Tilbake til kvardagen

«Tilbake til kvardagen» høres kanskje negativt ut, men ikkje når det er snakk om Brann under Lars Arne Nilsen. For Brann under Lars Arne Nilsen er kvardagen ein fest. Ja, for Brann under Lars Arne Nilsen er motgang uvanleg, og å vinne på heilt greie dagar det normale.

Publisert 14/08/2017 av Berge.

Det går fort å venne seg til medgang. Sjølv om Brann etter opprykket har tatt nest flest poeng i serien, scorar mykje og slepp inn historisk få mål, skulle det ikkje meir til enn ein elendig sommar før både Rune Soltvedt og Lars Arne Nilsen sine stillingar var oppe til diskusjon på Bataljonen sitt forum. Igjen var Stadion halvfull, Store Stå glissent.

Tung togtur

Togturen over fjellet var uvanleg kjedeleg. Vanlegvis – sjølv når eg reiser aleine – er det alltid nokon å snakke med: Dei ser Brann-drakta og set seg ned ved bordet i menyvogna for å fortelle meg kor elendig dei synes Eliteserien er. Eg følgjer opp med å forklare at eg ikkje reiser på Brann-kampar for å sjå fotball av Champions League-kvalitet, men for å feire livet med kompisar eg aldri ville hatt dersom eg ikkje var brannsupporter, samt skrike ut litt weltschmerz, og ikkje minst: Synge i eit kor der ingen bryr seg om at eg ikkje kan synge.

På veg til Brann – Odd 13. august 2017 sat eg derimot mutt i menyvogna omringa av turistar som neppe hadde hørt om Sportsklubben Brann. Framleis nedtrykt etter skandalen i Mjøndalen, frykta eg at Odd-kampen kom til å bli ein kopi av togturen: Lang, tung og kjedeleg.

Ka faen é Premier League?!

Store Stå.

Framme i Bergen gjekk timane fram mot kampstart etter den vanlege rutinen: Ein tur innom fotballpuben, gratisbuss til Stadion og ein kjapp pils på Bakrommet kontorpub. Verken Fotikken, bussen eller Bakrommet var smekkfull, så då vi rusla inn på Stadion utan altfor store forventningar visste vi kva som venta oss: Bluss og sang for tomme seter.

Vi som aldri sviktar Brann burde sjølvsagt ikkje bruke energi på dei som sit heime og kosar seg med United, men det er enkelt og greit kjekkare når heile Bergen er med og Store stå er så smekkfull og syng så høgt at du ikkje hører di eiga stemme sjølv om du gaular alt du kan.

Gi meg en B!

Gilli på gang.

Brann spelte neppe ein kamp som overtalar PL-fansen til å gå på Stadion – tida for trygg balltrilling mellom Sivert Heltne Nilsen og forsvaret er for eksempel ikkje forbi. Men ka bryr du oss med … Etter ein halvtime med lavt tempo og få sjansar, kleiste Gilli Rólantsson inn 1-0. Dei neste sekunda forsvann eg inn i ustyrleg glede, og då eg kom til meg sjølv hang eg med beina rundt medsupporteren framfor meg på ein måte eg innsåg neppe såg heilt heldig ut på tv.

Å, Gilli, Gilli! Gilli, Gilli, Gilli Rólantsson! 

Håpet var tent. Bergen by é nydelig runga og heile Hansasvingen gav alt på «Gi meg ein B!»-ropa. Svein Oddvar Moen fekk servert «Kor é Kjensli hen, NFF?», og då Odds var på veg inn i kampen i andre omgang fiksa Barmen Ramos Army 2-0 på kontrollert vis. Spelaren som alltid plasserer seg rett i boksen og som ein tidlegare Brann-trenar brukte ein halv sesong på å gjere til spiss, scorar endeleg på fast basis. Vi kunne synge Nystemten for andre gang, og eg hadde fått det eg hadde kome for: Kameratskap, sang og nokre deilige sekund i ekstase.

Kommentar? Kommenter: