Vi skulle fyre hele veien til Baku …

Om klistremerkeforbud, skrinlagte reiseplanar og «Engler i sneen».

Publisert 20/11/2017 av Berge.

Bildet over har eg funne på Flickr. Det er meint å skulle illustrerer stemninga i Drammen søndag ettermiddag. Fra kampen mellom Strømsgodset og Brann, den som avgjorde at det ikkje blir nye Europa-sprell i 2018, har eg dessverre ikkje eit einaste bilde. Telefonen min tok rett og slett kvelden på veg til Marienlyst. Kanskje var det kuldesjokk som fekk epple-batteriet til å knele? Kaldt var det i alle fall. Drammenselva pusta frostrøyk, restaurantane på Bragernes torg hadde pinnekjøtt på menyen, og Pensjonisten nynna «Engler i sneen» på veg til puben.

Klistremerkegangster

Før vi fekk kome inn på Laurtiz måtte vi gjennom ein uvanleg grundig sjekk. Heftig beføling er vi vant til på veg inn på kampar, men at det skulle vere nødvendig også på puben overraska meg. Eg blei også rimeleg paff då eg innsåg at det vaktane jakta på, ikkje var pyro, våpen og medbrakt alkohol, men klistremerke. Vi kjøpte øl og diskuterte saka, kom fram til at det eigentleg er rimeleg logisk:

– Altså, dersom klistremerket er stort nok, er det jo faktisk mulig å kvele eit menneske ved å lime det framfor nasa og munnen på personen.

– Sant! Eigentleg rart at ikkje fleire er redde for stickers.

«Christine Meyer é en av oss!»

Lenge såg det ut til at det skulle bli ein tam ettermiddag på puben. Få hadde tatt turen fra Bergen, og vi andre var meir i prate- enn syngehumør. Men så dukka ein festklar bøling fra BBØ opp, og så kom «Sweet Caroline» på annlegget, før musikkansvarleg følgde opp med MGP-klassikaren «Vestlandet». Brått stod folk og gaula «Over eit fjell, inn i ein tunell, over ei bru, ja, der bur du!», før M. lanserte den nydikta dagsaktuelle sangen «Christine Meyer é en av oss! / Daffy Steinfeld é en av oss!». Eg begynte å få trua på tribunekok og tre poeng.

– Måtte denne kampen vere starten på noko stort, gliste eg. – Det er vel eigentleg berre å bestille billettar til Europa League-finalen i Baku med det samme?

Godt forsøk

Den gode stemninga fortsatte på bortefeltet (også etter at Marcus Pedersen scora 1-0 fire minutt ut i kampen og hysja på oss). Vi måtte jo vinne! Turar som den til Budapest/Ruzomberok er det vi lever for, og då var det berre å gaule på: «Bergen ut av Norge!»

Haldninga vår til kampen minna meg om haldninga eit kvar sunt menneske bør ha til livet generelt: Aldri i verda om dette går bra – det gå bra! Spesielt i andre omgang såg det ut til at også spelarane forstod alvoret. Og då alt såg som mørkrast ut – då Godset hadde gått opp til 2-0 og Europa-håpet var fordufta – vende Deyver Vega på ein tiøring og smelte ballen inn ved stolperota framfor oss. Eg vart så opprømt at eg berre stod og måpa. Kunne det gå likevel?

Sindige bergenserar

Brann held fram med å prøve, men verken dommaren eller stengene i Godset-målet var av det gavmilde slaget. Europadraumen slukna igjen, men eg kjende meg likevel ikkje knust. Nei, då dommaren blåste av kampen utan at Brann hadde fått det andre målet, var det ein sindig gjeng som stod igjen og klappa. Laget hadde i alle fall gjort eit forsøk. Det var berre det at Godset der og då var eit litt bedre lag.

Det blir ofte påstått at Brann ikkje har suksess over tid fordi vi er så utålmodige, men er det noko trufaste brannsupporterarar kan, så er det å vente. 10 år på Europa-spel. 23 år på cupmesterskap. 44 år på seriegull. Ja, når det kjem til venting, er vi rett og slett i Europa-toppen.