icon

Branndagboka

Sivilstatus: Brannsupporter

Emne: Nynorskstipend

Brann – Aalesund 1-1

Publisert 30/05/2017 av Berge.

Branndagboka testar ut korleis det er å sitte på kamp.

I februar, då eg sat og skreiv reisebrev om Thai Chi og psykoterapi i Køben, dukka det opp ei annonse i Facebook-feeden min. Overskrifta var omtrent slik: «Har du lyst på 50 000 kroner?» Svindelforsøk, tenkte eg, men så oppdaga eg at reklamen ikkje var fra Sparebank1 Nigeria: Det var Noregs Mållag som lyste ut eit stipend til folk som bruker nynorsk til noko «uvanleg», for eksempel å dokumentere livet sitt som brannsupporter. Pulsen steig. 50 000 kroner var nøyaktig det eg hadde bruk for. I familien vår er det nemleg stort sett madammen som bidrar med inntekter, medan eg passar på at vi har nok utgifter.

Typisk samtale heime hos oss:

– Eg har forresten tenkt å lage ein Brann-blogg.

– Kommer du til å tjene noe på det, da?

– Nei, men du veit jo at eg ikkje bryr meg om pengar. Kva skal vi med pengar når vi har Lars Arne Nilsen?

– Vi kunne jo for eksempel ha skifta ut den rennende dassen?

Pyro, flagg og sang

Så blid blir du når nokon gir deg pengar for å skrive om Brann. Leiaren i Mållaget ser ikkje så verst blid ut han heller. Det er vel kanskje ikkje så ofte det er pyrofest i Mållaget? Foto: Live Havro Bjørnstad, Bergen Mållag.

Tre månader seinare, 28. mai 2017, stod eg på kunstgraset utanfor Stadion og tok imot stipendet frå leiaren i Mållaget. BGG fyrte av eit par røykbomber, og Bataljonen som nettopp hadde tapt 6-1 for Brann sitt gatelag, stilte seg opp og sang. It was probably the best utdeling av eit nynorskstipend ever, men sjølv om eg endeleg hadde fått eit økonomisk argument for å reise på Brann-kampar, var det noko som plaga meg: Etter utdelinga måtte eg sitte med leiaren i Mållaget og sjå Brann – Aalesund.

Før eg går vidare, må eg presisere at det ikkje var å sjå kampen saman med leiaren i Mållaget som plaga meg. Magne Aasbrenn viste seg å vere ein herleg Fredrikstad-supporter som hadde gleda seg lenge til å høyre Nystemten på Stadion for første gong. Det som plaga meg var sittinga. Eg er ein svært ekspressiv supporter: Eg syng og kjeftar, gestikulerer og hoppar. Kjem Barmen aleine med keeper og skyt tre meter over mål, ristar eg gjerne sidemannen i frustrasjon. I heile mitt liv har eg berre sett to Brann-kampar sittande: Den første som tre-fireåring. Den andre på Bryne ca. ti år seinare, då pappa kjøpte billettar på feil tribune. Ellers har eg stått: I Klokkevingen, på Store Stå og Hansa. På Briskeby, Gjemselund og Goodison Park. Tanken på å plutseleg skulle sitte ned, i beste fall få lov til å klappe i takt til «Hele Stadion!», var nesten uuthaldeleg.

BOB, BOB

Udsigt fra BOB-tribunen

Brann hadde gitt oss billettar på BOB-tribunen: Felt B, heilt nede ved cornerflagget. Der sat vi omringa av ungar som var minst like opptatt av popcorn og sukkerspinn som av kampen. I det fjerne skimta vi Store Stå og Felt Z.

Det var likevel éin soleklar fordel med plassane våre: Vi fekk sjå den gode førsteomgangen til Brann på nært hald. Daniel Braaten og gjengen hælsparka og finta Aalesund ut av kampen. Etter 34 minutt var midtstoppar Ramsteijn så svimmel at han sette ballen i eige mål.

Leiaren i Mållaget var mektig imponert. Dette var noko anna enn det han vanlegvis fekk servert på Fredrikstad Stadion!

Sittesmerter

Fordi Brann spelte så bra, var behovet for å reise seg opp og instruere laget fråverande den første timen. Først etter ca. 60 minutt begynte sittesmertene å melde seg. Ute på bana blei Brann-spelarane meir og meir slitne. Vi såg det i Kristiansund, og vi fekk sjå det igjen mot AAFK: Då Brann ikkje fekk uttelling for det høge presset, begynte Sivert Heltne Nilsen å slenge med armane og kjefte på dommaren. Daniel Braaten tassa rundt og Vito Wormgoor halta. På nabosetet hadde Fredrikstad-supporteren begynt å følge med på FFK – Arendal på mobilen, og i halsen min var eit brøl i ferd med å ta form: «No må du for faen bytte, Nilsen!». Eg svelgde det ned.

– Bytte, Nilsen! Bytte!

Skålevik og Orry varmar opp.

Brølet heldt fram med å stange mot dei samanpressa leppene mine. Det kribla i beina, og rumpa mi var stadig på veg opp frå setet. Til slutt måtte eg berre reise meg.

– Bytte, Nilsen! Bytte!

Heldigvis var ein far nokre rader bak meg einig i bodskapen og reiste seg han òg:

– Bytte, Nilsen! Bytte!

Men Lars Arne Nilsen ville ikkje bytte. Framfor oss varma Skålevik og Orry Larsen opp. Dette var forresten ein annan fordel med BOB-tribunen: Vi hadde full oversikt over feltet der benkeslitarane prøvde å vise seg fram for LAN. Slik er det ikkje i Hansasvingen.

Vanleg samtale på Store Stå:

– Kem é det han har sendt i oppvarming?

– Skaanes.

– Det der é faen ikkje Skaanes! Skaanes har mykje lengre hår. Det må vere Azar.

– Nei, det é jo han der islendingen som var så god i Vestlandshallen i vinter.

Fra åttande rad, heilt ytterst på BOB-tribunen, ser du til og med ansiktsuttrykka til reservane. Etterkvart som den eine Brann-spelaren etter den andre halta og tassa rundt, varma Krepsen opp med stadig større intensitet framfor oss. Til ingen nytte. Aalesund angreip i bølge etter bølge, men Nilsen nekta å sleppe innpå friske bein. Det må ha vore Kong Gud sin største taktiske feil sidan han plasserte Azar på vingen mot Sogndal i OBOS.

Serien ingen vil vinne

Aalesund-dominansen måtte ende med mål til bortelaget. Ja, for oss på BOB-tribunen som såg slaget på nært hald, framstod det nærmast som eit mirakel at dei ikkje klarte å score to. Heldigvis er Eliteserien blitt ligaen ingen har lyst til å vinne. Dagen før hadde Odd spelt uavgjort mot Sandefjord, og då dommaren blåste av, klappa ein smørblid Fredrikstad-supporter meg på skuldra:

– Slapp av, Berge, Sarpsborg spelte uavgjort dei òg!

Udsigt fra BOB-tribunen 2: Stilstudie av Fredrik Haugen.

Les også: