icon

Branndagboka

Sivilstatus: Brannsupporter

Emne: fotballpub

Kristiansund-Brann 1-0

Publisert 11/04/2017 av Berge.

Alt vi tok i blei til isopor.

Vakna til brannalarm på hotellet i Ålesund og planta beina i eit par våte sko. Brannalarm og våte sko, det må jo vere eit bra teikn, tenkte eg og tusla mot nødutgangen.

Falsk alarm, men alle som kan sin Brannmann Sam veit at ekte brannmenn sjekkar grundig uansett.

Kvelden før hadde vi trava rundt i søkkvåte sunnmørsgater og gaula refrenget til Hjerteslag-klassikaren Kong Oscars Gate: É det bare meg / Eller snurrer denne gaten / For alt eg tar i blir til isopor.

Vi følte oss nesten som heime. Dette kunne ikkje gå gale.

Road trip

Brygga i regnet.

Brannalarmen var falsk. Det tok vi som eit godt teikn. Vi hoppa i bilen og retta snuten mot tre poeng med Knutsen og Ludvigsen på «anlegget» i Priusen: Så reiste vi til Kristiansund, helt uten grunn, til Kristiansund. Vi burde kanskje ha tatt hintet idet vi gaula desse tekstlinjene, men det gjorde vi ikkje. Tvert imot. Og då vi fekk køyre rett inn på ferja over til Molde, tok vi det som eit veldig godt signal om korleis denne kampdagen kom til å ende. Vi var i flytsona.

Alvorsprat om Nigeria

Framme i Kristiansund oppdaga vi at hotellet låg 10 meter fra puben vi skulle samlast på. Det tok vi som eit godt teikn. Dette må gå veien, tenkte vi, og då bror min og eg slo eit par kristiansundsupporterar i shuffleboard, var vi heilt sikre.

Kristiansund er forresten ein av få klubbar i Norge som har ein ekte pub på stadion, ikkje Dolly eller Peppes der du kan få kjøpt øl, men ein ekte pub med utsikt over bana. Det tok vi absolutt som eit godt teikn. Hyggelege var dei òg, KBK-supporterane. Det er ikkje grenser for kor mange interessante menneske du kan møte som omreisande brannsupporter. På torsdag møtte vi for eksempel eit av Jehova sine vitner som sat på bar og drakk i smug, og i går snakka vi lenge med ein kar som jobbar med å lære opp lokale arbeidarar for eit stort norsk oljefirma i Nigeria. Han kunne blant anna fortelje at kleda nordmenn sender til fattige i Nigeria, ofte ender opp som tørkefiller i oljeindustrien. Dei lokale makthavarane tener altså pengar på å selge kleda, og oljeselskapa lukkar auga og kjøper.

Denne historia tok vi som eit teikn på at kapitalismen er ein forskrudd ideologi som snarast må erstattast av eit betre alternativ.

Optimisme ved innmarsj. Alle teikn tyder på at vi kjem til å vinne.

Brann starta der dei slapp

Sportsklubben såg ut til å starte der dei slapp mot Godset: Dei framsto som kompakte og angrepsvillige. Mista Brann ballen, tok det ikkje mange sekund før ramma var etablert og Kristiansund-kontringa stoppa. Vi nikka annerkjennande. For ein sesong dette kan bli! Spesielt tok vi det som eit godt teikn at Gilli var like god og ivrig som mot Godset. For ei solid signering!

Fortapt gjeng på veg heim fra kamp.

Først mot slutten av første omgang begynte den gode dagen å smuldre opp. Få av dei som syng høgast på Stadion hadde tatt turen til Kristiansund, så stemninga på bortefeltet blei etterkvart laber. Ute på bana begynte laget å irritere seg over at det gode spelet ikkje førte til mål. Spesielt sonen til faren vart etterkvart meir opptatt av å snakke med dommaren enn å slå presise passningar.

Slitne spelarar og svimle supporterar

Brannspelarane verka rett og slett slitne i topplokket, og då gjer ein gjerne slik som Acosta gjorde etter 71 minutt: Kastar ein fyr i bakken inne i straffefeltet. KBK scora på straffa. Byger med hagl og kuling slo inn over stadion, og dei våte skoa våre kjendes meir og meir ut som istappar. Ved sida av meg hørte eg bror min mumlesynge nokre halvkjente tekstlinjer:

– É det bare meg, eller snurrer hele stadion? Alt vi tar i blir til ingenting.