Stabæk – Brann 2-0

Livet er et annet sted.

Publisert 10/07/2017 av Berge.

Det er ikkje å stå i gjørma i Mjøndalen og sjå Brann rykke ned som får meg til å tvile på Brann-livet mitt. Det er å komme til Nadderud. Middelmådigheit, ikkje nederlag, er lidenskapens verste fiende. Vanlegvis gjer eit 2-0-tap vondt. Vi har gjerne kjørt oss kraftig opp, gitt alt på tribunen, og så sviktar Sportsklubben. Då eg virra rundt utanfor løpebana til Stabæk på jakt etter ein taxi som kunne ta meg raskast mulig bort fra Bærum, var eg berre tom.

Vi merka det allereie då vi kom til Bekkestuen og sette oss ned ved eit bord på Onkel Blaa. Feile fargar overalt, Ringnes i glasa. Vi snakka om døden og kor få av dei mest høglydte supporterane som hadde tatt turen over fjellet. Ein lokal rabagast prøvde å yppe til bråk då vi sang «Byen é Bergen!»: Skubba BBØ-presidenten over bordet slik at ølen vår kvelva og marinerte P. i Ringnes. Dessverre for bråkmakaren er P. ein sindig type som berre himla augene og skifta til tørr skjorte.

Mykje folk, men lite stemning på Onkel Blaa før kampen. Då vi prøvde å synge litt, fekk vi beskjed om å halde kjeft.

– Det eneste som teller i livet er skipsfartshistorie!

Høgdepunktet før kampen var nok likevel ein eldre mann på bussen som lurte på kvifor vi var kledd ut som klovnar i raudt:

– Er det sånn derre fotballkamp? Jeg hater fotball! Og all annen sport for den del. Det eneste som teller i livet er skipsfartshistorie! Hvem var det dere sa dere heia på? Brann? Er dere fra Østfold? Bergen, ja, vel. Dere har jo en stolt skipsfartshistorie. Jeg spiser alltid biff på Børsen når jeg er i Bergen. Beste Biffen! Béarnaise!

Elendig kamp på elendig «stadion»

Mykje folk, men slapp stemning på bortefeltet.

Heldigvis er dette ein supporterblogg, så eg slepp å skrive noko om Lars Arne Nilsen sine altfor seine bytter, om balltapa til sonen på midten, om Orry som måkar ballen over mål aleine med keeper, om slapt forsvarsspel og Skålevik som flaksar rundt uten å få til noko som helst. Dessverre leverte vi ikkje på tribunen heller. Vi var mange, men dei som syng høgast på Stadion må ha tatt ferie eller allereie reist til Budapest for å lade opp til kampen mot Ruzemberok på torsdag. Vi prøvde å samle oss, synge dei mest kjende sangane slik at alle kunne henge seg på, men det tok aldri fyr. Nadderud tømmer deg liksom for energi idet du rullar inn gjennom telleapparatet.

Det er vel forresten det mest positive eg kan seie om Nadderud: Dei har eit godt, gammaldags telleapparat.

«Få se på krykkene!»

Pedersen viftar med krykkene.

Til slutt hadde vi berre eit lite håp igjen. Brann har aldri tapt så lenge vår gode venn Pedersen har måtte gå med krykker på kamp. Då 2-0 var eit faktum, sette vi straks i gang «Få se på krykkene! Få se på krykkene!» Overraskande mange heiv seg på den absurde sangen og Pedersen vifta med krykkene, men Nadderud er ikkje akkurat kjend for magi. Ja, hadde eit utanomjordisk forskningsteam sveva over Nadderud søndag 9. juli 2017 ville dei truleg rapportert heim at her var det null teikn til liv.