Ikkje tenk på det!

Le eller gråte? Det var spørsmålet etter nok eit avgjerande overtidsmål imot.

Publisert 16/10/2017 av Berge.

Melding fra far min tre dagar før Molde – Brann:

Vi visste det jo: Brann kom til å tape mot Molde og miste grepet om medaljekampen. Tre poeng? Ikkje tenk på det! Likevel reiste vi med buss, tog og fly i seks timar for å sjå det skje. Det skjer jo av og til, at det som alle veit kjem til å skje, ikkje skjer, og skulle det skje, ville vi vere der. Det er dei kampane som er så deilige å vinne, når vi ikkje forventar at det skal skje. Med andre ord hadde vi vel likevel på ein merkeleg måte forventningar, der vi sat på Molde-puben 1911, og sa til kvarandre at vi ikkje hadde forventningar.

Tomme tribunar

Alle mann i forsvar!

Det var ikkje mykje som minna om sølvkamp på Røkkeløkken 15. oktober 2017. Ingen pyro. Ingen spektakulær TIFO. I det fjerne kunne vi høre ein svak trommelyd. Dei fleste moldenserane var nok heime og såg på Farmen, og bortsett fra fire-fem fra BGG hadde dei syngande brannsupporterane blitt igjen i Bergen. Eg fekk til og med melding om at vi laga så lite lyd at folk kunne høre stemma mi på tv når eg tok i. Eg skamma meg, veksla mellom å vere mutt og sytete. I ca. 70 minutt var eg meir opptatt av kor dårleg stemninga var enn av kampen, men så klessa Wormgoor ballen i høgrestolpen.

– Vågar vi å ta kontringane, har vi faktisk ein sjanse til å vinne dette! gliste far min oppglødd av Vitos stolpeskudd.

Det var sjølvsagt tåpeleg av meg, men også eg begynte å få trua på poeng sjølv om det stod ein pensjonist med “Ikkje tenk på det”-genser ved sida av meg.

Tilleggstid

Ved full tid tok ein medsupporter fram mobilen og starta stoppeklokka, slik at vi hadde kontroll på tilleggstida. Som mot Sogndal var det snakk om fire nervøse minutt. Molde pressa, men Brann verka trygge sjølv om vi laga minst eit unødvendig frispark rett utanfor sekstenmeteren. Å gi motstandarane tåpelege dødballar i dei siste avgjerande sekunda, har jo nettopp vore oppskrifta på alle overtidsmåla Brann har fått imot denne sesongen, men Molde klarte ikkje å utnytte sjansen Sportsklubben skjenkte dei.

Med under minuttet igjen var Brann i angrep ved Marengo. Eg senka skuldrene. Det blir poeng! tenkte eg idet nederlenderen sentra til Braaten som serverte Barmen.

– Skyt!

Skuddet gjekk utanfor. Stoppeklokka viste rett under fire minutt. Eg trudde kampen var over, men få sekund etter at naive meg begynte å slappe av, fekk Molde kast langt inne på Brann sin banehalvdel. Kastet blei veksla inn i ein corner, og corner er som kjent mål. I alle fall når Brann skal prøve å trygge inn eit resultat i 2017-sesongen. Fire minutt og femten sekund på overtid såg vi Ruben Gabrielsen rive ned Amin Nouri og stange inn 1-0.

Eg måtte le, snudde meg mot far min og såg at han også lo. Ja, faktisk lo vi heile vegen ut av stadion, ned “Stortgata”, inn på hotellet, der eg brått slengte nøkkelkortet hardt i skrivebordet, sleiva av meg skoa og pressa ansiktet ned i puta for å brøle.

– Det skal faen ikkje vere mulig!

Far min lo framleis.

– Slapp av, sa han. – Vi visste jo at det kom til å skje. Dette kan vi. Ikkje tenk på det.