Seks punkt om Tromsø-kampen

På grunn av mykje å gjere på jobben, klementiner som måtte skrellast og juleøl som måtte drikkast, rakk eg aldri å loggføre Tromsø-kampen, men her kjem fem punkt eg ville hatt med dersom eg hadde skrive noko om årets siste Brann-kamp.

Publisert 16/12/2017 av Berge.

1. Tomt for vin

Supporterutstyr.

Elvis og eg reiste tidleg til Gardermoen for å få oss eit par timar i SAS loungen. Allereie halvvegs hadde Elvis klart å tømme vinkrana.

2. Midtnattsol

Er det éin ting det burde vere konsensus om her i verda, så er det at midnattsol er eit herleg fenomen, men på veg over fjellet, begynte Elvis og eg å krangle om nettopp midtnattsola. Eg hadde fortalt om ein av dei kjekkaste borteturane eg har vore på: Tromsø-turen i 2013. Kampen gjekk i mai, det var 25 varmegradar om natta, og medan vi sat på uterestauranten gjekk sola ned på den eine sida av gata og opp på den andre.

Elvis berre fnaus:

– Midtnattsol er jævleg oppskrytt! Det er jo berre same sola … Det kan du ikkje nekte for!

3. Mimring

Hyggelege Tromsø-folk.

På bussen fra Fotballpuben til Stadion, havna eg ved sida av Store Stå-legenda Raymond Nesse. På proustiansk madeleinkakevis var eg med eitt tilbake i barndommen, til den tida eg begynte å gå på Store Stå og nesten blei klemt ihjel kvar gong Brann scora. Medan dei andre supporterane berre var ein masse, ei raud bølge som slo over meg når Kjetil Løvik putta, sat Raymond fremst på gjerdet og fyrte i gang sangar saman med Johnny K.. Dei gav supporterane eit ansikt for meg, og eg kjem aldri til å glømme den dagen eg fekk lov til å ta bussen til byn aleine for å kjøpe drakt av Johnny i Brannbutikken ved Smørsbroen.

4. «Mere magi! Mere magi!»

Det ville ha vore vanskeleg å skrive ein tekst om Tromsø-kampen utan å nevne Alexx Alexxander som blei møtt med anti-sangar då han skulle trylle i pausen, og som ikkje rakk å bli ferdig med stuntet sitt før laga kom på bana igjen og vi braut ut i jublande skadefryd: «Mere magi! Mere magi!»

Forhåpentlegvis det endelege punktumet for pauseshow på Stadion.

5. Vestlandet

Eit personleg høgdepunkt var då Elvis, Pensjonisten og eg fekk BGG med på å synge MGP-junior-klassikaren Vestlandet: «Over eit fjell, inn i ein tunnel, over eit bru, ja, der bur du. Eg håpar du veit kor heldig du é, du é fra Vestlandet!»

6. Målet til Orry

På nattoget heim til Hokksund las eg på nettavisene at Peter Orry Larsen hadde scora eit fantastisk mål. Det hadde eg ikkje fått med meg. Frå Hansa såg det berre ut som om han krangla ballen i mål på Orlov-vis. På ein måte kan eg forstå at dei som er opptatt av fotball, og berre fotball, ser kampane på TV, men kven er det eigentleg som bryr seg om fotball?