RBK – Brann 2-1

Et kort sekund, en liten stund, var det vidunderlig å leve.

Publisert 08/05/2017 av Berge.

Jan Eggum er neppe den mest spelte bergensartisten for tida, men få skildrar (ufrivillig) livet som brannsupporter betre enn han. Etter 2-1-tapet mot «Hele Norges Rosenborg» er det kanskje mest naturleg å tenke på Mor, jeg vil tilbake, men det var ein annan sang vi trøsta oss med der vi gjekk triste og frustrerte ut av Lerkendal: Et kort sekund, en liten stund, var det vidunderlig å leve.

Vi prøvde.

Takk Gilli!

Den vesle stunda det var snakk om, var minutta etter at Gilli Rólantsson mot slutten av kampen hadde knust til frå 20-30 meter. Før dette hadde vi sett Piotr servere Helland 1-0 etter berre åtte minutt. Vi hadde også sett Acosta smelle ballen over Rosenborg-målet frå éin meter, etter eit nydeleg slått frispark av Haugen, samt jubla utan grunn då Vito Wormgoor heada ballen i mål, og vi, i vår naive glede, ikkje fekk med oss at linjedommaren markerte ein svært tvilsam offside.

Rosenborg hadde flest sjansar, men Brann var på ingen måte så utspelte som vi hadde frykta at dei kom til å bli. Vi følte med andre ord at 1-1-målet var svært fortent. Ikkje minst med tanke på at vi hadde reist frå sol og 20 gradar i Bergen, til eit grått og iskaldt Trondheim for å høyre Kjernen lalle i 95 minutt.

NM-gull i lalling

For det er jo berre å innrømme det: Rosenborg har landets beste supporterar dersom du liker trøkk og tre sangar per omgang, altså 15 minutt med samanhengande indentitetslaus «shalalala», «olé, olé, olé« eller «Her kommer Pippi Langstrømpe». Hadde dei ikkje spelt Et bilde tå’n Ivers før kampen, ville det ha vore totalt umuleg å vite kva lag Brann spelte mot.

Tredokka i trappa på Lille London hatar NFF.

Verdas største gruppeklem

Tilbake til Gilli-målet: Eg hadde lært av annulleringa, kikka på linjemannen. Flagget var nede, og idet Gilli, Gilli, Gilli stupte framover i vill glede, smalt bortefeltet saman i verdas største gruppeklem. Eg fekk ein albue i det eine kinnet og eit kyss på det andre. Eit kort sekund fekk vi også ein sårt tiltrengt pause frå lallinga til Kjernen.

Brått var livet langt meir herleg enn vi hadde sett for oss at det kom til å vere på dette tidspunktet av kampen. Ja, på puben tidlegare på dagen hadde stemninga vore direkte laber.  Du veit jo kva du går til, når du reiser på bortekamp i Trondheim. E. sjekka konstant yr.no og kunne fortelle at det no var 19, nei 20, nei 21(!) gradar i Bergen. Vi prøvde å muntre oss opp med Tom Sanne-sangen («Tom Sanne, ååå, Tom Sanne, ååå … Han gjør så godt som han kan») og snakka om kor dårlege RBK har vore til no i sesongen. Vi klarte likevel aldri å lure oss sjølve til å tru på noko anna enn minst 3-0-tap.

God nok grunn

Men du kan jo aldri vite. Ein oktoberdag i 2011 sat vi også mørke i blikket på ein brun pub i Trondheim og venta på å tape minst 3-0. Kvelden endte med 3-6-seier og eit av dei lykkelegaste sekunda i livet mitt: Då Birkir Már Sævarsson storma mot RBK-målet, forvandla seg til Lionel Messi og lobba ballen kaldt over Daniel Örlund.

Ung supporter merka for livet av Sportsklubben.

Det var kanskje ikkje like deilig å sjå Gilli putte 1-1-målet i kveld, men nesten. Eg ville i alle fall ikkje ha vore nokon annan stad akkurat då. Og til og med no, her eg sit på nattoget til Oslo, frustrert over at Brann for tredje gong har rota bort poeng på overtid, og klar over at eg ikkje kjem til å få sove noko som helst dei neste sju timane, kjenner eg at sekunda med ustyrleg feiring var god nok grunn til at det var verdt strevet.