icon

Branndagboka

Sivilstatus: Brannsupporter

Emne: Daniel Braaten

Sogndal – Brann 2-3

Publisert 22/05/2017 av Berge.

Plutseleg rabla det for meg.

Road trip 40 mil til Sogndalsfjøra med Fredriksen, Elvis og bror min.

– Jævla NFF!

Fredriksen fresa ved sida av meg, og «Vi vil ha Edvardsen tilbake!» runga fra bortefeltet på Fosshaugane. Framfor oss fekk Sogndal-spelarane lov til å klore, lugge og rive Jakob Orlov ned i plastmatta utan at mannen i svart reagerte. Brann var – med god hjelp fra dommaren – i ferd med å tape 2-0 i saftbygda. Sportsklubben stanga og stanga mot det kompakte Sogndal-forsvaret, men det er ikkje så forbanna lett å score når ein midtstoppar hoppar på deg som ein selskapssjuk hund kvar gong du skal skyte. Berre spør Jakob Orlov.

Tru

Før kampen hadde eg sett for meg at vi kom til å tape fordi Sogndal som vanleg ville peise på med ein intensitet dei berre klarar å mobilisere når Brann kjem på besøk. Eg hadde også tenkt at Brann-spelarane ville vere utlada etter festkampane mot Molde og Sandefjord, og eg hadde sett for meg at Henrik Furebotn tilfedigvis ville kome forbi idet Acosta knipsa vekk ein mygg frå skuldera si, slik at vi måtte spele med ti mann nesten heile kampen.

Men Sogndal peiste ikkje på, Brann-spelarane var ikkje slitne, og Acosta klarte å halde fingrane unna Henrik Furebotn. Då Barmen Army dempa ballen, vende vekk mannene og blåste ‘an ned i venstrehjørnet, kom trua på poeng. Pedersen kasta krykkene, vi klemte og hoppa. I nettet framfor oss hang Bergens Glade Gutter.

God kok.

Håp

Dommaren heldt fram med å dømme fordel Sogndal i alle tvilsame situasjonar. Minst éin soleklar corner enda med utspel fra keeper, og fleire Brann-spelarar enn Orlov blei trakaserte framfor augene våre utan at det fekk konsekvensar for saftlaget. Trua på 2-2 var likevel sterkare enn frykta for 3-1. Du kunne høre det på synginga vår. Vi sang «Byen é Bergen» med gladare og gladare stemmer, og «Gullet ska hem!» med større og større overtyding. Men så plutseleg tok Barmen seg til venstrebeinet og snurpa ansiktet saman i smerte. E. starta straks å ramse opp alle potensielle indreløparar på benken:

– Peter Orry Larsen … ehh … ehh … Faen!

Sorry Orry, men etter Rosenborg-kampen mista vi trua på deg. Då Barmen halta ut, frykta vi derfor at Sogndal hadde fått eit rom dei kunne angripe i. I ettertid er det lett å sjå at vi ikkje hadde noko å frykte: Sjølvsagt kom Peter Orry Larsen, mannen som kom til Brann etter å ha hatt ein gentlemen’s agreement med Eirik Bakke, til å score på Fosshaugane.

82. minutt: Corner fra Haugen hardt inn mot første stolpe og innbyttar Larsen. Medan Brann-spelarane feira 2-2, stirra vi på dommaren som stod med ei hand mot øyret og snakka med nokon.

Fredriksen kneip meg hardt i armen.

– Nå ringer han NFF eller Yngve Hallén for å høre om han kan godkjenne målet, mumla han. – Han kommer til å anulere … Helt sikker! Helt sikker!

Heldigvis tok verken NFF eller Hallén telefonen. Mannen i svart gløtta opp på bortefeltet. Vi flekka tenner, og han våga ikkje å gjere anna enn å godkjenne målet. Bergens Glade Gutter ikkje berre hang, men ramla inn i nettet framfor oss, og øverst på tribunen greip bror min og eg tak i ein framand som nok hadde tenkt at det var trygt å stå der oppe under taket, klemde han slik vi hadde sett Sogndal-spelarane klemme Jakob Orlov.

Og rabling

Bortefeltet kokte, og då Brann minuttet etter 2-2 igjen var i angrep, fann eg ut at det kunne vere greitt å dokumentere stemninga. På mobilskjermen såg eg Nilsen sentre til Haugen utanfor 16-meteren, såg eg Fredrik Haugen klinke til:

«Vi klipper ikkje gress, vi går på kamp»

Kampen var over, men vi ville ikkje gå fra stadion. Eg var i eit manisk modus eg knapt kan hugse å ha vore i sidan 2007: 120 i puls, skjelvande hender og eit glis rundt kjeften sjølv ikkje Dag-Eilev nokon gong vil kunne konkurrere med. Medan dei andre som heller ikkje ville gå fra stadion stilte seg opp bak tv-teamet til Eurosport, sat eg meg ned og fryda meg over synet av 100 oppkjørte medsupporterar som gaula «Tjukk og feit og full og seriegull!» og hylla Reka med «Kjetil Rekdal é en av oss / Han hater Engen / Han liker å slåss!».

Nettet mellom bortesupporterane og bana måtte gi tapt etter 2-2-feiringa.

Vi var framleis like høge på Sportsklubben Brann då vi gjekk nedover mot sentrum, sang «Vi klipper ikkje gress, vi går på kamp» til sogningen som hadde funne fram plenklipparen, og «Viss du elskar, elskar Brann så hopp» til barna med Sogndal-drakt som hoppa på trampoline i vegkanten. Ja, så lykkelege var vi at vi ikkje nølte med å betale 200 kroner for å høyre Olav Stedje på Lægreidspuben. Plutseleg stod vi og sang med på lighterbaladen «Vi vandrar saman» og dansa indianardans til «Stao nao pao», og like plutseleg begynte fleire med raud drakt å vifte med mobilane sine.

– Sjekk her, då!

– Steike!

– Herlig!

På skjermen til bror min såg eg Daniel Braaten danse med brannsupporterane på ferja.

Eit kort sekund var eg nedtrykt fordi eg ikkje fekk vere med på ferjefesten, men så fyrte Olav i gang «Nystemten», og ikkje berre vi i raudt, men også sogningane reiste seg og sang med.

Bord eg vil tilbake

Søndag vakna eg på bordet på hotelrommet. I dobbeltsenga låg reisekameratane mine Elvis og Fredriksen. Elvis snorka, Fredriksen såg på videoen fra ferja igjen og igjen og igjen. Eg sette meg opp og glisa.

– God morgen, Fredriksen! Eg hadde ein fantastisk drøm. Vi låg under 2-0 på Fosshaugane, og så snudde vi det. Rett før eg vakna låg vi eitt poeng bak Rosenborg to år etter at vi var 9. plass i OBOS.

Les også:

LSK – Brann 0-2

Publisert 24/04/2017 av Berge.

Det satt fem kanarifugler i et tre …

Vi hadde ikkje vore lenge på puben på Lillestrøm før stemninga var så god at vektarane tilkalla politiet. Drinkglas var blitt knust, ei blomsterpotte kvelva. Eg tenkte at ordensmakta var ute etter dei som øydela ting, men nei, det var sangane våre dei ville ha ein slutt på. Vi hadde erobra uteområdet med «Eirik Bakke, kjør over pakket, ditt ville dyr!» og «Her kommer Bergen igjen …», men dei er ikkje vant til god stemning på Lillestrøm. På søndagar skal det vere stille i fjøset.

Det satt fire kanarifugler i et tre …

Vi dansa inn og fortsette oppladninga. Viking scora mot Odd, og vi sang «Kor é gliset no, Fagermo?». Åsane slo Ulf 4-0, og vi sang «Se Mons Ivar, trener som en konge …». Sidemannen min prøvde seg også med «Eg ville heller vært Osama enn Tom Lund» på melodien til «Du skal få min gamle sykel når eg dør».

Arne Erlandsen sine utspelte tøffingar.

Og eg må berre få sagt det: Gu’ så herleg det er å berre kunne gaule på med den stemma du har, saman med hundre andre som også berre gaular på med den stemma dei har.

Det satt tre kanarifugler i et tre …

Mellom sangøktene snakka vi oss varme om alle dei geniale grepa til strilane på Stadion. Ja, så varme i trøya blei vi at vi nesten begynte å tru at det kunne vere muleg å slå LSK, sjølv om Arne Erlandsen trenar dei igjen, og vi alltid tapar mot Erlandsen sin knokkelfotball.

Det satt to kanarifugler i et tre …

Lady In Red: Vi har Erna Solberg!

Utanfor Åråsen blei vi igjen stoppa av politiet. Denne gongen fordi «det skulle komme noen». Vi forstod straks kven «noen» måtte vere, og begynte å gaule «Erna Solberg, hon gjør så godt som hon kan … Erna Solberg é en hedersmann!». Like etter parkerte politieskorten framfor Åråsen, og ut av den svarte bilen i midten steig den raude statsministeren som straks fekk servert «Vi har Erna Solberg / Ja, vi har Erna Solberg / Vi har Erna Solberg / Vi é Brann!».

Det er liten tvil om at Brann har eit godt grep på den politiske eliten. I køen inn på stadion helste vi på Audun Lysbakken, og observerte fleire andre stortingsrepresentantar med Brann-skjerf.

Det satt én kanarifugl i et tre …

Lillestrøm starta best, men det blei raskt klart at Piotr framleis var forbanna etter fair play-målet i 2012. Han skulle halde nullen. Daniel Braaten vart inspirert: Slåst, dribla og sprang frå 10 år yngre LSK-spelarar. Og vi visste det jo: Ein vakker dag ville Daniel Omoya Braaten score for Sportsklubben Brann, og dette var allereie ein vakker dag.

Braatens første Brann-mål: Lang ball fra Wormgoor, nydeleg stuss av Børven til mannen med landets mest kjente av-og-på-knapp. Bortefeltet rabla gal, og Bergen bør ha pådratt seg kronisk Braaten-feber.

Udsigt fra bortefeltet.

Og SK Brann fra Bergen skjøt di ned

Vi var knapt ferdige med å hylle Braaten då same mann serverte Gilli Rólantsson som hælflikka inn eit 2-0-mål av den typen vi umiddelbart visste at vi måtte heim og sjå igjen og igjen og igjen på YouTube. Krykker blei kasta. Vi klemte og svaia. Nokre rader nedanfor kasta folk skjortene.

– Vi er jo totalt overlegne, jubla E. ved sida av meg. – Så det er altså slik det føles å vere rosenborgsupporter …

Uovervinnelege sang vi oss ut av Åråsen – «Erna rykker ned i år, hurra, hurra!» – og då vi passerte puben på veg til toget, låg det fem kanarifuglar med beina i vêret under treet ved puben.