icon

Branndagboka

Sivilstatus: Brannsupporter

Emne: LAN

Brann-Godset 3-0

Publisert 08/04/2017 av Berge.

Monsteredderkoppsesongen er i gang.

Torsdag morgon stod eg på Drammen stasjon og trippa nervøst. Det var ikkje berre den kommande kampen mot Godset som uroa meg. Onsdag kveld hadde eg fått ein SMS frå kona til reisekameraten min Elvis: «Elvis kan dessverre ikkje reise til Bergen i morgon. Monsteredderkoppsesongen har begynt, og han er monsterederkoppfangaren i huset. Beklagar.» Irritert kasta eg frå meg telefonen før eg forstod at det var snakk om ein spøk. I løpet av natta begynte likevel tvilen å melde seg: Kva om eg verkeleg måtte ta toget sju timar til Bergen aleine fordi Elvis skulle redde prinsessa si frå monstereddarkoppar?

Tusen onde Fagermoar

Fem minutt før toget skulle gå, stod eg framleis på Drammen stasjon uten å vite om Elvis kom til å dukke opp, og idet toget kjørte inn på stasjonen kom eg på at Elvis hadde billettane. Tusen onde Fagermoar reiv i sjela mi, før eg brått fekk auge på ein pesande medsupporter strene inn på perrongen.

– Du skal til Bergen, likevel?

– Klart eg skal!

– Monsteredderkoppane, då?

– Haha, gjekk du på den?!

– Eh, nei.

Røyktifo før kampen.

Meir enn arbeidsmaur

Dei neste ti timane tenkte eg ikkje meir på monsteredderkoppane, men idet dommaren blåste i gang første omgang mellom Brann og Godset såg eg eit voldsomt kryp ta form i ramma Lars Arne Nilsen har snakka om sidan sommaren 2015. I sølvsesongen 2016 var Brann ein vegg – defensivt solide, men uten for mange eigne angrep. Den mest passande innsektsmetaforen var arbeidsmaur.

Mot Godset framstod Sportsklubben derimot som éin stor kropp med tjueto bein, eit ekkelt kryp med fart og kraft som sprett rundt på stovegolvet ditt, umuleg å fange. Idet du trur du har klart å jage beistet ut verandadøra, snur det og pilar mot deg, mellom beina dine, fram og tilbake, til du er så svimmel at du scorar sjølvmål.

Pressa fram mål

Det høge presset Brann viste mot Strømsgodset – og i deler av kampen mot Tromsø – gjer det mindre nødvendig å ha den eine toppscoraren som lagar 20 mål i sesongen. Ja, held Brann fram med å tette igjen like høgt i bana, må det nødvendigvis kome mange mål – og sjølvmål. Etter 72 minutt sette Vilsvik ballen i eige mål, fordi Brann pressa han til å gjere det. Både før sjølvmålet og før 1-0-målet til Barmen, storma tidlegare scoringsvaksinerte Brann-spelarar  inn i boksen og tvinga drammensarane til å gjere feil. Brann speler kanskje ikkje vakkert, men det viktige er at det er skremmande å møte eit kryp som aldri gir seg, som smett unna når du går til angrep, og som når som helst kan angripe deg. Eg veit kva eg snakkar om: Då eg kom tuslande heim frå nattoget fredag morgon stod ein inntrengar med korte bein og brun, mandelforma kropp i entréen og stira truande på meg.

23. mars

Publisert 16/03/2017 av Berge.

Brann speler treningskampar for tida, men det er ikkje tap mot Vikng og uavgjort mot Arendal og Haugesund som uroar meg. Treningskampar er treningskampar, spesielt når laget ikkje er toppa. Verre er det at vi dei siste vekene har sett glimt av Nilsen sin indre Skarsfjord. Møter Brann langvarig motgang kan det bli stygt. LAN […]

Brann speler treningskampar for tida, men det er ikkje tap mot Vikng og uavgjort mot Arendal og Haugesund som uroar meg. Treningskampar er treningskampar, spesielt når laget ikkje er toppa.

Verre er det at vi dei siste vekene har sett glimt av Nilsen sin indre Skarsfjord. Møter Brann langvarig motgang kan det bli stygt. LAN har vist at han er ein fin fyr. Under sølvfeiringa i haust la han for eksempel armen rundt Mads Bøyum, etter å ha vore rimeleg irritert på same BT-journalist dagen før. Kanskje er det ikkje meir enn eit lite sinnemestringskurs som skal til? Tell til ti, mann!

Det er også noko anna som uroar meg før seriestart: Frå 8. august til 18. september 2016 vann ikkje Brann éin kamp. Likevel mista vi ikkje kontakten med medaljane, fordi dei andre “topplaga” var like dårlege. Såpass mykje flaks har vi vel neppe to år på rad?