattast av eit betre alternativ.

Optimisme ved innmarsj. Alle teikn tyder på at vi kjem til å vinne.

Brann starta der dei slapp

Sportsklubben såg ut til å starte der dei slapp mot Godset: Dei framsto som kompakte og angrepsvillige. Mista Brann ballen, tok det ikkje mange sekund før ramma var etablert og Kristiansund-kontringa stoppa. Vi nikka annerkjennande. For ein sesong dette kan bli! Spesielt tok vi det som eit godt teikn at Gilli var like god og ivrig som mot Godset. For ei solid signering!

Fortapt gjeng på veg heim fra kamp.

Først mot slutten av første omgang begynte den gode dagen å smuldre opp. Få av dei som syng høgast på Stadion hadde tatt turen til Kristiansund, så stemninga på bortefeltet blei etterkvart laber. Ute på bana begynte laget å irritere seg over at det gode spelet ikkje førte til mål. Spesielt sonen til faren vart etterkvart meir opptatt av å snakke med dommaren enn å slå presise passningar.

Slitne spelarar og svimle supporterar

Brannspelarane verka rett og slett slitne i topplokket, og då gjer ein gjerne slik som Acosta gjorde etter 71 minutt: Kastar ein fyr i bakken inne i straffefeltet. KBK scora på straffa. Byger med hagl og kuling slo inn over stadion, og dei våte skoa våre kjendes meir og meir ut som istappar. Ved sida av meg hørte eg bror min mumlesynge nokre halvkjente tekstlinjer:

– É det bare meg, eller snurrer hele stadion? Alt vi tar i blir til ingenting.

16. april 2017

Publisert 16/04/2017 av Berge.

Brann melder at dei har passert 9000 selde billettar til kampen mot Haugesund i morgon. Etter at det berre møtte opp i underkant av 7000 mot Godset har det blitt hevda at myten om fotballgale Bergen må avlivast (bl.a. av Davy Wathne på Twitter). Men Bergen har aldri vore ein fotballgal by. Bergen har vore […]

Brann melder at dei har passert 9000 selde billettar til kampen mot Haugesund i morgon. Etter at det berre møtte opp i underkant av 7000 mot Godset har det blitt hevda at myten om fotballgale Bergen må avlivast (bl.a. av Davy Wathne på Twitter). Men Bergen har aldri vore ein fotballgal by. Bergen har vore Brann-gal, opptatt av Brann som eit ikon for Bergen. Publikum kjem med andre ord når æra til Brann og byen verkeleg står på spel: Mot Rosenborg, i gullkamp og krisetider. Nedrykkshausten 2014 var Stadion fullsatt i fleire kampar, og i OBOS-ligaen hadde vi framleis eit av dei høgaste snitta i landet.

Det unike med Bergen er dessutan ikkje kor mange som går på Stadion, men kor interesserte dei som ikkje går på kamp er. Anekdotisk bevis: Eg veit ikkje om farmora mi nokon gong var på Brann stadion, men då ho fekk dårleg syn var ho klinkande klar på at ho måtte ha ein ny og større TV slik at ho kunne sjå Brann-spelarane skikkeleg. Ho visste alltid kven som burde spele neste kamp, og kven som burde pelle seg ut av Idrettsveien for godt.

Kor mange det er på tribunen har forresten lite å seie for stemninga. I Malmø i vinter var vi ca. 100 av dei mest trufaste, og stemninga var fantastisk. I Kristiansund på mandag var vi 200, dei fleste lokale brannfans, og stemninga var laber (også då Brann spelte bra dei første 20 minutta).

Ser vi historisk på det, stemmer det heller ikkje at alt var bedre før, med mindre før er mellom 2003 og 2009:

http://historie.brann.no/tilskuertall/

Den første dosen var gratis

Publisert 10/05/2017 av Berge.

Historia om korleis Sportsklubben Brann skapte ein supporter ved å gjere som langarane i Nygårdsparken.

Heilt sidan eg var baby har eg vore ein fysisk liten og også på andre måtar tilbakehalden fyr, og like lenge har eg lengta etter noko anna, noko større, betre og sterkare. Ikkje i olympisk forstand. Ja, ikkje i nokon som helst forstand. Faen ta forstanden! Det eg lengta etter var hinsides forstand. Eg hugsar eg låg vaken i babysenga om natta og ville danse, hoppe, synge og ruse meg saman med andre. Men kor skulle eg få oppleve slikt?

Det sunnaste alternativet ville kanskje ha vore å bli gladkristen, men eg trudde ikkje på nokon gud. Barnetrua hadde eg mista lenge før eg vart fødd. Eg hugsar den dagen foreldra mine døypte meg: Eg skreik det eg kunne for få dei til å la vere, men dei gjorde det likevel, dei jævlane!

Lengselen fortsette dei neste åra. Dagane i barnehagen likna kvarandre, slik dagane på skulen skulle kome til å likne kvarandre, og eg lengta, lengta, lengta, etter variasjon, fest, vitalitet, energi. Hadde det kome ein new age-predikant innom barnehagen er eg sikker på at eg hadde vore den første til å slå til på tilbodet hans, men det kom ingen new age-predikant til «korttissbarnehagen» på Seim.

Capsen

Så ein dag skjedde noko. Eg fann ein raud og kvit caps i kledskapet til pappa, og spurde overraska når han gjekk med caps?

– Du går no aldri med caps?

Pappa svarte at capsen var fra cupfinalen i -78.

– Cupfinalen?!

– Ja, cupfinalen … Vi var alltid på cupfinalen før vi fekk deg.

Eg var vel tre, fire år, kanskje, og innsåg for første gong det alle ein eller anna gong må innsjå: At livet til foreldra mine begynte lenge før mitt. Eller rettar sagt: Livet til foreldra mine fann i hovudsak stad før dei fekk meg. Ja, for å gni det inn: Dei hadde eit liv, og så fekk dei meg.

Etter at eg oppdaga capsen begynte eg å mase om å at vi måtte gå på Brann-kamp. Pappa sa han var heilt ute av det der, men eg insisterte. Vi skulle på kamp. Mot Kongsvinger. Eg hugsar ikkje lenger kva stillinga blei, men då eg kom inn på Stadion og vi fann plassen vår på langsida, første rad på tribunen over gamle Store Stå, var det like før eg svima av: Så mange folk! Og kva gjorde dei? Jo, dei sang, og dansa, og hoppa, og var fulle.

Brann Club

Dei neste åra var pappa og eg på Stadion eit par gonger i året, og eg følgde Brann sine kampar på Puddefjord Radio. Den verkelege galskapen starta likevel ikkje før på slutten av 90-talet.

To svært avgjerande ting skjedde samtidig:

1) Bergen Nordhordland Rutelag begynte å køyre Brann-buss frå Knarvik til Stadion slik at eg trygt kunne reise aleine på kamp.

2) Nokon i Brann fekk eit tips av ein heroindealer i Nygårdsparken, og begynte å dele ut gratisbillettar i Klokkesvingen til alle barn som var medlem av Brann Club.

Resten er historie, resten er avhengigheit, resten er timar på tog, buss, fly og båt kvar helg frå mars til november. Historisk er ikkje Brann-administrasjonen kjende for å vere strategiske geni, men å tilby første dose gratis, fungerte utmerka. Ikkje berre har eg partoutkort på Stadion, pappa og mamma vart også hekta igjen. Etter at Brann slepte meg inn i Klokkesvingen nokre sesongar på slutten av 90-talet, har Sportsklubben tent fleire hundretusen på å selgje sesongkort, kalde pølser og sur kaffi til familien min.

Les også:

28. februar 2017

Publisert 28/02/2017 av Berge.

Tid for rekneskap: Brann gjekk med 3,7 millionar kroner i overskot i 2016 takka vere gåver frå Trond Mohn. Eg gjekk 10000 i minus takka vere Brann. http://www.brann.no/nyheter/leverer-3-7-millioner-i-overskudd

Tid for rekneskap: Brann gjekk med 3,7 millionar kroner i overskot i 2016 takka vere gåver frå Trond Mohn. Eg gjekk 10000 i minus takka vere Brann.

http://www.brann.no/nyheter/leverer-3-7-millioner-i-overskudd

Om Branndagboka

Publisert 18/02/2017 av Berge.

Eit forsøk på å forklare ka det går i.

Branndagboka.no dokumenterer livet som supporter av Sportsklubben Brann. Kall det ein blogg, ein logg, eller “virkelighetslitteratur”.

Den rent materielle utførelsen består vesentlig i en projeksjon av virkeligheten, i en skjev og oppvarmet atmosfære, på et uregelmessig bølget referanseplan med forvridninger.Boris Vian, Dagenes skum

Kjapt omformulert: Alt som står her er sant, men det var ikkje nødvendigvis akkurat slik det skjedde.

Bonde i Drammen

Eg som skriv dette (Atle Berge, f. 1986) bur i Hokksund. I tolv år har eg pendla med tog over fjellet til heimekampane på Stadion. Branndagboka dokumenterer derfor også livet på vegen/skinnene/i menyvogna til NSB.

Ved sida av å vere brannsupporter, prøver eg forresten hardt å vere forfattar. Bøkene mine kan du lese meir om her.

Les også: