Gliset til Fredriksen

Om då Brann slo FKH 3-2 og lykkelege eksil-vestlendingar kokte over i Haugesund.

Publisert 03/11/2017 av Berge.

Skål!

– Hey! Prøver du å ta livet av meg, eller?

Fredriksen slo ut med armane og gliste. Eg hadde nettopp smelt korken av flaska med lykkebobler, via taket, og ned i hovudet på han. Cavaen vøringsfossa ut av flaska. Det er noko med å vinne 3-2 på bortebane, spesielt etter å ha tapt fire kampar på rad og lagt under to gonger, som får det til å koke over. Eg helte opp i plastglasa, hoia til Pensjonisten og Lille Trille som dreiv og dansa ein euforisk Brann-dans midt i cavadammen, snudde meg mot Bibliotekaren fra Helvete:

– Elvis kom og dans med meg!

Vestlandet

14 timar tidlegare stod eg på Hokksund stasjon og stirra inn i mørket. Kvifor gidd eg dette? tenkte eg og såg for meg reisevegen til Haugesund: 1,5 time med tog, ventetid på Gardermoen, éin time på flyet, taxi til Stavanger sentrum, ventetid i Stavanger sentrum, to timar på Kystbussen, alt for å sjå Brann ligge kompakt i forsvar i 90 minutt og tape på overtid.

På plass på toget tok eg fram Erlend O. Nødtvedts nye bok Vestlandet. Ein meir passande roman å ha med i sekken på Brann-tur, skal du leite lenge etter. Hovudpersonane Erlend og Yngve reiser rundt på Vestlandet medan dei konsumerer alkohol nærmast intravenøst, leiter etter den vestlandske sjela, og nedkjempar fienden, altså “sentralmakten, embedsmennene, vinkelhjernene, de som vil fjerne alt det viltvoksende, egenrådige, de som vil utjevne hver sving, nedlegge hver ferge, forflate alt”.

Den einaste vesentlege forskjellen på Yngve og Erlend på den eine sida, og oss omreisande Brann-supporterar på den andre, er at vi – brannsupporterane – ikkje leitar etter den vestlandske sjela, men viser den fram. Brann er jo som kjent eit omreisande teater, ja, nærmare bestemt ein musikal: Syngande og skrålande inntar vi by etter by med munter livsførsel av den typen NFF og dei andre embedsmennene i Alvorets sikkerhetstjeneste prøver å utrydde.

Mackkjelleren i Haugesund før FKH-Brann: Av med skoa og klapp!

Milliongevinst på gang?

Inne på Gardermoen møtte eg min gode venn Faste Utgifter som også var på veg til Haugesund via same snirklete reiserute som meg sjølv. Det gjekk nemleg ingen passande fly direkte til Haugesund denne helga. Vi fiksa seter ved sida av kvarandre, og medan eg jekka ein øl og las vidare i Vestlandet, prøvde Faste Utgifter å finne ut av dagens V75-rebus.

– Problemet er å finne ein banker som ikkje er for opplagt, konkluderte han då vi hadde landa på Sola. – Eg er rimeleg trygg på dagens største favoritt, men det blir jo ikkje store pengar av det …

– Eg foreslår at vi går etter dei store pengane, sa eg og sende melding til Fredriksen som allereie var på plass i Haugesund: Vere med å stele heile potten i V75?

Fredriksen svarte som vanleg på blomsterspråk: Briller og bukseseler!

– Fredriksen er med, sa eg. – La oss tømme kassa!

Starbucks

Framme i Stavanger fann vi ingen opne pubar, og måtte nøye oss med Imsdal på Starbucks medan vi heldt fram med å diskuterte mulige bankar-kandidatar til V75-bongen. Det såg håplaust ut, og eg måtte igjen spørre meg kvifor vi gidd å bruke så mykje tid på eit spel vi veit vi kjem til å tape? Er det Vestlandet som framleis heng i oss sjøl om vi har flykta over fjellet til sol og kjærleik? For dette må vel vere noko av det mest karakteristiske med dei ekte vestlendingane: Dei held fram sjølv om dei veit at dei til slutt tapar – i fotball, på trav, mot vêret og sentralmakta.

Ei melding fra Fredriksen avbraut filosoferinga mi: Av 100 møtte bare 90.

Eg knegga, og svarte at vi var på veg: Går til Kystbussen no. Skal fyre i baksete og gjere ferdig kupongen.

1000 kroner på at Brann ikkje får straffe resten av sesongen

Glad gjeng!

Det ville sjølvsagt ha vore fantastisk for dramaturgien til denne historia om vi vann eit par millionar kvar på V75-bongen eg har brukt så mange ord på over, men framme i Haugesund, medan vi sang og skreik oss håse inne på Mackkjelleren, kom den eine nedslåande nyheten etter den andre: 1. valg i første løp, 1. valg i andre, 3. valg i tredje, osv. Premien for sju rette var klar like før kampstart: 756 kroner.

Heldigvis fekk Fredriksen inn fleire andre spel: Då vi hadde kome oss til kampen, kjapt forbi politimennene det gjekk rykte om at dreiv og kikka ned i undikken til folk, samt sett Haugesund score to gonger og Barmen éin, i pausen, sa ein medsupporter til Fredriksen at han vedda 1000 kroner på at Brann ikkje kom til å få straffe resten av sesongen. 20 minutt seinare kvelva Cosic Vega innanfor 16-meteren. Vi ropte på Barmen, banna då vi såg at det var Kaptein Vito som gjekk fram, rabla gal då Wormgoor ordna 2-2.

Like etter klikka bortefeltet igjen. Enkelte feiringar gjer så vondt at du bokstaveleg tala må bruke meir energi på halde deg i live enn å glede deg over målet. 3-2 på Haugesund stadion var ei slik feiring. Bak meg hadde nokon tatt tak i skjerfet mitt og stramma til, og idet eg var i ferd med å bli kvelt gav Fredriksen meg ein klem med så dårleg koordinasjon at hovuda våre klinka mot kvarandre.

– Jeg spilte 500 kroner i pausen på at Brann skulle snu det! Jeg kødder ikke! Over ti i odds! gliste han, medan eg stod og sjangla etter samanstøtet.

Skjelettet ler

Skjelettet ler

Ved bussane utanfor stadion stod ein gjeng i raudt og dansa. Eg heiv meg med, før aust-gjengen marsjerte til hotellet for å sprette flaska med lykkebobler og danse i cava. Det siste eg hugsar frå kvelden er at eg står med eit skjeletthovud i hendene. For dei fleste på discoteket var det nok berre ein tåpeleg Halloween-rekvesitt, men for meg var det noko mykje meir. Skallen minna meg om Vestlandet. På si ferd mellom fjella, har nemleg Erlend og Yngve eit hovudmål: Dei skal skape motbildet til austlandet, “en trassig protest, i Anders Lysnes ånd”. Anders Lysne er i følge boka ein lærdøling som vart halshogd på Sydneshaugen for å ha opponert mot kongen i København. Erlend og Yngve kjører rundt med hovudet hans i bagasjerommet. Skallen til Anders Lysne burde snarast få eit eige banner på Stadion! slo eg fast, der eg stod på dansegolvet i Haugesund omringa av djevlar og vampyrar, og stira inn i augeholene til eit plastskjelett.

Eit tilfreds sukk

Dagen derpå. Det er ikkje vanskeleg å stå opp sjølv om klokka berre er halv åtte, og vi knapt har sove. Tunge i kroppen, men lette til sins svevar vi inn i taxien, inn i flyet, inn på Gardermoen. I rulletrappa på veg ned til flytoget hører eg eit sukk fra Fredriksen på steget framfor meg.

 – Ka é det? Går det bra?

Fredriksen snur seg, og eg ser at det må ha vore eit tilfreds sukk eg hørte, for augene til Fredriksen gløder av glede.

– Fy faen så heldige vi er som kan reise rundt og holde på sånn som dette her! gliser han.