Brann utan dekning

Det har vore like stille fra meg som fra Brann-administrasjonen etter 1-2-tapet mot Engen laurdag kveld. Det beklagar eg.

Publisert 05/08/2020 av Berge.

Dessverre kan eg verken skulde på at eg har forhandla viktige sluttavtalar, eller at alt saman vart for emosjonelt for meg. Etter endeleg å ha komme meg på Stadion mot Kristiansund, reiste eg rett på ei hytte utan mobildekning. Eg prøvde å følgje Godset-kampen på NRKs 4-4-2, men der masa dei berre om ein eller annan fugl som hadde forvilla seg inn på Marienlyst medan baklengsmåla rann inn.

Men eg rakk heim til det viktigaste: Endelause timar med Huseklepp, Doddo og Bøyum utanfor Stadion. Eg må innrømme at eg frykta kva som kom til å skje då Lars Arne Nilsen vart sittande i bilen og summe seg, før han endeleg kom ut til journalistgjengen. Heldigvis gliste han, og etter det har heile avskjeden med LAN berre vore ei fin greie. Avskjedstalen såg eg på mobilen utanfor barnehagen, og eg måtte verkeleg ta meg saman for ikkje å felle ei tåre. Avskjeden kom sjølvsagt ikkje ein dag for tidleg, men at det skulle gå så fint for seg, hadde eg ikkje sett for meg.

To store høgdepunkt står igjen i minnet etter fem år med LAN: Snuoperasjonen i Sogndal i 2017 og den heilt usannsynleg gode kampen mot Rosenborg på Lerkendal i 2018. Begge desse kampane utløyste to av dei kjekkaste kveldane i livet mitt, og fortel mykje om kva Brann-livet handlar om. Å tenke på korleis vi herja rundt i Sogndal og Trondheim, rusa på Brann-prestasjonen vi nettopp hadde sett, gjer meg djupt nedtrykt over at vi også resten av denne sesongen mest sannsynleg må sjå på Brann på TV.