Endelig!

Om felleskap og glede av typen du overraskande får på tv.

Publisert 11/08/2020 av Berge.

Brann slo Molde i Molde! Det er jo forbanna typisk at det skjer det eine året vi ikkje har sjansen til å vere der. Få stader har eg opplevd så mykje frustrasjon som på Aker stadion. Dei tre siste gangane eg har vore der, har vi tapt stort (2018), på overtid av overtid (2017) og etter ein idiotisk straffe laga av Vadim Demidov med under 10 minutt igjen (2016).

Edru og aleine
Gårsdagens kamp såg eg edru og aleine i sofaen. Ikkje noko godt utgangspunkt for ein engasjerande 90-minuttar, men Robert Hauge begynte og avslutta karriera som hovudtrenar med stil. Lite finspel og rikeleg med flaks, vil kanskje enkelte hevde, men eg såg først og fremst heroisk innsats i forsvarsarbeidet og heilhjarta kontringar for første gang sidan våren 2018.

«Feita meita – Jon-Helge Tveita!»
Jon-Helge Tveita var ei viktig brikke i Sarpsborg sitt Europa-eventyr for eit par sesongar sidan, og han er i ferd med å bli like viktig for Brann: Back med sluttprodukt trengst dersom Bamba og Koomson skal halde fram med å bomme på åpent mål. No er det kanskje ikkje så rart at dei bommar. Spesielt Bamba har gjerne både vunne ballen på Brann sin banehalvdel, og tatt ballen med seg over store deler av bana, før han skal avslutte. Sjølv om han er ein dyktig ballvinnar, håpar eg Kåren i større grad lar Bamba konsentrere seg om dei offensive oppgåvene.

Ammepute
Dei siste 25 minutta pressa Molde nesten konstant. Alt låg til rette for minst éi sein Molde-scoring av typen vi kjenner så altfor godt. Eg begynte å vandre i stova medan Forren og Opdal redda Brann igjen og igjen. Då kampen var over, og eg kom til meg sjølv, oppdaga eg at eg hadde stått framfor tv-en siste delen av andreomgang og klemt på ei ammepute. Tv-mediet får mykje tyn her i dagboka, men eg må jo innrømme at berre kampen er spennande nok, kan også fotball på tv sende meg inn i bobla der det einaste som betyr noko i heile verda er det som skjer der ute på bana.

Etter kampen fanga Eurosport også ei vakker filmscene eg neppe hadde fått med meg dersom eg var på stadion: Ein manisk lykkeleg Rune Stoltvedt held hovudet til Robert Hauge i hendene som om han snart skal gi han eit deilig tungekyss, før han klaskar den avtroppande hovudtrenaren rikeleg på kinna med begge nevane.