For vi é ikkje ODD – eit minne frå Åråsen

Søndag speler Brann borte mot Lillestrøm. Det er ein kamp som vekker mange minner – blant anna om den mest brutale feiringa eg har overlevd.

Publisert 19/04/2017 av Berge.

Ansiktet mitt blei pressa mot betongen og eg kjente at minst eitt ribbein måtte ha brista. Datoen var 13. mai 2012 og Brann spelte bortekamp på Åråsen, eit av årets høgdepunkt: Her er vi alltid ein solid gjeng på bortefeltet, og heimebana til kanarifuglane er ein lukka stadion med supporterar som syng heile kampen. Dei syng rett nok berre variantar av den samme sangen, slik at du blir heilt shalalalala i hovudet i fleire dagar etterpå, men det er jo som kjent godt å ha nokon å hate.

Når eg tenker meg om, er det forresten veldig rart at akkurat LSK skulle kopiere fotballkulturen frå sørlege delar av Europa. Eg har i alle fall aldri møtt nokon frå Romerike med sydlandsk temperament.

Tilbakespelet

Bergensarar med sydlandsk temperament, finst det derimot ein heil del av. No låg tre av dei oppå meg og rista av glede. Nokre sekund tidlegare hadde Erik Mjelde sendt av gårde ein lang lobb frå midtbana. Keeper rusa ut, og blei rundlurt av spretten: Sakte flaug ballen over LSK-målvakta, inn i nettet.

Feiringa som fulgte var den mest brutale eg nokon gong har vore med på: Hovudet mitt klinka i betonggolvet idet sidemannen til høgre i ustyrleg glede kvelva meg over ende. To andre kompisar slengde straks ølmagane og Hansa-daiane sine over oss slik at eg brått låg nederst i ein haug av brannsupporterar. Eg var i ferd med å miste pusten, kjente meg bleik og blå då ei stemme over oss ville vite kvifor vi låg der og koste oss så intenst når Brann ikkje hadde scora eit skikkeleg mål ein gong:

– Det va jo bare itt sånn dærre fair play-tilbakespill …

Dei tre medsupporterane mine kom seg på beina og halte meg opp. Ute på bana såg vi Piotr legge ein arm rundt Erik Mjelde, og ved innbyttarbenken gestikulerte kaptein Kalvenes og trenar Skarsfjord heftig. Det var ikkje tvil om kva dei snakka om. Dei ville la LSK score. For vi er ikkje Odd. Vi scorar ikkje når keeper er skada eller rusar ut og blir lurt av spretten på itt sånn dærre fair play-tilbakespill.

«Best fair play ever»

Resten må du sjå på YouTube dersom du ikkje hugsar det. Det er berre å søke på «Best fair play ever» så får du sjå Piotr som prøver å overtale Erik Mjelde til å ombestemme seg, Piotr som vill i blikket skjeller ut Christian Kalvenes, og Piotr som gjer alt for å redde målet resten av Brann lar Lillestrøm score. Kroppen min verkte, men eg måtte likevel glise der eg stod. Det var så nydeleg! Ja, både Sportsklubben sin fair play-gest og Piotr sitt sinne … Eg meiner: Brann er jo ikkje Brann uten at nokon protesterer høglytt mot det åpenbare.