icon

Branndagboka

Sivilstatus: Brannsupporter

Emne: Gilli

LSK – Brann 0-2

Publisert 24/04/2017 av Berge.

Det satt fem kanarifugler i et tre …

Vi hadde ikkje vore lenge på puben på Lillestrøm før stemninga var så god at vektarane tilkalla politiet. Drinkglas var blitt knust, ei blomsterpotte kvelva. Eg tenkte at ordensmakta var ute etter dei som øydela ting, men nei, det var sangane våre dei ville ha ein slutt på. Vi hadde erobra uteområdet med «Eirik Bakke, kjør over pakket, ditt ville dyr!» og «Her kommer Bergen igjen …», men dei er ikkje vant til god stemning på Lillestrøm. På søndagar skal det vere stille i fjøset.

Det satt fire kanarifugler i et tre …

Vi dansa inn og fortsette oppladninga. Viking scora mot Odd, og vi sang «Kor é gliset no, Fagermo?». Åsane slo Ulf 4-0, og vi sang «Se Mons Ivar, trener som en konge …». Sidemannen min prøvde seg også med «Eg ville heller vært Osama enn Tom Lund» på melodien til «Du skal få min gamle sykel når eg dør».

Arne Erlandsen sine utspelte tøffingar.

Og eg må berre få sagt det: Gu’ så herleg det er å berre kunne gaule på med den stemma du har, saman med hundre andre som også berre gaular på med den stemma dei har.

Det satt tre kanarifugler i et tre …

Mellom sangøktene snakka vi oss varme om alle dei geniale grepa til strilane på Stadion. Ja, så varme i trøya blei vi at vi nesten begynte å tru at det kunne vere muleg å slå LSK, sjølv om Arne Erlandsen trenar dei igjen, og vi alltid tapar mot Erlandsen sin knokkelfotball.

Det satt to kanarifugler i et tre …

Lady In Red: Vi har Erna Solberg!

Utanfor Åråsen blei vi igjen stoppa av politiet. Denne gongen fordi «det skulle komme noen». Vi forstod straks kven «noen» måtte vere, og begynte å gaule «Erna Solberg, hon gjør så godt som hon kan … Erna Solberg é en hedersmann!». Like etter parkerte politieskorten framfor Åråsen, og ut av den svarte bilen i midten steig den raude statsministeren som straks fekk servert «Vi har Erna Solberg / Ja, vi har Erna Solberg / Vi har Erna Solberg / Vi é Brann!».

Det er liten tvil om at Brann har eit godt grep på den politiske eliten. I køen inn på stadion helste vi på Audun Lysbakken, og observerte fleire andre stortingsrepresentantar med Brann-skjerf.

Det satt én kanarifugl i et tre …

Lillestrøm starta best, men det blei raskt klart at Piotr framleis var forbanna etter fair play-målet i 2012. Han skulle halde nullen. Daniel Braaten vart inspirert: Slåst, dribla og sprang frå 10 år yngre LSK-spelarar. Og vi visste det jo: Ein vakker dag ville Daniel Omoya Braaten score for Sportsklubben Brann, og dette var allereie ein vakker dag.

Braatens første Brann-mål: Lang ball fra Wormgoor, nydeleg stuss av Børven til mannen med landets mest kjente av-og-på-knapp. Bortefeltet rabla gal, og Bergen bør ha pådratt seg kronisk Braaten-feber.

Udsigt fra bortefeltet.

Og SK Brann fra Bergen skjøt di ned

Vi var knapt ferdige med å hylle Braaten då same mann serverte Gilli Rólantsson som hælflikka inn eit 2-0-mål av den typen vi umiddelbart visste at vi måtte heim og sjå igjen og igjen og igjen på YouTube. Krykker blei kasta. Vi klemte og svaia. Nokre rader nedanfor kasta folk skjortene.

– Vi er jo totalt overlegne, jubla E. ved sida av meg. – Så det er altså slik det føles å vere rosenborgsupporter …

Uovervinnelege sang vi oss ut av Åråsen – «Erna rykker ned i år, hurra, hurra!» – og då vi passerte puben på veg til toget, låg det fem kanarifuglar med beina i vêret under treet ved puben.