Den forbanna klubben!

«Eg blir bare mere og mere likegyldig til hele klubben!!!»

Publisert 18/11/2020 av Berge.

Påstanden over burde vere lett gjennkjenneleg for dei fleste Brann-supporterar. Eg trur i alle fall det må vere setninga eg har høyrt oftast på veg ut av Stadion i åra etter seriegullet i 2007. Det morsomme med påstaden, er at personen som seier dette, alltid utstrålar det motsatte. Han eller ho som seier dette, er ikkje likegyldig, men tvert imot jævleg forbanna på måten klubben blir drive på. Den likegyldige supporteren hatar surret til Roald Bruun Hansen, den omstendelege spelstilen og mediehandteringa til Rune Skarsfjord, svadaspråket til Rikard Norling, strilementaliteten til Lars Arne Nilsen og Rune Soltvedt, og at Brann aldri aldri aldri kjem til å bli eit stabilt topplag.

Avstand

Då eg opna Branndagboka igjen i juni, var det for å finne ut om tv-fotball har ein verdi. Kva er poenget med å støtte ein klubb fra sofaen?

Prinsipielt hatar eg tv-fotball, men eg har måtte innrømme at det er mulig å bli engasjert også av ein tv-kamp. Utover i sesongen har avstaden til Bergen, Stadion, folka på puben og tribunen, likevel gjort meg stadig meir likegyldig til Brann. Og då meiner eg likegyldig. Det kan gå fleire dagar utan at eg sjekkar om BT og BA har nye Brann-saker. Eg hoppar over episodar av Heia Brann!, Ballspark og Fotballpreik. Eg går ikkje og ventar på neste kamp. Eg gløymer stadig når neste kamp er, og kven vi skal spele mot. Eg snakkar knapt med nokon som bryr seg om Brann. Den einaste koblinga mi til klubben er Brann-chattane på Messenger, og Elvis som sender melding for å kjefte på meg fordi eg ikkje skriv noko her på Branndagboka.

Oslo Bolig- og Sparelags liga

Faren for at Brann speler i 1. divisjon når vi endeleg kan gå på Stadion igjen, burde skremme meg ut av likegyldigheita. Men dersom vi nokon gong blir kvitt virushelvetet, og igjen kan reise rundt og spreie felleskap og glede til det norske folk, har eg ingenting imot å møte Fredrikstad og Ham-Kam borte. Det einaste som skremmer meg litt, er tanken på at vi ikkje skal komme oss opp igjen. Kva om det raknar fullstendig for Sportsklubben Brann?

Berre taparar vil vinne for ein kvar pris

Det vil i så fall skje på usselt vis. Brann har vore kjent for å vere ein hyggeleg klubb. Spelarar har fått reise heim fordi konene deira ikkje toler regn, og sjuke eller avskilta Brann-gutar har fått jobb i klubben. No skal vi derimot ta gull for ein kvar pris. På kort tid har den vandrande Rosenborg-logoen Kåre Ingebrigtsen kvitta seg med, eller prøvd å kvitte seg med, trufaste slitarar som Robert Hauge, Taijo Teniste, Bismar Acosta og Gilli Rólantsson uten å bry seg om korleis det skjer.

Og kva er resultatet av kynismen? Ikkje noko anna enn at Brann rasar vidare nedover på tabellen, medan eg står i sofaen i sluttminutta av kvar kamp og brøler at eg berre blir meir og meir likegyldig til heile forbanna klubben!