«Oppi!»

Om å sjå Brann på tv.

Publisert 18/06/2020 av Berge.

Dei første 19 minutta av Haugesund – Brann onsdag 17. juni 2020, låg eg roleg i sofaen. Beina på bordet. Mobilen i den eine handa. Ein pils i den andre. Oppriktig interessert og glad for å sjå Brann forsøke å spele kjapt framover (sjølv om sluttproduktet mangla), men ikkje engasjert med heile kroppen, slik eg ville ha vore dersom eg stod på tribunen i Haugesund og såg Brann ha full kontroll på Grindhaug-banden.

Tometersregelen

Så, i det 19. minuttet, skjedde det eg hatar mest av alt (utanom målstyring og blind vold): Brann-spelaren som skulle i press, tok plutseleg koronahensyn. I staden for å gå i då ein Haugesund-spelar fekk ballen ute på kanten, på høgde med 16-meteren, følgde han tometersregelen. I ettertid er dette ei ubetyedeleg hending i kampen, men i mi nye karriere som sofasupporter er det ein milepæl. For etter å ha lagt der, ein konsumzombie i forbrukersamfunnet, og chatta med Brann-kompisar om kor lovande spelet til Produktet var, gjorde denne mangelen på press meg rasande. Eg kasta frå meg mobilen og hoppa ut på golvet.

– Oppi! ropte eg. – Oppi, då!

Men Barmen, eg trur i alle fall det var Barmen, høyrde meg ikkje. Fortvilt slo eg ut med armane idet Haugesund-spelaren fekk lagt inn.

Innlegget enda i ingenting, og eg kom til meg sjølv, måtte smile av den deilige følelsen av å ha vore djupt engasjert i noko. Ja, så engasjert at eg glømte alt anna. Inkludert kor lang tid det tar å legge ein unge igjen som har vakna av at nokon rasande ropar «Oppi, då!».

Skeptisk

Det er jo ikkje til å komme utanom at eg har vore litt skeptisk til om dette blir ein skikkeleg sesong. Å sjå eliteseriefotball med 200 publikummarar på tribunen, blir som å sjå treningskampar på tv, har eg tenkt. Sjølv om aktiviteten i Brann-gruppene på Messenger har tatt av dei siste dagane, har eg ikkje kjent på anna enn mild kribling før seriestarten.

Men då Taylor storma inn 1-0, spratt eg igjen ut på golvet. Då Bamba krangla med seg ballen over halve bana og fekk avslutta, stod eg i sofaen. Og då Daniel Pedersen stanga inn 1-2 frykta eg for å ha vekt, ikkje berre mine eigne, men alle ungane i heile Hokksund.

Fear of missing out

Lykkelig plukka eg opp mobilen for å lese reaksjonar fra andre lykkelige Brann-supporterar, men var ikkje førebudd på stormen av snappar, twitter-videoar og instagram-historier frå pubane i Bergen og Oslo der folk feira som om vi hadde vunne seriegull. Det er ikkje til å komme utanom at eg avslutta kvelden med ei kjensle av å ha gått glipp av noko.

Å sjå teljande Brann-kampar med 200 på tribunen på tv heilt aleine, er med andre ord mistenkeleg likt å sjå teljande Brann-kampar med fleire tusen på tribunen på tv heilt aleine.

Toppfoto: Brann – Haugesund på tv i 2017.