Lars Arne Nilsens suprise party

Historia om då LAN tok på seg hawaiiskjorta og peiste på i Jåttåvågen.

Publisert 07/09/2017 av Berge.

Eg må innrømme at eg rykte til då eg las ordet «overraske» i eit Lars Arne Nilsen-sitat i BT. Det var eit par dagar før Brann skulle møte Viking på bortebane. LAN har jo ikkje akkurat redda Brann opp fra avgrunnen ved å overraske. Tvert imot: I intervju etter intervju har vår trauste frelsar sagt at målet i neste kamp er eitt poeng. På toget fra Hokksund til Stavanger sat familien Berge og spekulerte – kva var overraskinga?

– Azar på topp, Grønner fra start og lange ballar, kanskje?

– Nei, han tar ut sonen og lar Barmen spele sentralt.

– Barmen er ikkje med, ditt nek! Og han tar aldri ut sonen.

– Nei, no har eg det! Han peisar på med alt han har av angrep: Vega, Børven og Marengo. Skånes som indreløpar i staden for Orry.

Vi lo. Det var sjølvsagt heilt usannsynleg at Lars Arne Nilsen hadde ein slik kampplan.

Når vi ikkje lenger på Stadion kan gå …

Som vanleg møtte vi kjekke folk i Meny-vogna: Ein brynesupporter var på veg fra Kristiansand til Jæren for å sjå Bryne og Nest-Sotra spele 1-1, og ein tidlegare toppdommar sette seg ned ved bordet vårt og lurte på kvifor vi ikkje hadde laga meir bråk av 3-3-målet i Ålesund:

– Alle tre målene var skandale! Mos skaller ned Grønner idet han header inn 3-3. Det er livsfarlig spill!

I Kristiansand sang vi Skålevik-sangen, og i Egersund «Sæthernes scorer mål». Vi diskuterte også korleis vi vil ha gamleheimen når vi blir demente og ikkje lenger er i stand til å gå på Stadion: Øl, kjøt og 2007-sesongen på repeat i VR-brillene.

Svante vs. Wangberg

Kapteinsbindbattle: Svante vs. Wangberg.

Framme i Stavanger strena vi rett inn på Beverly Hills Fun Pub der Henriksen og Haugen sat og krangla om kven som hadde det beste kapteinsbindet.

– Kom igjen! Ingenting slår Svante! I alle fall ikkje Simen Wangberg.

– Poenget é jo ikkje at det é Wangberg sitt … Poenget é at det é fra den eneste bortekampen vi vant i 2013.

Skikkeleg fyr i forsamlinga blei det likevel ikkje før vi kom oss til Jåttåvågen. Først var det lagoppstillinga som gira oss opp:

Sidemannen kikka ned på mobilen sin, gliste.

– Herlig!

– Fortell, då!

– Det é helt utrolig! Nilsen må ha begynt på svært sterke medisinar.

– Gi oss laget, då!

– Marengo og Vega fra start! Skånes som indreløpar! Børven på topp.

Utanfor kom Bergens glade gutter og jenter blussande fra båten til Sushi-restauranten på Viking Stadion. Eg stod inne i ølkøen og fekk ikkje nøyaktig med meg kva som skjedde, men ikkje lenge etter at alle var på plass stod heile uteserveringa og gaula mot eit par siddisar på gata. Nokon stor skandale blei det likevel ikkje. Politiet stilte som vanleg når Bergen er på tur mannsterke for å skjerme oss mot lokalbefolkninga.

TIFO-knockout

Hat vs. sjølvironi.

Når det gjeld sjølve kampen må eg innrømme at den tre veker seinare er redusert til draumeaktige glimt i minnet mitt: TIFO-en vår som slo knockout på Hordene sitt ubergripeleg lite kreative banner: «Hate Bergen». Marengo som driblar seg inn i feltet. Marengo som slår langt og opnar opp spelet. Johannessen som ramlar ned fra gjerdet. Kampen som ei stund er uviktig. Dommaren som ristar på hovudet etter at Vito har heada ballen i mål. Vega som klaskar til. Rabling i alle retningar før Viking ut av ingenting leiar 2-1.

P. som seier: – Typisk! No føler LAN at han har fått vist oss kordan det går når vi kastar alle mann i angrep …

Tekstmelding fra Fredriksen: «Hvorfor gidder du å reise til Stavanger hvert år?! Taper alltid.»

Skaanes som smeller til. Haugen som smeller til. Orry som smeller til. Eg hugsar rabling og ekstase, frykta for overtidsmål, enorm lettelse. Rusa på kampen stod vi på perrongen utanfor Viking Stadion og snakka om at dersom vi slår Rosenborg på Stadion, ja, då, ja, då er det berre fire poeng til gullet …

Lukta av nedrykk fylte toget inn mot sentrum, men denne gangen var det heldigvis ikkje vår sveittelukt. Nei, sveitta vår lukta berre Hawaii.