Odd – Brann 0-0

Tar vi seriegull 0-0?

Publisert 06/06/2017 av Berge.

For ein døll kamp dette var! Kjapt oppsummert: Bunnsolid forsvarspel og knapt ein målsjanse til Brann etter pause. Lars Arne Nilsen og gjengen kom til Skagerak Arena for å drepe kampen. Etter 90 minutt pluss tilleggstid vandra LAN rundt på plastmatta framfor oss, klemte og glisa. På tribunen stod vi og klappa høfleg for Brann-spelarane, letta over at Sportsklubben hadde klart å unngå baklengsmål, men også ein smule oppgitt.

Nilsen har alltid rett

BBØ sin Fyrebuss går fra Oslo og Drammen til Brann-kampar på austlandet.

Men vi stolar sjølvsagt på Lars Arne Nilsen. Meiner LAN at det var viktigare å ta to poeng fra Odd enn å få med seg tre poeng til Bergen, vil nok tabellen til slutt vise at han hadde rett. Problemet var berre at vi hadde gira oss så intenst opp før kampen: Øl, bluss og fantastisk trøkk både på Fyrebussen, på puben i Skien og på det fullpakka bortefeltet.

Fleire av oss hadde starta oppladninga allereie dagen før – med femtiårsfeiring for Elvis. 70% av gjestane var brannsupporterar, så det seier seg sjølv at det også her var øl og sang. På gavebordet låg Fagermo sitt hovud på eit fat, og i talen sin minna Elvis oss om kva som tel i livet: Soul og gospel, høge toppar og djupe dalar. Då vi sette oss på Fyrebussen til Skien, var det med andre ord ikkje kjedeleg forsvarsfotball vi forventa oss, men drama: Enten Tjukk og feit og full og seriegull! eller eit frykteleg tap.

Musikal

Spesielt på bortekamp er det å vere brannsupporter litt som å vere med i ein musikal. Plutseleg er det nokon som bryt ut i sang. Ikkje berre om Brann … Nei, når Fyrebussen er full, er det gjerne slik at sang er den mest brukte måten å kommunisere på uansett emne:

Gi meg en øl … Gi meg en øøøl … Eg é tøøørst … Gi meg en øl!

Eller:

Vi har fri i morgen! Ja! Vi har fri i morgen. Vi har fri i morgen. Vi é Brann!

Bluss på veg til Skagerak Arena.

Quisling var ikkje født i Skien

Dagen etter er dei fleste sangane glømt, men enkelte har festa seg:

Eg ville heller vært Tom Sanne enn Tom Lund! på melodien til «Du skal få min gamle sykkel når du dør», for eksempel, eller: Ibsen é dø, Ibsen é døøø … Jævla Skien … Ibsen é dø!

Vi prøvde oss også med Quisling var fra Skien! / Ååå, Quisling var fra Skien … / Quisling var fra Skiiien …, men den meinte dei fleste medsupporterane våre at var for drøy, og dessuten stemte det visst heller ikkje. FAKE NEWS! rett og slett. Nåkken må gå!

Men Nouri må bli

Amin Nouri derimot, han må bli. Mr. Mortensrud var kampens gigant tett fulgt av Piotr og midtstopparane. Det seier også litt om kor underhaldande denne kampen var, at Nouri som gliser og nesten glømmer at han har ballen idet vi roper at han må signere ny kontrakt, var eit av høgdepunkta. Heldigvis er vi lette å muntre opp når vi først er i støtet. På veg ut av Skagerak Arena utnytta vi den gode akustikken i betongtrappa og hylla taktikkaren Lars Arne Nilsen:

Å Nilsen sa / Dette skal gå fort / Én vinter, én vår / så é nok jobben gjort!

Og etter sesongen skal vi stå på Stadion med tårer i augene og seie:

– Det der drittpoenget i Skien. Det var viktig det!

1 kommentar

  1. […] mot Øst. Det går sakte, men vi når Plaza rett før 01. Andre opplevelser av Skien, kan du lese i Branndagboka. Kanonfotografen var også til stede. Disse var […]

Kommentar? Kommenter: