icon

Branndagboka

Sivilstatus: Brannsupporter

Februar 2017
Branndagboka begynner. Tur til København og treningskamp i Malmø.

Ein tanke slo meg her um dagen

Publisert 18/02/2017 av Berge.

Ein tanke slo meg her um dagen: eg skal føra dagbok, det vil verte hugnad med den. – Ja, ikkje dagbok i vanleg meining – versjaa, hendingar, handel og vandel, kjøp og sal. Nei, ei dagbok yver tankar og hugskot – ei aandeleg dagbok, – og meir sligt som kan vere verdt aa minnast.Olav H. […]

Ein tanke slo meg her um dagen: eg skal føra dagbok, det vil verte hugnad med den. – Ja, ikkje dagbok i vanleg meining – versjaa, hendingar, handel og vandel, kjøp og sal. Nei, ei dagbok yver tankar og hugskot – ei aandeleg dagbok, – og meir sligt som kan vere verdt aa minnast.Olav H. Hauge, mars 1924

17. februar, 2017

Publisert 16/02/2017 av Berge.

Heia Brann!

Heia Brann!

18. februar 2017

Publisert 18/02/2017 av Berge.

I dag er det ei veke til Brann skal spele treningskamp borte mot Malmø. Dei fleste Brann-folka eg kjenner reiser til København på fredag, men eg har bestemt meg for å ikkje dra. Det blir for dyrt. Tanken på å sitte heime medan vennene mine rablar gal i København er nesten uuthaldeleg.

I dag er det ei veke til Brann skal spele treningskamp borte mot Malmø. Dei fleste Brann-folka eg kjenner reiser til København på fredag, men eg har bestemt meg for å ikkje dra. Det blir for dyrt. Tanken på å sitte heime medan vennene mine rablar gal i København er nesten uuthaldeleg.

19. februar 2017

Publisert 19/02/2017 av Berge.

Har søkt litt på flybillettar til Køben – sånn i tilfellet.

Har søkt litt på flybillettar til Køben – sånn i tilfellet.

20. februar 2017

Publisert 19/02/2017 av Berge.

Har bestilt flybillettar til København.

Har bestilt flybillettar til København.

København, 24. februar 2017

Publisert 28/02/2017 av Berge.

København 24. februar: Alle byar med respekt for seg sjølv har ein pub som heiter Victoria. Vi måtte sjølvsagt inn der, men Vic’en i Smuget kunne dessverre ikkje måle seg med Vic’en i Kong Oscars gate.

København 24. februar: Alle byar med respekt for seg sjølv har ein pub som heiter Victoria. Vi måtte sjølvsagt inn der, men Vic’en i Smuget kunne dessverre ikkje måle seg med Vic’en i Kong Oscars gate.

Inn i bobla

Publisert 28/02/2017 av Berge.

Tai Chi og psykoterapi i Køben.

– Dere har tatt tingene mine! Dere har tatt tingene mine!

Klokka er fem natt til laurdag i København. Ein svær danske står og dyttar kompisen min i brystkassa. Vi var på veg heim til hotellet då mannen hoppa fram frå bak eit hushjørne ved Hovedbanegården, kasta kaffi på meg og begynte å gjenta at vi hadde tatt tinga hans. Eg la på sprang, men kompisen min viste seg å vere av typen som blir og tar kampen.

Bobla

22 timar tidlegare sat eg på toget frå Hokksund til Gardermoen og kjende at eg var på veg inn i «bobla». Når toppidrettsutøvarar snakkar om at dei skal «inn i bobla», veit eg nemleg nøyaktig kva dei snakkar om. Skal du prestere som brannsupporter du vere i bobla. Skal du prestere som brannsupporter – feire livet i København frå fredag til søndag medan du syng Brann- og Bergenssviser – kan du ikkje tenke på kva andre tenker om deg. Du kan heller ikkje tenke på jobben og familien. Slik idrettsutøvarane held seg unna alle andre enn støtteapparatet under eit mesterskap, bør du ikkje møte nokon du kjenner.

Det gjeld med andre ord å bli verande i bobla. Då eg kom til København fann eg derfor straks to andre raude disiplar som også var i den rette stemninga og gjekk på Victoria.

København 24. februar: Alle byar med respekt for seg sjølv har ein pub som heiter Victoria. Dessverre kunne ikkje Vic’en i Smuget måle seg med Vic’en i Kong Oscars gate, men det var greitt nok.

Sloop Johnn B

Resten av dagen gjekk slik dagar før bortekamp i Europa gjerne går: Vi åt kengurubiff med krokodillebacon og laga minst éin ny sang ingen kom til å hugse teksten på dagen etter. Utpå kvelden gjekk det eit rykte om at ein bataljon hadde samla seg på ein engelsk pub ved Tivoli og at puben hadde piano man. Ryktet visste seg å stemme, og vi kjørte oss opp med evergreens og bergensviser, «Hey Baby» og «Det ligner ingen bergensgutt å være mutt».

Alt var med andre ord topp, bortsett frå at pianomannen (som ikkje var ein piano man, men ein guitar man, når eg tenker meg om), nekta å spele«Sloop John B». Det vil seie: B. prøvde å betale 100 kroner for å få ønsket sitt oppfylt, og M. foreslo at han kunne synge og spele sangen sjølv dersom det var slik at gitarmannen ikkje hadde Beach Boys på repertoaret. Men gitarmannen nekta – heilt til eg kom på at vi jo kunne spørre han om han ville spele «Sloop John B» uten å tilby verken pengar eller å la M. overta scena. Det kunne han. Taket letta og den stakkars gitarmannen sine forsøk på mumlesynge «We come on the Sloop John B» blei straks overdøva av «Fra Nymark til Laksevåg».

Get into a fight

Den engelske puben var i bobla. 40-50-60 bergensarar var klare for kamp. Ja, det beste ville vere om Malmö – Brann starta no, her i Køben, klokka tre om natta, ikkje tolv timar seinare på andre sida av Broen.

Og når vi først er inne på Broen:

– E’kkje det Saga Norén som sittar i baren der?

– Jo!

 – Kom igjen og syng med då! Ikkje stå og snakk!

– Slapp litt av, då … Saga Norén é i baren …

– Drit i Saga Norén! Syng!

– Fra Nymark til Laksevåg / Fra Nordnes til Loddefjord torg / Hele Bergen vet at gullet skal hem / Drinking all night / Got into a fight / Well I feel so broke up / I want to go home.

Og der gjekk vi – “Geir Hasund! Geir Hasund! Geir Hasund!” – då ein svær danske hoppa fram frå eit smug og ville slåst. Eg stoppa femten meter unna dei, den kampklare kompisen min og dansken som påstod at vi skulle få svi fordi vi liksom hadde tatt tinga hans. Brått tok kompisen min eit steg tilbake. Mannen følgde etter for å ikkje la motstandaren sleppe unna, men såg ikkje foten kameraten min hadde strekt ut. Sekundet etter låg den aggressive dansken i bakken med kompisen min over seg.

– Gir du deg?! Vi har ikkje tatt noko som helst. Det veit du. Du vil berre sloss for å glømme kor vondt du har det. Du er lei deg, det er du er. Du er trist. Forstår du hva jeg siger?

Mannen begynte å hulke, og kameraten min hjalp han på beina, klemte han hardt og kjørte på med psykoterapien sin: «Du har det vondt!», «Du vil eigentleg ikkje slåst, sant?»,«Fortell meg kva som har skjedd med deg …», osb., medan den aggresive dansken gjekk stadig meir i oppløysing, og til slutt fortalde den triste livshistoria si.

Det unemnelege

På veg til hotellet skjelte eg ut kameraten min. Sjølv om både Tai Chi-triksa og psykoterapien hadde fungert, kunne det like gjerne ha gått gale.

– Han kunne hatt kniv!

– Slapp av, eg hadde full kontroll. Ka det é du é så sur for?

Eg måtte stille meg sjølv det same spørsmålet. Kvifor var eg sur når dei siste 24 timane hadde vore så bra? Var det fordi bobla sprakk då ein dobbelt så høg fyr hoppa fram frå eit smug og kasta kaffien sin på meg? Kanskje. Det hjelpte heller ikkje på stemninga at den aggressive dansken begynte å grine og fortelje om kor kjiipt han hadde det her på jorda. Likevel var det nok noko anna som plaga meg meir, uten at eg heilt hadde formulert det for meg sjølv. I løpet av kvelden hadde fleire snakka om det, men eg hadde vore for opptatt av å synge til å verkeleg ta det innover meg. Først då eg endeleg låg i senga gjekk det opp for meg kva dei hadde snakka om. Eg sette meg brått opp og utstøtte eit lite klynk idet eg innsåg realitetane: Bård Finne har signert for Vålerengen.

Malmö FF – Brann 2-1

Publisert 06/03/2017 av Berge.

Tap. Men ka bryr du oss med, vi va best for det! Spesielt på tribunen.

Brann spelte jevnt med eit av dei beste laga i Skandinavia. Med andre ord blir det ikkje berre seriegull i 2017, vi kjem til å vinne Europa League! Eller: Etter kampen spurde eg ein Malmö-supporter om dei hadde spelt med det beste laget. Han lo berre rått, og sa «Nej, nej, nej».

Publikum

Dette må ha vore den kjekkaste treningskampen eg har vore på nokon gong. Malmö Idrettspark viste seg å vere ein liten, intim og (i alle fall nesten) lukka stadion, slik alle annlegg meint for ca. 5000 tilskodarar bør vere. Svært lavt tak gav perfekt akustikk for ca. 100 bortesupporterstemmer. Først sang vi oss gjennom heile Brann-sangboka, så mobba vi Malmö FF: «Zlatan kommar aldri tebake!» Det var også eit høgdepunkt då Malmö-fansen trudde dei kunne gjere oss stille og deprimerte ved å synge om Rikard Norling. Vi svarte med «No blir det kok, no blir det fyring …» og «Og Norling sa / Dette kan ta tid / vinter og vår / kanskje hundre år».

Den viktigaste oppgåva på bortetur er å leve ut myten om Bergen, bergensarar og Brann, og denne gongen gjorde vi jobben på ein svært god måte.

Kan Børven bli god igjen?

Eg var for opptatt med å prøve å kome på glømte sangar til å kåre ein bestemann, men det var i alle fall svært gledeleg at Børven scora igjen, uten at det automatisk gjer han til BB. Han beveger seg på ein mykje smartare måte enn dei andre spissane våre. Kan Børven rett og slett bli god igjen?

Den første dosen var gratis

Publisert 10/05/2017 av Berge.

Historia om korleis Sportsklubben Brann skapte ein supporter ved å gjere som langarane i Nygårdsparken.

Heilt sidan eg var baby har eg vore ein fysisk liten og også på andre måtar tilbakehalden fyr, og like lenge har eg lengta etter noko anna, noko større, betre og sterkare. Ikkje i olympisk forstand. Ja, ikkje i nokon som helst forstand. Faen ta forstanden! Det eg lengta etter var hinsides forstand. Eg hugsar eg låg vaken i babysenga om natta og ville danse, hoppe, synge og ruse meg saman med andre. Men kor skulle eg få oppleve slikt?

Det sunnaste alternativet ville kanskje ha vore å bli gladkristen, men eg trudde ikkje på nokon gud. Barnetrua hadde eg mista lenge før eg vart fødd. Eg hugsar den dagen foreldra mine døypte meg: Eg skreik det eg kunne for få dei til å la vere, men dei gjorde det likevel, dei jævlane!

Lengselen fortsette dei neste åra. Dagane i barnehagen likna kvarandre, slik dagane på skulen skulle kome til å likne kvarandre, og eg lengta, lengta, lengta, etter variasjon, fest, vitalitet, energi. Hadde det kome ein new age-predikant innom barnehagen er eg sikker på at eg hadde vore den første til å slå til på tilbodet hans, men det kom ingen new age-predikant til «korttissbarnehagen» på Seim.

Capsen

Så ein dag skjedde noko. Eg fann ein raud og kvit caps i kledskapet til pappa, og spurde overraska når han gjekk med caps?

– Du går no aldri med caps?

Pappa svarte at capsen var fra cupfinalen i -78.

– Cupfinalen?!

– Ja, cupfinalen … Vi var alltid på cupfinalen før vi fekk deg.

Eg var vel tre, fire år, kanskje, og innsåg for første gong det alle ein eller anna gong må innsjå: At livet til foreldra mine begynte lenge før mitt. Eller rettar sagt: Livet til foreldra mine fann i hovudsak stad før dei fekk meg. Ja, for å gni det inn: Dei hadde eit liv, og så fekk dei meg.

Etter at eg oppdaga capsen begynte eg å mase om å at vi måtte gå på Brann-kamp. Pappa sa han var heilt ute av det der, men eg insisterte. Vi skulle på kamp. Mot Kongsvinger. Eg hugsar ikkje lenger kva stillinga blei, men då eg kom inn på Stadion og vi fann plassen vår på langsida, første rad på tribunen over gamle Store Stå, var det like før eg svima av: Så mange folk! Og kva gjorde dei? Jo, dei sang, og dansa, og hoppa, og var fulle.

Brann Club

Dei neste åra var pappa og eg på Stadion eit par gonger i året, og eg følgde Brann sine kampar på Puddefjord Radio. Den verkelege galskapen starta likevel ikkje før på slutten av 90-talet.

To svært avgjerande ting skjedde samtidig:

1) Bergen Nordhordland Rutelag begynte å køyre Brann-buss frå Knarvik til Stadion slik at eg trygt kunne reise aleine på kamp.

2) Nokon i Brann fekk eit tips av ein heroindealer i Nygårdsparken, og begynte å dele ut gratisbillettar i Klokkesvingen til alle barn som var medlem av Brann Club.

Resten er historie, resten er avhengigheit, resten er timar på tog, buss, fly og båt kvar helg frå mars til november. Historisk er ikkje Brann-administrasjonen kjende for å vere strategiske geni, men å tilby første dose gratis, fungerte utmerka. Ikkje berre har eg partoutkort på Stadion, pappa og mamma vart også hekta igjen. Etter at Brann slepte meg inn i Klokkesvingen nokre sesongar på slutten av 90-talet, har Sportsklubben tent fleire hundretusen på å selgje sesongkort, kalde pølser og sur kaffi til familien min.

Les også:

28. februar 2017

Publisert 28/02/2017 av Berge.

Tid for rekneskap: Brann gjekk med 3,7 millionar kroner i overskot i 2016 takka vere gåver frå Trond Mohn. Eg gjekk 10000 i minus takka vere Brann. http://www.brann.no/nyheter/leverer-3-7-millioner-i-overskudd

Tid for rekneskap: Brann gjekk med 3,7 millionar kroner i overskot i 2016 takka vere gåver frå Trond Mohn. Eg gjekk 10000 i minus takka vere Brann.

http://www.brann.no/nyheter/leverer-3-7-millioner-i-overskudd

Kristiansand, 30. oktober 2016

Publisert 18/02/2017 av Berge.

Minne: Kristiansand 30. oktober, 2016. Huseklepp og Haugen sikra Brann-medalje med to av dei varkraste måla scora på ein norsk stadion.

Minne: Kristiansand 30. oktober, 2016. Huseklepp og Haugen sikra Brann-medalje med to av dei varkraste måla scora på ein norsk stadion.

13. august 2016

Publisert 18/02/2017 av Berge.

Redigert minne: Gatefest utanfor Scotsman på Karl Johan før VIF-Brann 13. august 2016.

Redigert minne: Gatefest utanfor Scotsman på Karl Johan før VIF-Brann 13. august 2016.

Mars 2017

2. mars

Publisert 02/03/2017 av Berge.

Leiter fortvilt etter overgangsrykter på bt.no, ba.no og forumet til Bataljonen. Igjen og igjen: BT, BA og forumet, BT, BA og forumet … Kor blir det av den raske, driblesterke og målfarlege vingen med innleggsfot Brann skulle kjøpe?

Leiter fortvilt etter overgangsrykter på bt.no, ba.no og forumet til Bataljonen. Igjen og igjen: BT, BA og forumet, BT, BA og forumet … Kor blir det av den raske, driblesterke og målfarlege vingen med innleggsfot Brann skulle kjøpe?

6. mars 2017

Publisert 06/03/2017 av Berge.

Der kom det ei signering! Ikkje ving, men back: Vidar Ari Jónsson. Har ringt P. som var på treningskampen mot Åsane på laurdag. Han likte godt det han hadde sett av islendingen. Såg rask ut blant anna. http://www.brann.no/nyheter/brann-fortsetter-a-forsterke.

Der kom det ei signering! Ikkje ving, men back: Vidar Ari Jónsson. Har ringt P. som var på treningskampen mot Åsane på laurdag. Han likte godt det han hadde sett av islendingen. Såg rask ut blant anna.

http://www.brann.no/nyheter/brann-fortsetter-a-forsterke.

7. mars 2017

Publisert 07/03/2017 av Berge.

Vakna til gladmeldinga om at RBK har signert Nicklas Bendtner. Det kan jo ikkje gå bra? Åsane hadde passa betre. Liker forresten godt at det er Brann som signerer unge islandske talent som har debutert på landslaget, medan RBK går etter dei avskilta stjernene. I kveld er det årsmøte i Sportsklubben. Sist eg var på årsmøtet, […]

Vakna til gladmeldinga om at RBK har signert Nicklas Bendtner. Det kan jo ikkje gå bra? Åsane hadde passa betre. Liker forresten godt at det er Brann som signerer unge islandske talent som har debutert på landslaget, medan RBK går etter dei avskilta stjernene.

I kveld er det årsmøte i Sportsklubben. Sist eg var på årsmøtet, stemte eg inn Rolf Barmen som styreleiar. Etter det har eg funne ut at det er best å halde seg unna.

Jeg har fra sikre kilder at Rosenborg brukte én time og seks minutter, så nå slår vi Rosenborg.

Publisert 07/03/2017 av Berge.

Jeg har fra sikre kilder at Rosenborg brukte én time og seks minutter, så nå slår vi Rosenborg. Knut Eliassen då han avslutta 2017-årsmøtet til Brann etter 63 minutt (ifølge bt.no).

Jeg har fra sikre kilder at Rosenborg brukte én time og seks minutter, så nå slår vi Rosenborg.

Knut Eliassen då han avslutta 2017-årsmøtet til Brann etter 63 minutt (ifølge bt.no).

Publisert 17/03/2017 av Berge.

Offisielt: Vito er vår kapteinhttps://t.co/ErE14ddGBP — Sportsklubben Brann (@skbrann) 16. mars 2017

23. mars

Publisert 16/03/2017 av Berge.

Brann speler treningskampar for tida, men det er ikkje tap mot Vikng og uavgjort mot Arendal og Haugesund som uroar meg. Treningskampar er treningskampar, spesielt når laget ikkje er toppa. Verre er det at vi dei siste vekene har sett glimt av Nilsen sin indre Skarsfjord. Møter Brann langvarig motgang kan det bli stygt. LAN […]

Brann speler treningskampar for tida, men det er ikkje tap mot Vikng og uavgjort mot Arendal og Haugesund som uroar meg. Treningskampar er treningskampar, spesielt når laget ikkje er toppa.

Verre er det at vi dei siste vekene har sett glimt av Nilsen sin indre Skarsfjord. Møter Brann langvarig motgang kan det bli stygt. LAN har vist at han er ein fin fyr. Under sølvfeiringa i haust la han for eksempel armen rundt Mads Bøyum, etter å ha vore rimeleg irritert på same BT-journalist dagen før. Kanskje er det ikkje meir enn eit lite sinnemestringskurs som skal til? Tell til ti, mann!

Det er også noko anna som uroar meg før seriestart: Frå 8. august til 18. september 2016 vann ikkje Brann éin kamp. Likevel mista vi ikkje kontakten med medaljane, fordi dei andre “topplaga” var like dårlege. Såpass mykje flaks har vi vel neppe to år på rad?

Publisert 28/03/2017 av Berge.

Er det krise for Brann? https://t.co/xTG6cTJhn3 — Bergensavisen (@BA_no) 28. mars 2017

27. mars

Publisert 28/03/2017 av Berge.

Då har eg endeleg fått fiksa alle turane til og med 16. mai-kampen. Å vere brannsupporter er ikkje ein livsstil, det er logistikk. For det første må du passe på å ha rikeleg meg eigenmeldingsdagar til gode — eller jobbe 50%. Vidare må du klarere med heimen at kampane du skal reise på ikkje overlappar med bryllup i svigerfamilien. Det som tek mest tid er likevel å samkjøre med andre som skal reise, slik at de tek same tog og har sete i same vogn, eller slik at bilen som kjører fra Bergen til Kristiansund er i Ålesund nøyaktig når flyet ditt frå Gardermoen landar på Vigra. Det tok si tid, men no skal alt vere på stell. Let the games begin!

Har organisert alle turane fram til og med 16. mai-kampen. Å vere brannsupporter er ikkje ein livsstil, det er logistikk. For det første må du passe på å ha rikeleg meg eigenmeldingsdagar til gode — eller jobbe 50%. Vidare må du klarere med heimen at kampane du skal reise på ikkje overlappar med bryllup i svigerfamilien. Det som tek mest tid er likevel å samkjøre med andre som skal reise, slik at de tek same tog og har sete i same vogn, eller slik at bilen som kjører fra Bergen til Kristiansund er i Ålesund nøyaktig når flyet ditt frå Gardermoen landar på Vigra.

Publisert 28/03/2017 av Berge.

Fatet ska hem. pic.twitter.com/QpGoOW9Svj — Sportsklubben Brann (@skbrann) 27. mars 2017

29. mars

Publisert 29/03/2017 av Berge.

Tapte 2-0 mot Rosenborg i ein treningskamp.

Tapte 2-0 mot Rosenborg i ein treningskamp.

31. mars

Publisert 31/03/2017 av Berge.

To dagar sidan Mesterfinalen og eg har enda ikkje sett eit einaste intervju der Mini eller Kåre Ingebrigtsen seier at det var frekt av bergenserane å gå fra Stadion før Rosenborg fekk utdelt sølvfatet fra NFF.

To dagar sidan Mesterfinalen og eg har enda ikkje sett eit einaste intervju der Mini eller Kåre Ingebrigtsen seier at det var frekt av bergenserane å gå fra Stadion før Rosenborg fekk utdelt sølvfatet fra NFF.

Bergenstoget 2016

Publisert 23/03/2017 av Berge.

Minne: Snap frå Bergenstoget ein haustdag i 2016.

Minne: Snap frå Bergenstoget ein haustdag i 2016.

April 2017

1. april

Publisert 01/04/2017 av Berge.

Realitetsorientering dagen før seriestart: I 2016 tok Brann sølv med 54 poeng. I 2015 hadde det halde til 5. plass.

Realitetsorientering dagen før seriestart: I 2016 tok Brann sølv med 54 poeng. I 2015 hadde det halde til 5. plass.

2. april

Publisert 02/04/2017 av Berge.

Første kamp i serien. Tromsø-Brann. «Garantert tap», sa vi då vi lada opp med raudvin og pre-påskelam. «Tapar jo alltid i Tromsø …» Før kampen hadde eg tatt til takke med uavgjort, men ved kampslutt framstår 1-1 som rimeleg kjiipt. Vi var overlegne fram til Orlov scora 0-1-målet, etter det blei vi feige, stadig pressa […]

Første kamp i serien. Tromsø-Brann. «Garantert tap», sa vi då vi lada opp med raudvin og pre-påskelam. «Tapar jo alltid i Tromsø …»

Før kampen hadde eg tatt til takke med uavgjort, men ved kampslutt framstår 1-1 som rimeleg kjiipt. Vi var overlegne fram til Orlov scora 0-1-målet, etter det blei vi feige, stadig pressa lengre og lengre bakover. To minutt før slutt kom sjølvsagt 1-1 på corner, signert Gamst og Wangberg. Vi har uansett med oss eitt poeng meir heim frå Alfheim enn vi pleier, og gu’ kå herlig det er å sjå at vi står høgare enn i fjor.

Dei som påstår at Barmen ikkje har teknikk må forresten sjå første omgang i reprise.

5. april

Publisert 05/04/2017 av Berge.

I morgon er det klart for årets første dagstur til Bergen. Pakka sekken i dag tidleg: Tannkost og resten av pappvinen P. sette igjen sist han var her. I kveld har eg òg redigert litt på nokre opptak Elvis og eg har gjort til ein Brann-podcast. Kom plutselig på: Partoutkortet! Kor er partoutkortet?! Eg har […]

I morgon er det klart for årets første dagstur til Bergen. Pakka sekken i dag tidleg: Tannkost og resten av pappvinen P. sette igjen sist han var her. I kveld har eg òg redigert litt på nokre opptak Elvis og eg har gjort til ein Brann-podcast. Kom plutselig på: Partoutkortet! Kor er partoutkortet?! Eg har jo fornya det, har eg ikkje?

Publisert 05/04/2017 av Berge.

Frå Bataljonen sin nye Youtube-konto.

Publisert 06/04/2017 av Berge.

Bergenstoget 6. april: Kor blir det av Pølse i vaffel fra Moss, NSB?

Bergenstoget 6. april: Kor blir det av Pølse i vaffel fra Moss, NSB?

Publisert 07/04/2017 av Berge.

Finse 6. april 2017: På veg til Brann-Godset var vi innom østlandsk sol, høgfjellssnø og bergensk totalregn.

Finse 6. april 2017: På veg til Brann-Godset var vi innom østlandsk sol, høgfjellssnø og bergensk totalregn.

Brann-Godset 3-0

Publisert 08/04/2017 av Berge.

Monsteredderkoppsesongen er i gang.

Torsdag morgon stod eg på Drammen stasjon og trippa nervøst. Det var ikkje berre den kommande kampen mot Godset som uroa meg. Onsdag kveld hadde eg fått ein SMS frå kona til reisekameraten min Elvis: «Elvis kan dessverre ikkje reise til Bergen i morgon. Monsteredderkoppsesongen har begynt, og han er monsterederkoppfangaren i huset. Beklagar.» Irritert kasta eg frå meg telefonen før eg forstod at det var snakk om ein spøk. I løpet av natta begynte likevel tvilen å melde seg: Kva om eg verkeleg måtte ta toget sju timar til Bergen aleine fordi Elvis skulle redde prinsessa si frå monstereddarkoppar?

Tusen onde Fagermoar

Fem minutt før toget skulle gå, stod eg framleis på Drammen stasjon uten å vite om Elvis kom til å dukke opp, og idet toget kjørte inn på stasjonen kom eg på at Elvis hadde billettane. Tusen onde Fagermoar reiv i sjela mi, før eg brått fekk auge på ein pesande medsupporter strene inn på perrongen.

– Du skal til Bergen, likevel?

– Klart eg skal!

– Monsteredderkoppane, då?

– Haha, gjekk du på den?!

– Eh, nei.

Røyktifo før kampen.

Meir enn arbeidsmaur

Dei neste ti timane tenkte eg ikkje meir på monsteredderkoppane, men idet dommaren blåste i gang første omgang mellom Brann og Godset såg eg eit voldsomt kryp ta form i ramma Lars Arne Nilsen har snakka om sidan sommaren 2015. I sølvsesongen 2016 var Brann ein vegg – defensivt solide, men uten for mange eigne angrep. Den mest passande innsektsmetaforen var arbeidsmaur.

Mot Godset framstod Sportsklubben derimot som éin stor kropp med tjueto bein, eit ekkelt kryp med fart og kraft som sprett rundt på stovegolvet ditt, umuleg å fange. Idet du trur du har klart å jage beistet ut verandadøra, snur det og pilar mot deg, mellom beina dine, fram og tilbake, til du er så svimmel at du scorar sjølvmål.

Pressa fram mål

Det høge presset Brann viste mot Strømsgodset – og i deler av kampen mot Tromsø – gjer det mindre nødvendig å ha den eine toppscoraren som lagar 20 mål i sesongen. Ja, held Brann fram med å tette igjen like høgt i bana, må det nødvendigvis kome mange mål – og sjølvmål. Etter 72 minutt sette Vilsvik ballen i eige mål, fordi Brann pressa han til å gjere det. Både før sjølvmålet og før 1-0-målet til Barmen, storma tidlegare scoringsvaksinerte Brann-spelarar  inn i boksen og tvinga drammensarane til å gjere feil. Brann speler kanskje ikkje vakkert, men det viktige er at det er skremmande å møte eit kryp som aldri gir seg, som smett unna når du går til angrep, og som når som helst kan angripe deg. Eg veit kva eg snakkar om: Då eg kom tuslande heim frå nattoget fredag morgon stod ein inntrengar med korte bein og brun, mandelforma kropp i entréen og stira truande på meg.

Publisert 09/04/2017 av Berge.

Hokksund stasjon 9. april 2017: Tar fatt på første etappe til Kristiansund.

Hokksund stasjon 9. april 2017: Tar fatt på første etappe til Kristiansund.

Publisert 09/04/2017 av Berge.

Gardermoen 9. april 2017: Klar for andre etappe av Hokksund-Kristiansund, men i Påskelabyrintens namn: Kor skal vi reis hen?

Gardermoen 9. april 2017: Klar for andre etappe av Hokksund-Kristiansund, men i Påskelabyrintens namn: Kor skal vi reis hen?

Publisert 09/04/2017 av Berge.

Pitstop i Ålesund før tredje etappe av Hokksund-Kristiansund.

Pitstop i Ålesund før tredje etappe av Hokksund-Kristiansund.

9. april 2017

Publisert 10/04/2017 av Berge.

Første dag av Hokksund-Kristiansund: Flaug til Ålesund der E&E allereie hadde sjekka inn på puben til Aalesundsupporterane. Noterer meg at dei har forstått det på Sunnmøre: Då vi ironisk klappa Bård Finne av bana i Engen-Sandefjord, ville dei vite kvifor vi var så sure på Finne, og då vi forklarte at agenten hans hadde lova […]

Første dag av Hokksund-Kristiansund: Flaug til Ålesund der E&E allereie hadde sjekka inn på puben til Aalesundsupporterane. Noterer meg at dei har forstått det på Sunnmøre: Då vi ironisk klappa Bård Finne av bana i Engen-Sandefjord, ville dei vite kvifor vi var så sure på Finne, og då vi forklarte at agenten hans hadde lova oss at det berre var éin klubb i Norge for Bård Finne, slo dei i bordet:

– Bergen ligg då for faen ikkje i Norge!

Dei har sjølvsagt rett, og vi blei einige om at Ålesund kan få bli ein del av fotballrepublikken etter revolusjonen.

Då vi gjekk til hotellet etter å ha sett Godset-AaFK, regna det så mykje og flaut det så mykje vatn i gatene at vi nesten følte oss som heime, og måtte gaule litt på Kong Oscars Gate:

Eg kan ikkje skjønne kroppen min / Det er som allting slukner / Eg kan ikkje få puste / Når eg ligger her og drukner

E det bare meg / Eller snurrer denne gaten / For alt eg tar i blir til isopor

Publisert 10/04/2017 av Berge.

Ålesund 10. april 2017: Våkna til brannalarm på hotellet. Det må vel vere eit godt teikn?

Ålesund 10. april 2017: Våkna til brannalarm på hotellet. Det må vel vere eit godt teikn?

Publisert 10/04/2017 av Berge.

10. april: Sanghefte frå Kristiansund.

10. april: Sanghefte frå Kristiansund.

Publisert 10/04/2017 av Berge.

Tour de Hokksund-Kristiansund: Framme ved målet.

Tour de Hokksund-Kristiansund: Framme ved målet.

Kristiansund-Brann 1-0

Publisert 11/04/2017 av Berge.

Alt vi tok i blei til isopor.

Vakna til brannalarm på hotellet i Ålesund og planta beina i eit par våte sko. Brannalarm og våte sko, det må jo vere eit bra teikn, tenkte eg og tusla mot nødutgangen.

Falsk alarm, men alle som kan sin Brannmann Sam veit at ekte brannmenn sjekkar grundig uansett.

Kvelden før hadde vi trava rundt i søkkvåte sunnmørsgater og gaula refrenget til Hjerteslag-klassikaren Kong Oscars Gate: É det bare meg / Eller snurrer denne gaten / For alt eg tar i blir til isopor.

Vi følte oss nesten som heime. Dette kunne ikkje gå gale.

Road trip

Brygga i regnet.

Brannalarmen var falsk. Det tok vi som eit godt teikn. Vi hoppa i bilen og retta snuten mot tre poeng med Knutsen og Ludvigsen på «anlegget» i Priusen: Så reiste vi til Kristiansund, helt uten grunn, til Kristiansund. Vi burde kanskje ha tatt hintet idet vi gaula desse tekstlinjene, men det gjorde vi ikkje. Tvert imot. Og då vi fekk køyre rett inn på ferja over til Molde, tok vi det som eit veldig godt signal om korleis denne kampdagen kom til å ende. Vi var i flytsona.

Alvorsprat om Nigeria

Framme i Kristiansund oppdaga vi at hotellet låg 10 meter fra puben vi skulle samlast på. Det tok vi som eit godt teikn. Dette må gå veien, tenkte vi, og då bror min og eg slo eit par kristiansundsupporterar i shuffleboard, var vi heilt sikre.

Kristiansund er forresten ein av få klubbar i Norge som har ein ekte pub på stadion, ikkje Dolly eller Peppes der du kan få kjøpt øl, men ein ekte pub med utsikt over bana. Det tok vi absolutt som eit godt teikn. Hyggelege var dei òg, KBK-supporterane. Det er ikkje grenser for kor mange interessante menneske du kan møte som omreisande brannsupporter. På torsdag møtte vi for eksempel eit av Jehova sine vitner som sat på bar og drakk i smug, og i går snakka vi lenge med ein kar som jobbar med å lære opp lokale arbeidarar for eit stort norsk oljefirma i Nigeria. Han kunne blant anna fortelje at kleda nordmenn sender til fattige i Nigeria, ofte ender opp som tørkefiller i oljeindustrien. Dei lokale makthavarane tener altså pengar på å selge kleda, og oljeselskapa lukkar auga og kjøper.

Denne historia tok vi som eit teikn på at kapitalismen er ein forskrudd ideologi som snarast må erstattast av eit betre alternativ.

Optimisme ved innmarsj. Alle teikn tyder på at vi kjem til å vinne.

Brann starta der dei slapp

Sportsklubben såg ut til å starte der dei slapp mot Godset: Dei framsto som kompakte og angrepsvillige. Mista Brann ballen, tok det ikkje mange sekund før ramma var etablert og Kristiansund-kontringa stoppa. Vi nikka annerkjennande. For ein sesong dette kan bli! Spesielt tok vi det som eit godt teikn at Gilli var like god og ivrig som mot Godset. For ei solid signering!

Fortapt gjeng på veg heim fra kamp.

Først mot slutten av første omgang begynte den gode dagen å smuldre opp. Få av dei som syng høgast på Stadion hadde tatt turen til Kristiansund, så stemninga på bortefeltet blei etterkvart laber. Ute på bana begynte laget å irritere seg over at det gode spelet ikkje førte til mål. Spesielt sonen til faren vart etterkvart meir opptatt av å snakke med dommaren enn å slå presise passningar.

Slitne spelarar og svimle supporterar

Brannspelarane verka rett og slett slitne i topplokket, og då gjer ein gjerne slik som Acosta gjorde etter 71 minutt: Kastar ein fyr i bakken inne i straffefeltet. KBK scora på straffa. Byger med hagl og kuling slo inn over stadion, og dei våte skoa våre kjendes meir og meir ut som istappar. Ved sida av meg hørte eg bror min mumlesynge nokre halvkjente tekstlinjer:

– É det bare meg, eller snurrer hele stadion? Alt vi tar i blir til ingenting.

Publisert 15/04/2017 av Berge.

Medan du ventar på det neste SKAM-klippet: Her er “Bergen by é nydelig” fra kampen i Kristiansund.

Medan du ventar på det neste SKAM-klippet: Her er “Bergen by é nydelig” fra kampen i Kristiansund.

Publisert 15/04/2017 av Berge.

Minne: Før cupfinalen i 2011 besøkte ein gjeng brannsupporterar TV 2 og God morgen Norge, og vi hadde sjølvsagt med kake.

Minne: Før cupfinalen i 2011 besøkte ein gjeng brannsupporterar TV 2 og God morgen Norge, og vi hadde sjølvsagt med kake.

16. april 2017

Publisert 16/04/2017 av Berge.

Brann melder at dei har passert 9000 selde billettar til kampen mot Haugesund i morgon. Etter at det berre møtte opp i underkant av 7000 mot Godset har det blitt hevda at myten om fotballgale Bergen må avlivast (bl.a. av Davy Wathne på Twitter). Men Bergen har aldri vore ein fotballgal by. Bergen har vore […]

Brann melder at dei har passert 9000 selde billettar til kampen mot Haugesund i morgon. Etter at det berre møtte opp i underkant av 7000 mot Godset har det blitt hevda at myten om fotballgale Bergen må avlivast (bl.a. av Davy Wathne på Twitter). Men Bergen har aldri vore ein fotballgal by. Bergen har vore Brann-gal, opptatt av Brann som eit ikon for Bergen. Publikum kjem med andre ord når æra til Brann og byen verkeleg står på spel: Mot Rosenborg, i gullkamp og krisetider. Nedrykkshausten 2014 var Stadion fullsatt i fleire kampar, og i OBOS-ligaen hadde vi framleis eit av dei høgaste snitta i landet.

Det unike med Bergen er dessutan ikkje kor mange som går på Stadion, men kor interesserte dei som ikkje går på kamp er. Anekdotisk bevis: Eg veit ikkje om farmora mi nokon gong var på Brann stadion, men då ho fekk dårleg syn var ho klinkande klar på at ho måtte ha ein ny og større TV slik at ho kunne sjå Brann-spelarane skikkeleg. Ho visste alltid kven som burde spele neste kamp, og kven som burde pelle seg ut av Idrettsveien for godt.

Kor mange det er på tribunen har forresten lite å seie for stemninga. I Malmø i vinter var vi ca. 100 av dei mest trufaste, og stemninga var fantastisk. I Kristiansund på mandag var vi 200, dei fleste lokale brannfans, og stemninga var laber (også då Brann spelte bra dei første 20 minutta).

Ser vi historisk på det, stemmer det heller ikkje at alt var bedre før, med mindre før er mellom 2003 og 2009:

http://historie.brann.no/tilskuertall/

Publisert 17/04/2017 av Berge.

17. april: Innmarsj Brann-Haugesund.

17. april: Innmarsj Brann-Haugesund.

Brann – Haugesund 3-1

Publisert 17/04/2017 av Berge.

Viss ikkje Brann vinner serien i år ...

Då eg flytta over fjellet i 2005, var eg rimeleg sikker på at eg kom til å vere den einaste austlendingen med partoutkort på Stadion, men etterkvart viste det seg at det var fleire som  var dumme nok til å ta Bergenstoget i sju timar for å sjå 90 minutt med fotball av svært varierande kvalitet. Til kampar på austlandet arrangerte den same gjengen fyrebuss frå Oslo og Drammen, og når det ikkje passa å reise på ein kamp, såg dei oppgjeret saman på pub. Då  eg med tungt hjarte droppa å reise til Bergen for å sjå Brann-Haugesund (kampbelastninga må ikkje bli for hard for familien tidleg på året, då blir det problem seinare i sesongen),  var det derfor ikkje tvil om kor eg skulle sjå kampen: På pub med Øst-gjengen.

Er du i Oslo når det er Brann-kamp, er dette staden å henge.

Ringnes til Nystemten (!)

I Oslo ser brannsupporterane kampar på O’Reilly’s, ein passe sliten irsk pub på Grünerløkken med Ringnes på kranene. Akkurat dette med Ringnes trekker sjølvsagt kraftig ned, men så lenge du held pusten idet du løfter glaset, går skvipet ned på eit vis. Og folka er dei beste: Her kan du møte alt frå utflytta bergensarar som roper «Skål nåkken!» for å understreke kor dei kjem frå, til bærumsgutar som har blitt brannfan fordi mormora hadde ein onkel som ein gang budde på hotell i Bergen.

Før kampen kjørte vi oss opp med å snakke om København/Malmö-turen som dei fleste var med på, og såg Huseklepp og Knudsen synge Nystemten utkledd som Haugesund-spelarar.

Svarte skjermar

Brann starta vaklande, men etter 12-13 minutt sette dei endeleg inn det nye giret Lars Arne Nilsen har installert i Brann-motoren i vinter. Haugesund blei pressa lengre og lengre bakover, og alle balltap blei fulgt opp av beinhard jobbing. Fortsatte dette spelet, måtte Brann score snart. Stemninga blei derfor rimeleg panisk då skjermane 16 minutt ut i kampen gjekk i svart midt i eit Brann-angrep.

– Skandale!

– Få på kampen, igjen!

–Kom igjen, då!

–Scora vi?!

Lykkesnap fra Bergen.

Brått var linja til Stadion tilbake, akkurat i tide til å vise Braaten kvitte seg med ein haugesundar inne i straffefeltet, før han sende ballen over til Børven på bakre stolpe. 1-0 på Stadion. Handklask, klemmar og «skål nåkken!» på O’Reilly’s.

2-0 er ei livsfarleg leiing

Brann pressa vidare, og ti minutt seinare stod sonen til faren opp og heada inn 2-0 etter ein god corner av Haugen. Brann-hjørnet av O’Reilly’s var igjen i ekstase, og frå Stadion kom den eine lykkesnappen etter den andre.

– Skål nåkken!

Berre ei tekstmelding frå Elvis fronta tradisjonell Brann-pessimisme:

2-0 er ei livsfarleg leiing. Har de glømt korleis det gjekk i Haugesund i sommar, eller?

Ingen hadde glømt då vi leia 2-0 og tapte 3-2 i Haugesund.

Optimistisk snap fra Bergen i pausen.

Angst og beven

I starten av andre omgang melde angsten seg for alvor. Brann blei spelt lave – eller la seg bakpå? – og i det 61. minutt scora Haugesund frå utanfrå 16-meteren. Vi innsåg at Elvis hadde rett. 2-0 er livsfarleg. Brann-laget stressa. O’Reilly’s stressa. Ikkje berre fjorårets kamp i Haugseund, men også sesongopninga i Tromsø, begynte å surre i bakhovudet.

Ei stemme bak meg brøla det alle tenkte:

– Typisk Brann å rote bort dette!

Supertrio

Men Brann under Lars Arne Nilsen er ikkje Brann, sjølv om Brann i går spelte meir typisk Brann-fotball enn nokon gong tidlegare under LAN. Som i pre-LAN-tider stolte vi ikkje 100% på forsvaret, medan laget var friske framover. Spesielt tre spelarar utmerka seg. Fredrik Haugen slo kaldt den eine elegante passninga etter den andre gjennom hola i Haugesund-forsvaret, Børven var presis då han fekk sjansen, og Daniel Braaten hadde ein av dei dagane då han tilsynelatande berre elskar å spele fotball. Han kriga og dribla, og fyrte til og med av eit skudd. Då jubla vi som om det skulle vore scoring. Det skjer trass alt ikkje for ofte at Braaten prøver å få ballen i mål …

Brann på TV: Litt misunneleg på denne gjengen.

– Skål nåkken!

Høgare Brann-press roa nervene våre, og etter 77 minutt jubla vi hemningslaust igjen, før vi sank letta saman på barbenken. Nok ein gong hadde Braaten og Børven fiksa greiene.

Faren var avverga. Det var på tide å begynne å glede seg til den – for oss i eksil – kommande heimekampen borte mot Lillestrøm.

Nok ein gong sa ein bak meg det alle tenkte: – Vinn vi på Åråsen er vi faen meg med heilt der oppe!

På skjermane over oss scora RBK mot Viking, uten at det fekk øydelegge stemninga. Vi pakka oss inn i dei nye to meter lange BBØ-skjerfa og traska lykkelege ut i tigernatta, trygge på at Daniel Omoya Braaten ein vakker dag kjem til å score for Sportsklubben Brann.

19. april 2017

Publisert 19/04/2017 av Berge.

Sjekkar iTunes, ryddar litt, sjekkar iTunes. Skal eigentleg skrive roman, men sjekkar i staden podcast-appen ein gang til. Kan den ha hengt seg opp? Nei. Lagar middag, sjekkar iTunes. Ryddar etter middag, sjekkar iTunes. Kor blir det av Heia Brann!-episoden om Haugesund-kampen?!

Sjekkar iTunes, ryddar litt, sjekkar iTunes. Skal eigentleg skrive roman, men sjekkar i staden podcast-appen ein gang til. Kan den ha hengt seg opp? Nei. Lagar middag, sjekkar iTunes. Ryddar etter middag, sjekkar iTunes. Kor blir det av Heia Brann!-episoden om Haugesund-kampen?!

For vi é ikkje ODD – eit minne frå Åråsen

Publisert 19/04/2017 av Berge.

Søndag speler Brann borte mot Lillestrøm. Det er ein kamp som vekker mange minner – blant anna om den mest brutale feiringa eg har overlevd.

Ansiktet mitt blei pressa mot betongen og eg kjente at minst eitt ribbein måtte ha brista. Datoen var 13. mai 2012 og Brann spelte bortekamp på Åråsen, eit av årets høgdepunkt: Her er vi alltid ein solid gjeng på bortefeltet, og heimebana til kanarifuglane er ein lukka stadion med supporterar som syng heile kampen. Dei syng rett nok berre variantar av den samme sangen, slik at du blir heilt shalalalala i hovudet i fleire dagar etterpå, men det er jo som kjent godt å ha nokon å hate.

Når eg tenker meg om, er det forresten veldig rart at akkurat LSK skulle kopiere fotballkulturen frå sørlege delar av Europa. Eg har i alle fall aldri møtt nokon frå Romerike med sydlandsk temperament.

Tilbakespelet

Bergensarar med sydlandsk temperament, finst det derimot ein heil del av. No låg tre av dei oppå meg og rista av glede. Nokre sekund tidlegare hadde Erik Mjelde sendt av gårde ein lang lobb frå midtbana. Keeper rusa ut, og blei rundlurt av spretten: Sakte flaug ballen over LSK-målvakta, inn i nettet.

Feiringa som fulgte var den mest brutale eg nokon gong har vore med på: Hovudet mitt klinka i betonggolvet idet sidemannen til høgre i ustyrleg glede kvelva meg over ende. To andre kompisar slengde straks ølmagane og Hansa-daiane sine over oss slik at eg brått låg nederst i ein haug av brannsupporterar. Eg var i ferd med å miste pusten, kjente meg bleik og blå då ei stemme over oss ville vite kvifor vi låg der og koste oss så intenst når Brann ikkje hadde scora eit skikkeleg mål ein gong:

– Det va jo bare itt sånn dærre fair play-tilbakespill …

Dei tre medsupporterane mine kom seg på beina og halte meg opp. Ute på bana såg vi Piotr legge ein arm rundt Erik Mjelde, og ved innbyttarbenken gestikulerte kaptein Kalvenes og trenar Skarsfjord heftig. Det var ikkje tvil om kva dei snakka om. Dei ville la LSK score. For vi er ikkje Odd. Vi scorar ikkje når keeper er skada eller rusar ut og blir lurt av spretten på itt sånn dærre fair play-tilbakespill.

«Best fair play ever»

Resten må du sjå på YouTube dersom du ikkje hugsar det. Det er berre å søke på «Best fair play ever» så får du sjå Piotr som prøver å overtale Erik Mjelde til å ombestemme seg, Piotr som vill i blikket skjeller ut Christian Kalvenes, og Piotr som gjer alt for å redde målet resten av Brann lar Lillestrøm score. Kroppen min verkte, men eg måtte likevel glise der eg stod. Det var så nydeleg! Ja, både Sportsklubben sin fair play-gest og Piotr sitt sinne … Eg meiner: Brann er jo ikkje Brann uten at nokon protesterer høglytt mot det åpenbare.

Publisert 19/04/2017 av Berge.

Minne: Tabellen etter fire kampar i 2016.

Minne: Tabellen etter fire kampar i 2016.

Publisert 20/04/2017 av Berge.

Det blir vanskelig å rote bort gullet på de siste 28 kampene. Rune Skarsfjord etter å ha slått LSK 4-1 i andre runde i 2011.

Det blir vanskelig å rote bort gullet på de siste 28 kampene. Rune Skarsfjord etter å ha slått LSK 4-1 i andre runde i 2011.

21. april 2017

Publisert 21/04/2017 av Berge.

Ser på terminlista. 13.-21. mai blir tøff for fleire enn Brann-spelarane: Tur til Bergen laurdag 13. (Molde) og tirsdag 16. (Sandefjord), så road trip 40 mil til Sogndalsfjøra tre dagar seinare.

Ser på terminlista. 13.-21. mai blir tøff for fleire enn Brann-spelarane: Tur til Bergen laurdag 13. (Molde) og tirsdag 16. (Sandefjord), så road trip 40 mil til Sogndalsfjøra tre dagar seinare.

Publisert 23/04/2017 av Berge.

Kampdag: Startar forsiktig på Kaffistova.

Kampdag: Startar forsiktig på Kaffistova.

Publisert 23/04/2017 av Berge.

Fotball er en øyeblikkssport, hvor mål er et knapphetsgode. Det vi alle lengter etter er det euforiske øyeblikket hvor ballen ligger i nettet, og et kjapt blikk på dommeren viser at han ikke annullerer det, men peker mot midten. Denne euforien vil endre karakter ganske kraftig dersom disse «målene» rett som det er blir avløst […]

Fotball er en øyeblikkssport, hvor mål er et knapphetsgode. Det vi alle lengter etter er det euforiske øyeblikket hvor ballen ligger i nettet, og et kjapt blikk på dommeren viser at han ikke annullerer det, men peker mot midten. Denne euforien vil endre karakter ganske kraftig dersom disse «målene» rett som det er blir avløst av at man må avvente, og observere dommerens hektiske kommunikasjon med videodommeren og hans fasit. Sosiolog Arve Hjelseth i kronikken «Tre argumenter mot videodømming».

Publisert 23/04/2017 av Berge.

Oslo by har så mye de kan by på … Kom i snakk med ein VIF-kar som stod utanfor Bohemen og venta på at puben skulle opne. Eg trudde først han skulle slå meg ned fordi eg hadde Brann-skjerf og tok bildet, men då eg gjekk vidare hadde vi blitt einige om at Brann skulle […]

Oslo by har så mye de kan by på … Kom i snakk med ein VIF-kar som stod utanfor Bohemen og venta på at puben skulle opne. Eg trudde først han skulle slå meg ned fordi eg hadde Brann-skjerf og tok bildet, men då eg gjekk vidare hadde vi blitt einige om at Brann skulle knuse Lillestrøm.

Publisert 23/04/2017 av Berge.

Eksilbergensarane har fått seg banner.

Eksilbergensarane har fått seg banner.

Publisert 23/04/2017 av Berge.

Bergen har inntatt Skedsmokorset på veg til Europa.

Bergen har inntatt Skedsmokorset på veg til Europa.

Publisert 23/04/2017 av Berge.

Eg skal få folk til å slutte å kaste blomsterpotter, men den gode koken kan eg dessverre ikkje gjøre noe med. Brannsupporter til politiet etter naboklage på god stemning på puben i Lillestrøm

Eg skal få folk til å slutte å kaste blomsterpotter, men den gode koken kan eg dessverre ikkje gjøre noe med. Brannsupporter til politiet etter naboklage på god stemning på puben i Lillestrøm

Publisert 23/04/2017 av Berge.

LSK – Brann 0-2

Publisert 24/04/2017 av Berge.

Det satt fem kanarifugler i et tre ...

Vi hadde ikkje vore lenge på puben på Lillestrøm før stemninga var så god at vektarane tilkalla politiet. Drinkglas var blitt knust, ei blomsterpotte kvelva. Eg tenkte at ordensmakta var ute etter dei som øydela ting, men nei, det var sangane våre dei ville ha ein slutt på. Vi hadde erobra uteområdet med «Eirik Bakke, kjør over pakket, ditt ville dyr!» og «Her kommer Bergen igjen …», men dei er ikkje vant til god stemning på Lillestrøm. På søndagar skal det vere stille i fjøset.

Det satt fire kanarifugler i et tre …

Vi dansa inn og fortsette oppladninga. Viking scora mot Odd, og vi sang «Kor é gliset no, Fagermo?». Åsane slo Ulf 4-0, og vi sang «Se Mons Ivar, trener som en konge …». Sidemannen min prøvde seg også med «Eg ville heller vært Osama enn Tom Lund» på melodien til «Du skal få min gamle sykel når eg dør».

Arne Erlandsen sine utspelte tøffingar.

Og eg må berre få sagt det: Gu’ så herleg det er å berre kunne gaule på med den stemma du har, saman med hundre andre som også berre gaular på med den stemma dei har.

Det satt tre kanarifugler i et tre …

Mellom sangøktene snakka vi oss varme om alle dei geniale grepa til strilane på Stadion. Ja, så varme i trøya blei vi at vi nesten begynte å tru at det kunne vere muleg å slå LSK, sjølv om Arne Erlandsen trenar dei igjen, og vi alltid tapar mot Erlandsen sin knokkelfotball.

Det satt to kanarifugler i et tre …

Lady In Red: Vi har Erna Solberg!

Utanfor Åråsen blei vi igjen stoppa av politiet. Denne gongen fordi «det skulle komme noen». Vi forstod straks kven «noen» måtte vere, og begynte å gaule «Erna Solberg, hon gjør så godt som hon kan … Erna Solberg é en hedersmann!». Like etter parkerte politieskorten framfor Åråsen, og ut av den svarte bilen i midten steig den raude statsministeren som straks fekk servert «Vi har Erna Solberg / Ja, vi har Erna Solberg / Vi har Erna Solberg / Vi é Brann!».

Det er liten tvil om at Brann har eit godt grep på den politiske eliten. I køen inn på stadion helste vi på Audun Lysbakken, og observerte fleire andre stortingsrepresentantar med Brann-skjerf.

Det satt én kanarifugl i et tre …

Lillestrøm starta best, men det blei raskt klart at Piotr framleis var forbanna etter fair play-målet i 2012. Han skulle halde nullen. Daniel Braaten vart inspirert: Slåst, dribla og sprang frå 10 år yngre LSK-spelarar. Og vi visste det jo: Ein vakker dag ville Daniel Omoya Braaten score for Sportsklubben Brann, og dette var allereie ein vakker dag.

Braatens første Brann-mål: Lang ball fra Wormgoor, nydeleg stuss av Børven til mannen med landets mest kjente av-og-på-knapp. Bortefeltet rabla gal, og Bergen bør ha pådratt seg kronisk Braaten-feber.

Udsigt fra bortefeltet.

Og SK Brann fra Bergen skjøt di ned

Vi var knapt ferdige med å hylle Braaten då same mann serverte Gilli Rólantsson som hælflikka inn eit 2-0-mål av den typen vi umiddelbart visste at vi måtte heim og sjå igjen og igjen og igjen på YouTube. Krykker blei kasta. Vi klemte og svaia. Nokre rader nedanfor kasta folk skjortene.

– Vi er jo totalt overlegne, jubla E. ved sida av meg. – Så det er altså slik det føles å vere rosenborgsupporter …

Uovervinnelege sang vi oss ut av Åråsen – «Erna rykker ned i år, hurra, hurra!» – og då vi passerte puben på veg til toget, låg det fem kanarifuglar med beina i vêret under treet ved puben.

26. april 2017

Publisert 27/04/2017 av Berge.

Brann slo Austevoll 7-0 i første runde i cupen.

Brann slo Austevoll 7-0 i første runde i cupen.

Publisert 26/04/2017 av Berge.

Min første runde i cupen …

Min første runde i cupen …

Publisert 27/04/2017 av Berge.

Minne: Innmarsj Brann-Viking 2016.


Minne: Innmarsj Brann-Viking 2016.

28. april 2017

Publisert 28/04/2017 av Berge.

Når eg ligg vaken om natta og tenker på døden, hender det at eg klarar å telle meg i søvn. Eg teller verken sauer eller Brann-spelarar, berre heilt normal telling frå éin og oppover, heilt til eg glømmer det eg tenkte på, og sovnar. I natt derimot, då eg låg vaken og tenkte på at […]

Når eg ligg vaken om natta og tenker på døden, hender det at eg klarar å telle meg i søvn. Eg teller verken sauer eller Brann-spelarar, berre heilt normal telling frå éin og oppover, heilt til eg glømmer det eg tenkte på, og sovnar. I natt derimot, då eg låg vaken og tenkte på at eg ein dag ikkje skal sjå fleire Brann-kampar, oppdaga eg at Torgeir Børven har øydelagt heile metoden. Eg begynte på nytt fleire gonger, men kom aldri lenger enn til éin, to, tre – Øystese!

29. april 2017

Publisert 29/04/2017 av Berge.

Tapte 1-1 mot Viking på Stadion etter overtidsscorig av siddisane.

Tapte 1-1 mot Viking på Stadion etter overtidsscorig av siddisane.

Publisert 29/04/2017 av Berge.

Innmarsj Brann-Viking.

Innmarsj Brann-Viking.

Brann – Viking 1-1

Publisert 30/04/2017 av Berge.

Nei! Nei! Nei!

Frå huset vårt i Hokksund til Isachsen Stadion tar det ti minutt med bil. Mi største frykt her i livet er derfor at minimennesket i familien skal bli Mjøndalen-supporter. Det bergenske propagandaapparatet har sjølvsagt gjort sitt: Bestefar har kjøpt Brann-drakt, eg har trykka body med «Kniksen & Knudsen» på, og «Ikkje fåkk med kjærligheten» er fast voggesang. Til no har det likevel vore lite Brann-interesse å spore.

Austevoll – Brann

På onsdag for eksempel, ti minutt ut i kampen mot Austevoll, forklarte verdas største Peppa Gris-fan meg at TV-en ikkje er min. Etter det gjekk kampen slik:

0-1: Eg styrte med NRK-appen på ipaden og Peppa Gris på fjernsynet då Steffen Lie Skålevik scora. Eg venta spent på reprisen då kommentator Oddgeir Øystese informerte om at NRK ikkje kom til sende nokon reprise. Nei! Seriøst?!

0-2: Eg er opptatt med å sette på ein ny Peppa Gris-episode då Azar, Azar, Azar Karadas fiksar 2-0.

0-3: Akutt bleieskift.

0-4: Verdas største Peppa Gris-fan er sulten. Eg hentar primboksen ut av kjøleskapet og går glipp av at Haldor Stenevik scorar på heimebane (sjølv om eg har lært av 0-2 og 0-3 og denne gongen har ipaden i handa). Kvifor i mørke, svarte … sender dei ikkje reprise?!

0-5: Wifi-en streikar idet Brann får straffe. Krakilsk brannsupporter og like krakilsk Peppa Gris-fan begynner feilsøking.

0-6: Peppa Gris-fan trykker skiva med prim ned i sofaen idet Steffen Lie Skålevik puttar sitt andre.

0-7: Lang ball mot Vega ute på kanten. Vega tar ballen fint ned og buar skotet hardt rundt keeper, inn i det motsette hjørnet.

Så, ja, eg fekk med meg eitt av sju mål, og begynte straks å uroe meg for korleis det skulle gå under Brann-Viking, ein kamp eg heller ikkje skulle sjå på stadion.

Tifo-dugnad

For å få opp Brann-entusisamen starta vi laurdagen med Tifo-dugnad, der vi laga verdas minste Brann-flagg med tannpirkar som stang. Eg prøvde også å sette minimennesket inn i Brann-kulturen: Forklarte forskjellen på BGG, Felt Z/Hasunds Hund, BBØ, BST Øst Vest, Barten og Pølse-VIP-en. Det såg ut til å fungere. Ved innmarsj stod vi klare framfor TV-en og flagga, men då kampen begynte var interessa borte:

– Peppa Gris!

– Nei!

– Jo!

– Nei!

– Jo!

– Nei! Nei! Nei!

Triste greier

Eg fekk viljen min, men irriterte meg mest over kor frykteleg utilfredsstillande det er å sjå Brann på TV. Ingen Brann-spelar har forhåpentlegvis nokon hørt på instruksjonane mine, men eg føler jo likevel at eg får bidratt når eg står på tribunen.

Spelet var heller ikkje som forventa. Ja, er det éin kamp eg like godt kunne ha sett på ein liten ipad, så er det Brann-Viking 29. april 2017. Der Sportklubben i dei to første heimekampane har skremt motstandaren inn sitt eige mål, var det Viking som fekk ha ballen mest. Haugen scora rett nok frå langt hald, slik at det lenge – ja, veldig, veldig lenge – såg ut til at vi skulle klare å stele med oss tre poeng, men eg stod likevel for det meste i sofaen og kjefta og sukka. Kor var det blitt av den vakre fotballen vi spelte mot Godset, Haugesund og i andre omgang på Åråsen? Kor var det blitt av kampviljen vi viste mot Tromsø?

Då Sivert Heltne Nilsen fekk det gule kortet som gjer at han må stå over mot Rosenborg, banna eg så høgt at mor fant ut at det var best å legge knøttet.

Like vondt som eit tap

I det 92. minutt sette eg meg ned i sofaen, trygg på at dette likevel kom til å gå vegen. Brann hadde fått frispark og kunne trygge inn tre poeng. Braaten og Azar stod klare til å halde på ballen på venstrekanten, men i staden for å slå ballen dit, sleiva sonen til faren ballen ut over sidelinja til Viking-kast. Siddisane storma i angrep, lystne på å hevne Haugens 1-0 scoring på overtid i Stavanger i fjor. Inne i feltet virra ukonsentrerte Brann-spelarar omkring og såg det uungåelege skje.

– Nei! Nei! Nei!

Lite er så deilig som å score på overtid, og lite gjer så vondt som å få mål imot i det 93. minutt. Der og då: Verre enn å tape i Kristiansund. Eg låg på sofaen og vrei meg i irritasjon og smerte. Frå soverommet i andreetasje kom eit lite klynk:

– Pappa?

– Ja?

– Au?

– Ja, pappa har litt au no.

Mai 2017

2. mai 2017

Publisert 02/05/2017 av Berge.

BT har laga oversikt over korleis det har gått med tidlegare Brann-spelarar: http://www.bt.no/100Sport/fotball/Her-far-du-komplett-oversikt-Slik-har-det-gatt-med-Branns-utenlandsproffer-234234b.html Eg er litt nysgjerrig på kva Amadaiya Rennie kunne ha blitt til dersom han fekk meir tid i Brann-drakta, men ellers er det vel greitt at dei som har gått har gått etter at Soltvedt begynte å styre overgangane.

BT har laga oversikt over korleis det har gått med tidlegare Brann-spelarar: http://www.bt.no/100Sport/fotball/Her-far-du-komplett-oversikt-Slik-har-det-gatt-med-Branns-utenlandsproffer-234234b.html Eg er litt nysgjerrig på kva Amadaiya Rennie kunne ha blitt til dersom han fekk meir tid i Brann-drakta, men ellers er det vel greitt at dei som har gått har gått etter at Soltvedt begynte å styre overgangane.

4. mai 2017

Publisert 04/05/2017 av Berge.

Det er den draumen me ber på … at eliteserieklubbane ein vakker dag skal få felles billettsystem slik at det blir enkelt å kjøpe billett til bortekamp (for eksempel i Sogndal).

Det er den draumen me ber på … at eliteserieklubbane ein vakker dag skal få felles billettsystem slik at det blir enkelt å kjøpe billett til bortekamp (for eksempel i Sogndal).

Publisert 04/05/2017 av Berge.

Minne: VG 31. oktober 2011.

Minne: VG 31. oktober 2011.

Publisert 06/05/2017 av Berge.

Oh Fredrik how did I ever doubt you. […] Haugen is averaging 1 key pass more than anyone else in the league per game. He has 1 goal and 2 assists (33% contribution of all Brann’s goals) and is at the fulcrum of everything Brann does going forward. He is also whipping in 3.3 crosses […]

Oh Fredrik how did I ever doubt you. […] Haugen is averaging 1 key pass more than anyone else in the league per game. He has 1 goal and 2 assists (33% contribution of all Brann’s goals) and is at the fulcrum of everything Brann does going forward. He is also whipping in 3.3 crosses per game, more than anyone else in this Brann side. I would love to see him with a striker on his wavelength, but for now, he is the star of Lars Arne Nilsen’s team.Footballradars Perry Sykes om kvifor han har Fredrik Haugen på laget med dei 11 beste så langt i sesongen.

Publisert 06/05/2017 av Berge.

I have attempted a 'Best 11 so far' in the Eliteserien. Read and criticise for leaving out your favourite player. https://t.co/KPBWJi2OuT pic.twitter.com/1nKqp8TUML — Perry Sykes (@FRfotballPerry) May 5, 2017

Publisert 05/05/2017 av Berge.

SPAM: Noko av det verste med å vere brannsupporter er all søppelposten du får fordi du har kjøpt billett til ein bortekamp.

SPAM: Noko av det verste med å vere brannsupporter er all søppelposten du får fordi du har kjøpt billett til ein bortekamp.

Publisert 06/05/2017 av Berge.

Ein tur innom verdas vakraste by på veg til Trondheim. Nydeleg flytur med fjordar og snødekte fjell, men vakker natur kan likevel ikkje måle seg med å få auge på Stadion frå lufta.

Ein tur innom verdas vakraste by på veg til Trondheim. Nydeleg flytur med fjordar og snødekte fjell, men vakker natur kan likevel ikkje måle seg med å få auge på Stadion frå lufta.

Publisert 07/05/2017 av Berge.

Veggen over pissoaret på Lille London.

Veggen over pissoaret på Lille London.

Publisert 07/05/2017 av Berge.

Laber stemning på puben til no. Alle sørger over å ha reist fra 20 gradar og sol i Bergen til 4 gradar og sludd i Trondheim.

Laber stemning på puben til no. Alle sørger over å ha reist fra 20 gradar og sol i Bergen til 4 gradar og sludd i Trondheim.

Publisert 07/05/2017 av Berge.

Englestatuen på Lille London hatar NFF.

Englestatuen på Lille London hatar NFF.

Publisert 07/05/2017 av Berge.

Vi prøvde.

Vi prøvde.

RBK – Brann 2-1

Publisert 08/05/2017 av Berge.

Et kort sekund, en liten stund, var det vidunderlig å leve.

Jan Eggum er neppe den mest spelte bergensartisten for tida, men få skildrar (ufrivillig) livet som brannsupporter betre enn han. Etter 2-1-tapet mot «Hele Norges Rosenborg» er det kanskje mest naturleg å tenke på Mor, jeg vil tilbake, men det var ein annan sang vi trøsta oss med der vi gjekk triste og frustrerte ut av Lerkendal: Et kort sekund, en liten stund, var det vidunderlig å leve.

Vi prøvde.

Takk Gilli!

Den vesle stunda det var snakk om, var minutta etter at Gilli Rólantsson mot slutten av kampen hadde knust til frå 20-30 meter. Før dette hadde vi sett Piotr servere Helland 1-0 etter berre åtte minutt. Vi hadde også sett Acosta smelle ballen over Rosenborg-målet frå éin meter, etter eit nydeleg slått frispark av Haugen, samt jubla utan grunn då Vito Wormgoor heada ballen i mål, og vi, i vår naive glede, ikkje fekk med oss at linjedommaren markerte ein svært tvilsam offside.

Rosenborg hadde flest sjansar, men Brann var på ingen måte så utspelte som vi hadde frykta at dei kom til å bli. Vi følte med andre ord at 1-1-målet var svært fortent. Ikkje minst med tanke på at vi hadde reist frå sol og 20 gradar i Bergen, til eit grått og iskaldt Trondheim for å høyre Kjernen lalle i 95 minutt.

NM-gull i lalling

For det er jo berre å innrømme det: Rosenborg har landets beste supporterar dersom du liker trøkk og tre sangar per omgang, altså 15 minutt med samanhengande indentitetslaus «shalalala», «olé, olé, olé« eller «Her kommer Pippi Langstrømpe». Hadde dei ikkje spelt Et bilde tå’n Ivers før kampen, ville det ha vore totalt umuleg å vite kva lag Brann spelte mot.

Tredokka i trappa på Lille London hatar NFF.

Verdas største gruppeklem

Tilbake til Gilli-målet: Eg hadde lært av annulleringa, kikka på linjemannen. Flagget var nede, og idet Gilli, Gilli, Gilli stupte framover i vill glede, smalt bortefeltet saman i verdas største gruppeklem. Eg fekk ein albue i det eine kinnet og eit kyss på det andre. Eit kort sekund fekk vi også ein sårt tiltrengt pause frå lallinga til Kjernen.

Brått var livet langt meir herleg enn vi hadde sett for oss at det kom til å vere på dette tidspunktet av kampen. Ja, på puben tidlegare på dagen hadde stemninga vore direkte laber.  Du veit jo kva du går til, når du reiser på bortekamp i Trondheim. E. sjekka konstant yr.no og kunne fortelle at det no var 19, nei 20, nei 21(!) gradar i Bergen. Vi prøvde å muntre oss opp med Tom Sanne-sangen («Tom Sanne, ååå, Tom Sanne, ååå … Han gjør så godt som han kan») og snakka om kor dårlege RBK har vore til no i sesongen. Vi klarte likevel aldri å lure oss sjølve til å tru på noko anna enn minst 3-0-tap.

God nok grunn

Men du kan jo aldri vite. Ein oktoberdag i 2011 sat vi også mørke i blikket på ein brun pub i Trondheim og venta på å tape minst 3-0. Kvelden endte med 3-6-seier og eit av dei lykkelegaste sekunda i livet mitt: Då Birkir Már Sævarsson storma mot RBK-målet, forvandla seg til Lionel Messi og lobba ballen kaldt over Daniel Örlund.

Ung supporter merka for livet av Sportsklubben.

Det var kanskje ikkje like deilig å sjå Gilli putte 1-1-målet i kveld, men nesten. Eg ville i alle fall ikkje ha vore nokon annan stad akkurat då. Og til og med no, her eg sit på nattoget til Oslo, frustrert over at Brann for tredje gong har rota bort poeng på overtid, og klar over at eg ikkje kjem til å få sove noko som helst dei neste sju timane, kjenner eg at sekunda med ustyrleg feiring var god nok grunn til at det var verdt strevet.

11. mai 2017

Publisert 11/05/2017 av Berge.

Ryddar, lagar middag, vaskar opp og vaskar ned for å rettferdiggjere at eg skal reise på tre kampar den kommande veka. BT melder forresten at Wormgoor skada seg på trening. Tippar Grønner måtte kjempe hardt for å ikkje glise.

Ryddar, lagar middag, vaskar opp og vaskar ned for å rettferdiggjere at eg skal reise på tre kampar den kommande veka. BT melder forresten at Wormgoor skada seg på trening. Tippar Grønner måtte kjempe hardt for å ikkje glise.

Publisert 13/05/2017 av Berge.

Stadion é tom, men alle skal på 16. mai.

Stadion é tom, men alle skal på 16. mai.

16. mai 2017

Publisert 16/05/2017 av Berge.

Å stå opp er vanlegvis det mest problematiske eg veit om. Meir problematisk enn velferdsprofitørar. Nesten verre enn døden. Men ikkje 16. mai. Då sprett eg opp med eit glis. Adrenalin! Endorfin! Dopamin! Alt følgjer den same årlege rutinen: Eg pakkar ei flaske med boblar i sekken, får melding av Elvis som er redd for […]

Å stå opp er vanlegvis det mest problematiske eg veit om. Meir problematisk enn velferdsprofitørar. Nesten verre enn døden. Men ikkje 16. mai. Då sprett eg opp med eit glis. Adrenalin! Endorfin! Dopamin!

Alt følgjer den same årlege rutinen: Eg pakkar ei flaske med boblar i sekken, får melding av Elvis som er redd for at eg ikkje skal rekke toget over fjellet:

Våken?

Jepp! Er du klar, Elvis?

Som ein konfirmant bak eit skur med si første ølflaske.

Eg går, nei dansar, til Hokksund stasjon, står ved sida av sure stresskoffertmenneske på veg til dei viktige jobbane sine som account executive og global manager i Oslo. Eg passar sjølvsagt på å klirre med sekken og kneppe opp jakka slik at dei ser Brann-drakta og forstår kven av oss som skal ha ein herleg dag.

Publisert 16/05/2017 av Berge.

16. mai 2017: Vi é på vei!

16. mai 2017: Vi é på vei!

Publisert 16/05/2017 av Berge.

TIFO verdig 5-0.

TIFO verdig 5-0.

Brann – Sandefjord 5-0

Publisert 17/05/2017 av Berge.

Calvados og champagnefotball.

Ein av farane med 16. mai er at du begynner på Calvadosen for tidleg på dagen.

Problemet med 16. mai – i alle fall for oss som bur på austlandet – er at det er så forbaska lett å gå for hardt ut tidleg på dagen. Vi har gjerne lagt vaken og gleda oss store deler av natta, og idet vekkerklokka endeleg ringer, hoppar vi ut av senga. Adrenalin! Endorfin! Dopamin! Vi kan berre ikkje kome oss raskt nok til Bergen.

I løpet av dei sju timane på toget skal vi gjerne drikke litt boblebrus, eit par øl i menyvogna og smake på Calvadosen ein i reisefølget har med seg. Og heile tida pratar vi … Fleipar og mimrar om Brann-turar, som den legendariske heimreisa fra Sogndal i fjor då Sportsklubben endeleg var klar for Europa og vi stod på ferja og gaula «Borgerkrig! Borgerkrig! Republikken til Europa League!».

1-0 er ei farleg leiing

Framme i Bergen skal vi sjølvsagt innom Fotballpuben. Det er framleis tre timar til kampstart, og nok av tid til å drikke fleire øl. Ved innmarsj er gjengen totalslitne. Vi har reist i sju timar med tog for å synge laget fram, men rytmesansen er ute av takt og stemma er hås etter all pratinga. Fleire snakkar om at magen ikkje er heilt god. Det hjelper heller ikkje at Rune Soltvedt før kampen har sagt til BT at han fryktar Brann kjem til å måtte jobbe hardt for å bryte ned Sandfjord-forsvaret: «De lyt vera tolmodige!»

Heldigvis hadde spelarane andre planar 16. mai 2017. Gira på Nystemten og TIFO-show, pressa Braaten, Orlov og Barmen Sandefjord til å gjere ein fatal feil etter berre seks minutt. Scoring av Barmen Army var nøyaktig det slitne eksil-bergensarar trengte for å få energien tilbake.

Felles konklusjon: – No må dei berre ikkje legge seg bakpå … 1-0 er ei livsfarleg leiing!

2-0 er ei farleg leiing

Vi såg for oss 84 minutt med energidrepande forsvarsfotball, men det tok ikkje lang tid før vi fekk nytt påfyll av pågangsmot. Fredrik Haugen fyrte av med vrista fra 25 meter, og ballen sneik seg inn ved stolperota. E. blei ståande og måpe, medan resten av gjengen rabla gal. Då vi hadde feira ferdig stod E. framleis urørleg og stira på punktet der ballen hadde gått inn i målet.

– Men … Men … stotra han. – Eg er sikker på at ballen gjekk utanfor!

Felles konklusjon: E. må få seg briller og Brann må peise på. «2-0 er den farlegaste leiinga av alle!»

3-0 er ei farleg leiing og 4-0 er berre herleg!

Brann heldt fram med å rundspele Sandefjord den neste halvtimen. I staden for å frykte redusering, begynte vi å fable om kor mange mål vi kom til å få sjå, og i det 40. minuttet heada Orlov inn scoringa vi venta på.

– 3-0 er ei livsfarleg leiing, rakk vi akkurat å flire før Brann serverte nok ei nydeleg kontring:

Gilli til Haugen, vidare til Braaten på løp i 100 km/t nedover høgresida. Presist innlegg til Orlov som skalla ballen til heile bergens nye favoritt-færøying, mannen som starta angrepet, Gilli, Gilli, Gilli Rólantsson. Igjen rasa kroppens naturlege rusmiddel ut i blodet vårt. Adrenalin! Endorfin! Dopamin!

Gullet ska hem!

5-0 er eit fantastisk punktum

4-1-kampen mot Molde hadde ei perfekt dramaturgisk oppbygging: Ein jevn kamp vi undervegs ikkje forstod korleis Brann skulle klare å vinne, blei avslutta med to kjappe mål. 16. mai-kampen mot Sandefjord fekk derimot ein dupp i andre omgang. Vi ropte «Tempo!» og «Kjør over pakket!», men Sportsklubben hadde tydelegvis bestemt seg for å spare krefter til Sogndal-kampen. Inn kom reservane vi har sett lite til: Azar Karadas, Deyver Vega og Viðar Ari Jónsson.

Brann hadde full kontroll, men den lange dagen tærte igjen på kroppane våre, og det einaste som kunne vekke oss fra døsen vi var i ferd med å gå inn i, var fleire mål. Då Vega på overtid kom aleine med keeper utan å score, gav vi opp håpet. Det gjorde ikkje Fredrik Haugen. Gullfoten viste at han også er ballgjennvinnar, knabba kula fra Sandefjord-forsvaret og sentra til Nouri som skaut, og via målvakta, assisterte Jónsson sitt første Brann-mål. Fylte av phenylethylamin, stoffet som strøymer gjennom forelska tenåringar, dansa vi ut av Stadion, heim for å sove eit par dagar før road tripen til Sogndalsfjøra.

Publisert 19/05/2017 av Berge.

Minne: Geir Hasund i Sogndal 5. mai 2013.

Minne: Geir Hasund i Sogndal 5. mai 2013.

Publisert 20/05/2017 av Berge.

På veg til saftbygdi.

På veg til saftbygdi.

Publisert 20/05/2017 av Berge.

Opp med handa det laget i Europa som har finare borteturar enn oss.

Opp med handa det laget i Europa som har finare borteturar enn oss.

Publisert 20/05/2017 av Berge.

Pissepause, pissepause …

Pissepause, pissepause …

Publisert 20/05/2017 av Berge.

Spissduellen: Orlov og Børven ventar på å få vite kven som skal spele. Det ingen av dei veit er at Azar startar.

Spissduellen: Orlov og Børven ventar på å få vite kven som skal spele. Det ingen av dei veit er at Azar startar.

Publisert 20/05/2017 av Berge.

«Kjetil Rekdal é en av oss … Han hater Engen og liker å slåss!»

«Kjetil Rekdal é en av oss … Han hater Engen og liker å slåss!»

Sogndal – Brann 2-3

Publisert 22/05/2017 av Berge.

Plutseleg rabla det for meg.

Road trip 40 mil til Sogndalsfjøra med Fredriksen, Elvis og bror min.

– Jævla NFF!

Fredriksen fresa ved sida av meg, og «Vi vil ha Edvardsen tilbake!» runga fra bortefeltet på Fosshaugane. Framfor oss fekk Sogndal-spelarane lov til å klore, lugge og rive Jakob Orlov ned i plastmatta utan at mannen i svart reagerte. Brann var – med god hjelp fra dommaren – i ferd med å tape 2-0 i saftbygda. Sportsklubben stanga og stanga mot det kompakte Sogndal-forsvaret, men det er ikkje så forbanna lett å score når ein midtstoppar hoppar på deg som ein selskapssjuk hund kvar gong du skal skyte. Berre spør Jakob Orlov.

Tru

Før kampen hadde eg sett for meg at vi kom til å tape fordi Sogndal som vanleg ville peise på med ein intensitet dei berre klarar å mobilisere når Brann kjem på besøk. Eg hadde også tenkt at Brann-spelarane ville vere utlada etter festkampane mot Molde og Sandefjord, og eg hadde sett for meg at Henrik Furebotn tilfedigvis ville kome forbi idet Acosta knipsa vekk ein mygg frå skuldera si, slik at vi måtte spele med ti mann nesten heile kampen.

Men Sogndal peiste ikkje på, Brann-spelarane var ikkje slitne, og Acosta klarte å halde fingrane unna Henrik Furebotn. Då Barmen Army dempa ballen, vende vekk mannene og blåste ‘an ned i venstrehjørnet, kom trua på poeng. Pedersen kasta krykkene, vi klemte og hoppa. I nettet framfor oss hang Bergens Glade Gutter.

God kok.

Håp

Dommaren heldt fram med å dømme fordel Sogndal i alle tvilsame situasjonar. Minst éin soleklar corner enda med utspel fra keeper, og fleire Brann-spelarar enn Orlov blei trakaserte framfor augene våre utan at det fekk konsekvensar for saftlaget. Trua på 2-2 var likevel sterkare enn frykta for 3-1. Du kunne høre det på synginga vår. Vi sang «Byen é Bergen» med gladare og gladare stemmer, og «Gullet ska hem!» med større og større overtyding. Men så plutseleg tok Barmen seg til venstrebeinet og snurpa ansiktet saman i smerte. E. starta straks å ramse opp alle potensielle indreløparar på benken:

– Peter Orry Larsen … ehh … ehh … Faen!

Sorry Orry, men etter Rosenborg-kampen mista vi trua på deg. Då Barmen halta ut, frykta vi derfor at Sogndal hadde fått eit rom dei kunne angripe i. I ettertid er det lett å sjå at vi ikkje hadde noko å frykte: Sjølvsagt kom Peter Orry Larsen, mannen som kom til Brann etter å ha hatt ein gentlemen’s agreement med Eirik Bakke, til å score på Fosshaugane.

82. minutt: Corner fra Haugen hardt inn mot første stolpe og innbyttar Larsen. Medan Brann-spelarane feira 2-2, stirra vi på dommaren som stod med ei hand mot øyret og snakka med nokon.

Fredriksen kneip meg hardt i armen.

– Nå ringer han NFF eller Yngve Hallén for å høre om han kan godkjenne målet, mumla han. – Han kommer til å anulere … Helt sikker! Helt sikker!

Heldigvis tok verken NFF eller Hallén telefonen. Mannen i svart gløtta opp på bortefeltet. Vi flekka tenner, og han våga ikkje å gjere anna enn å godkjenne målet. Bergens Glade Gutter ikkje berre hang, men ramla inn i nettet framfor oss, og øverst på tribunen greip bror min og eg tak i ein framand som nok hadde tenkt at det var trygt å stå der oppe under taket, klemde han slik vi hadde sett Sogndal-spelarane klemme Jakob Orlov.

Og rabling

Bortefeltet kokte, og då Brann minuttet etter 2-2 igjen var i angrep, fann eg ut at det kunne vere greitt å dokumentere stemninga. På mobilskjermen såg eg Nilsen sentre til Haugen utanfor 16-meteren, såg eg Fredrik Haugen klinke til:

«Vi klipper ikkje gress, vi går på kamp»

Kampen var over, men vi ville ikkje gå fra stadion. Eg var i eit manisk modus eg knapt kan hugse å ha vore i sidan 2007: 120 i puls, skjelvande hender og eit glis rundt kjeften sjølv ikkje Dag-Eilev nokon gong vil kunne konkurrere med. Medan dei andre som heller ikkje ville gå fra stadion stilte seg opp bak tv-teamet til Eurosport, sat eg meg ned og fryda meg over synet av 100 oppkjørte medsupporterar som gaula «Tjukk og feit og full og seriegull!» og hylla Reka med «Kjetil Rekdal é en av oss / Han hater Engen / Han liker å slåss!».

Nettet mellom bortesupporterane og bana måtte gi tapt etter 2-2-feiringa.

Vi var framleis like høge på Sportsklubben Brann då vi gjekk nedover mot sentrum, sang «Vi klipper ikkje gress, vi går på kamp» til sogningen som hadde funne fram plenklipparen, og «Viss du elskar, elskar Brann så hopp» til barna med Sogndal-drakt som hoppa på trampoline i vegkanten. Ja, så lykkelege var vi at vi ikkje nølte med å betale 200 kroner for å høyre Olav Stedje på Lægreidspuben. Plutseleg stod vi og sang med på lighterbaladen «Vi vandrar saman» og dansa indianardans til «Stao nao pao», og like plutseleg begynte fleire med raud drakt å vifte med mobilane sine.

– Sjekk her, då!

– Steike!

– Herlig!

På skjermen til bror min såg eg Daniel Braaten danse med brannsupporterane på ferja.

Eit kort sekund var eg nedtrykt fordi eg ikkje fekk vere med på ferjefesten, men så fyrte Olav i gang «Nystemten», og ikkje berre vi i raudt, men også sogningane reiste seg og sang med.

Bord eg vil tilbake

Søndag vakna eg på bordet på hotelrommet. I dobbeltsenga låg reisekameratane mine Elvis og Fredriksen. Elvis snorka, Fredriksen såg på videoen fra ferja igjen og igjen og igjen. Eg sette meg opp og glisa.

– God morgen, Fredriksen! Eg hadde ein fantastisk drøm. Vi låg under 2-0 på Fosshaugane, og så snudde vi det. Rett før eg vakna låg vi eitt poeng bak Rosenborg to år etter at vi var 9. plass i OBOS.

Les også:

24. mai 2017

Publisert 24/05/2017 av Berge.

Brann slo Lysekloster 2-0 i cupens andre runde uten å jobbe meir enn dei måtte. Etter kampen tenker eg mest på at Vega er ute på viddene og driblar til han mistar ballen. Ferdig i Brann?

Brann slo Lysekloster 2-0 i cupens andre runde uten å jobbe meir enn dei måtte. Etter kampen tenker eg mest på at Vega er ute på viddene og driblar til han mistar ballen. Ferdig i Brann?

26. mai 2017

Publisert 26/05/2017 av Berge.

Brann er satt opp mot Nest-Sotra i tredje runde i cupen.

Brann er satt opp mot Nest-Sotra i tredje runde i cupen.

Publisert 28/05/2017 av Berge.

TIFO før brannsupporterane mot Brann sitt gatelag.

TIFO før brannsupporterane mot Brann sitt gatelag.

29. mai 2017

Publisert 29/05/2017 av Berge.

I dag er det visst to år sidan Soltvedt henta Lars Arne Nilsen til Brann. Det gjer ikkje 1-1 mot Aalesund mindre kjiipt. Kor passande ville det ikkje ha vore med tabelltopp på toårsdagen … Har ellers begynt på ein tekst om Aalesund-kampen, men det går treigt.

I dag er det visst to år sidan Soltvedt henta Lars Arne Nilsen til Brann. Det gjer ikkje 1-1 mot Aalesund mindre kjiipt. Kor passande ville det ikkje ha vore med tabelltopp på toårsdagen …

Har ellers begynt på ein tekst om Aalesund-kampen, men det går treigt.

Brann – Aalesund 1-1

Publisert 30/05/2017 av Berge.

Branndagboka testar ut korleis det er å sitte på kamp.

I februar, då eg sat og skreiv reisebrev om Thai Chi og psykoterapi i Køben, dukka det opp ei annonse i Facebook-feeden min. Overskrifta var omtrent slik: «Har du lyst på 50 000 kroner?» Svindelforsøk, tenkte eg, men så oppdaga eg at reklamen ikkje var fra Sparebank1 Nigeria: Det var Noregs Mållag som lyste ut eit stipend til folk som bruker nynorsk til noko «uvanleg», for eksempel å dokumentere livet sitt som brannsupporter. Pulsen steig. 50 000 kroner var nøyaktig det eg hadde bruk for. I familien vår er det nemleg stort sett madammen som bidrar med inntekter, medan eg passar på at vi har nok utgifter.

Typisk samtale heime hos oss:

– Eg har forresten tenkt å lage ein Brann-blogg.

– Kommer du til å tjene noe på det, da?

– Nei, men du veit jo at eg ikkje bryr meg om pengar. Kva skal vi med pengar når vi har Lars Arne Nilsen?

– Vi kunne jo for eksempel ha skifta ut den rennende dassen?

Pyro, flagg og sang

Så blid blir du når nokon gir deg pengar for å skrive om Brann. Leiaren i Mållaget ser ikkje så verst blid ut han heller. Det er vel kanskje ikkje så ofte det er pyrofest i Mållaget? Foto: Live Havro Bjørnstad, Bergen Mållag.

Tre månader seinare, 28. mai 2017, stod eg på kunstgraset utanfor Stadion og tok imot stipendet frå leiaren i Mållaget. BGG fyrte av eit par røykbomber, og Bataljonen som nettopp hadde tapt 6-1 for Brann sitt gatelag, stilte seg opp og sang. It was probably the best utdeling av eit nynorskstipend ever, men sjølv om eg endeleg hadde fått eit økonomisk argument for å reise på Brann-kampar, var det noko som plaga meg: Etter utdelinga måtte eg sitte med leiaren i Mållaget og sjå Brann – Aalesund.

Før eg går vidare, må eg presisere at det ikkje var å sjå kampen saman med leiaren i Mållaget som plaga meg. Magne Aasbrenn viste seg å vere ein herleg Fredrikstad-supporter som hadde gleda seg lenge til å høyre Nystemten på Stadion for første gong. Det som plaga meg var sittinga. Eg er ein svært ekspressiv supporter: Eg syng og kjeftar, gestikulerer og hoppar. Kjem Barmen aleine med keeper og skyt tre meter over mål, ristar eg gjerne sidemannen i frustrasjon. I heile mitt liv har eg berre sett to Brann-kampar sittande: Den første som tre-fireåring. Den andre på Bryne ca. ti år seinare, då pappa kjøpte billettar på feil tribune. Ellers har eg stått: I Klokkevingen, på Store Stå og Hansa. På Briskeby, Gjemselund og Goodison Park. Tanken på å plutseleg skulle sitte ned, i beste fall få lov til å klappe i takt til «Hele Stadion!», var nesten uuthaldeleg.

BOB, BOB

Udsigt fra BOB-tribunen

Brann hadde gitt oss billettar på BOB-tribunen: Felt B, heilt nede ved cornerflagget. Der sat vi omringa av ungar som var minst like opptatt av popcorn og sukkerspinn som av kampen. I det fjerne skimta vi Store Stå og Felt Z.

Det var likevel éin soleklar fordel med plassane våre: Vi fekk sjå den gode førsteomgangen til Brann på nært hald. Daniel Braaten og gjengen hælsparka og finta Aalesund ut av kampen. Etter 34 minutt var midtstoppar Ramsteijn så svimmel at han sette ballen i eige mål.

Leiaren i Mållaget var mektig imponert. Dette var noko anna enn det han vanlegvis fekk servert på Fredrikstad Stadion!

Sittesmerter

Fordi Brann spelte så bra, var behovet for å reise seg opp og instruere laget fråverande den første timen. Først etter ca. 60 minutt begynte sittesmertene å melde seg. Ute på bana blei Brann-spelarane meir og meir slitne. Vi såg det i Kristiansund, og vi fekk sjå det igjen mot AAFK: Då Brann ikkje fekk uttelling for det høge presset, begynte Sivert Heltne Nilsen å slenge med armane og kjefte på dommaren. Daniel Braaten tassa rundt og Vito Wormgoor halta. På nabosetet hadde Fredrikstad-supporteren begynt å følge med på FFK – Arendal på mobilen, og i halsen min var eit brøl i ferd med å ta form: «No må du for faen bytte, Nilsen!». Eg svelgde det ned.

– Bytte, Nilsen! Bytte!

Skålevik og Orry varmar opp.

Brølet heldt fram med å stange mot dei samanpressa leppene mine. Det kribla i beina, og rumpa mi var stadig på veg opp frå setet. Til slutt måtte eg berre reise meg.

– Bytte, Nilsen! Bytte!

Heldigvis var ein far nokre rader bak meg einig i bodskapen og reiste seg han òg:

– Bytte, Nilsen! Bytte!

Men Lars Arne Nilsen ville ikkje bytte. Framfor oss varma Skålevik og Orry Larsen opp. Dette var forresten ein annan fordel med BOB-tribunen: Vi hadde full oversikt over feltet der benkeslitarane prøvde å vise seg fram for LAN. Slik er det ikkje i Hansasvingen.

Vanleg samtale på Store Stå:

– Kem é det han har sendt i oppvarming?

– Skaanes.

– Det der é faen ikkje Skaanes! Skaanes har mykje lengre hår. Det må vere Azar.

– Nei, det é jo han der islendingen som var så god i Vestlandshallen i vinter.

Fra åttande rad, heilt ytterst på BOB-tribunen, ser du til og med ansiktsuttrykka til reservane. Etterkvart som den eine Brann-spelaren etter den andre halta og tassa rundt, varma Krepsen opp med stadig større intensitet framfor oss. Til ingen nytte. Aalesund angreip i bølge etter bølge, men Nilsen nekta å sleppe innpå friske bein. Det må ha vore Kong Gud sin største taktiske feil sidan han plasserte Azar på vingen mot Sogndal i OBOS.

Serien ingen vil vinne

Aalesund-dominansen måtte ende med mål til bortelaget. Ja, for oss på BOB-tribunen som såg slaget på nært hald, framstod det nærmast som eit mirakel at dei ikkje klarte å score to. Heldigvis er Eliteserien blitt ligaen ingen har lyst til å vinne. Dagen før hadde Odd spelt uavgjort mot Sandefjord, og då dommaren blåste av, klappa ein smørblid Fredrikstad-supporter meg på skuldra:

– Slapp av, Berge, Sarpsborg spelte uavgjort dei òg!

Udsigt fra BOB-tribunen 2: Stilstudie av Fredrik Haugen.

Les også:

31. mai 2017

Publisert 31/05/2017 av Berge.

Brann avslutta mai med å slå ut Nest-Sotra i cupen. Elendig første omgang, bedre i andre. For første gong viste minimennesket interesse for kampen. Mulig frykten min for at knøttet skal bli Mjøndalen-supporter er ubegrunna.

Brann avslutta mai med å slå ut Nest-Sotra i cupen. Elendig første omgang, bedre i andre. For første gong viste minimennesket interesse for kampen. Mulig frykten min for at knøttet skal bli Mjøndalen-supporter er ubegrunna.

Juni 2017

1. juni 2017

Publisert 01/06/2017 av Berge.

Medlemsmøte i Brann. Klubben varslar ekstraordinært årsmøte om utbygging av Stadion. Mjøndalen slo ut Godset i kampen om å møte SKB i fjerde runde av cupen. Blir uggen i magen av å tenke på at vi skal tilbake til Isachsen stadion.

Medlemsmøte i Brann. Klubben varslar ekstraordinært årsmøte om utbygging av Stadion.

Mjøndalen slo ut Godset i kampen om å møte SKB i fjerde runde av cupen. Blir uggen i magen av å tenke på at vi skal tilbake til Isachsen stadion.

Publisert 04/06/2017 av Berge.

Feira Elvis sin femtiårsdag i natt. Han fekk blant anna Fagermo sitt hovud på eit fat i presang.

Feira Elvis sin femtiårsdag i natt. Han fekk blant anna Fagermo sitt hovud på eit fat i presang.

Publisert 04/06/2017 av Berge.

Det er duket for en skikkelig festaften for oss som er glad i norsk fotball, idet Bergens gjenreiste stolthet kommer på besøk til Skien denne første søndagen i juni. Bergensernes hovedtrener Lars Arne Nilsen tok i 2015 over et skakkjørt Brann-lag, som svensken med det omfangsrike snakketøyet Rikard Norling, hadde kjørt grundig til grøfts. Laget […]

Det er duket for en skikkelig festaften for oss som er glad i norsk fotball, idet Bergens gjenreiste stolthet kommer på besøk til Skien denne første søndagen i juni. Bergensernes hovedtrener Lars Arne Nilsen tok i 2015 over et skakkjørt Brann-lag, som svensken med det omfangsrike snakketøyet Rikard Norling, hadde kjørt grundig til grøfts. Laget kavet da i OBOS-ligaen og et opprykk var ingen selvfølge. Siden da har Nilsen skapt et hardtkjempende kollektiv som i fjor tok en imponerende sølvmedalje. Etter snart halvspilt eliteserie ligger de fortsatt i toppen. DET er en vanvittig prestasjon.Odd.no

Publisert 04/06/2017 av Berge.

Discofyrebussen é på veg.

Discofyrebussen é på veg.

7. juni 2017

Publisert 07/06/2017 av Berge.

Fleire medier melder at Piotr er på veg vekk fra Brann, og at Nyland er på veg inn. Gruar meg til brann.no melder «Gentlemen’s agreement: Piotr ut, Nyland inn».

Fleire medier melder at Piotr er på veg vekk fra Brann, og at Nyland er på veg inn. Gruar meg til brann.no melder «Gentlemen’s agreement: Piotr ut, Nyland inn».

Odd – Brann 0-0

Publisert 06/06/2017 av Berge.

Tar vi seriegull 0-0?

For ein døll kamp dette var! Kjapt oppsummert: Bunnsolid forsvarspel og knapt ein målsjanse til Brann etter pause. Lars Arne Nilsen og gjengen kom til Skagerak Arena for å drepe kampen. Etter 90 minutt pluss tilleggstid vandra LAN rundt på plastmatta framfor oss, klemte og glisa. På tribunen stod vi og klappa høfleg for Brann-spelarane, letta over at Sportsklubben hadde klart å unngå baklengsmål, men også ein smule oppgitt.

Nilsen har alltid rett

BBØ sin Fyrebuss går fra Oslo og Drammen til Brann-kampar på austlandet.

Men vi stolar sjølvsagt på Lars Arne Nilsen. Meiner LAN at det var viktigare å ta to poeng fra Odd enn å få med seg tre poeng til Bergen, vil nok tabellen til slutt vise at han hadde rett. Problemet var berre at vi hadde gira oss så intenst opp før kampen: Øl, bluss og fantastisk trøkk både på Fyrebussen, på puben i Skien og på det fullpakka bortefeltet.

Fleire av oss hadde starta oppladninga allereie dagen før – med femtiårsfeiring for Elvis. 70% av gjestane var brannsupporterar, så det seier seg sjølv at det også her var øl og sang. På gavebordet låg Fagermo sitt hovud på eit fat, og i talen sin minna Elvis oss om kva som tel i livet: Soul og gospel, høge toppar og djupe dalar. Då vi sette oss på Fyrebussen til Skien, var det med andre ord ikkje kjedeleg forsvarsfotball vi forventa oss, men drama: Enten Tjukk og feit og full og seriegull! eller eit frykteleg tap.

Musikal

Spesielt på bortekamp er det å vere brannsupporter litt som å vere med i ein musikal. Plutseleg er det nokon som bryt ut i sang. Ikkje berre om Brann … Nei, når Fyrebussen er full, er det gjerne slik at sang er den mest brukte måten å kommunisere på uansett emne:

Gi meg en øl … Gi meg en øøøl … Eg é tøøørst … Gi meg en øl!

Eller:

Vi har fri i morgen! Ja! Vi har fri i morgen. Vi har fri i morgen. Vi é Brann!

Bluss på veg til Skagerak Arena.

Quisling var ikkje født i Skien

Dagen etter er dei fleste sangane glømt, men enkelte har festa seg:

Eg ville heller vært Tom Sanne enn Tom Lund! på melodien til «Du skal få min gamle sykkel når du dør», for eksempel, eller: Ibsen é dø, Ibsen é døøø … Jævla Skien … Ibsen é dø!

Vi prøvde oss også med Quisling var fra Skien! / Ååå, Quisling var fra Skien … / Quisling var fra Skiiien …, men den meinte dei fleste medsupporterane våre at var for drøy, og dessuten stemte det visst heller ikkje. FAKE NEWS! rett og slett. Nåkken må gå!

Men Nouri må bli

Amin Nouri derimot, han må bli. Mr. Mortensrud var kampens gigant tett fulgt av Piotr og midtstopparane. Det seier også litt om kor underhaldande denne kampen var, at Nouri som gliser og nesten glømmer at han har ballen idet vi roper at han må signere ny kontrakt, var eit av høgdepunkta. Heldigvis er vi lette å muntre opp når vi først er i støtet. På veg ut av Skagerak Arena utnytta vi den gode akustikken i betongtrappa og hylla taktikkaren Lars Arne Nilsen:

Å Nilsen sa / Dette skal gå fort / Én vinter, én vår / så é nok jobben gjort!

Og etter sesongen skal vi stå på Stadion med tårer i augene og seie:

– Det der drittpoenget i Skien. Det var viktig det!

12. juni 2017

Publisert 12/06/2017 av Berge.

I dag er det ei veke til vi får vite kva lag Brann møter først i Europa League. Alexander Osdal har laga liste over potensielle motstandarar: Brannbloggen. Eg håpar på Split (Kroatia), men Luzern i Sveits klatra også oppover på ønskelista etter at eg kikka på bilder av byen.

I dag er det ei veke til vi får vite kva lag Brann møter først i Europa League. Alexander Osdal har laga liste over potensielle motstandarar: Brannbloggen. Eg håpar på Split (Kroatia), men Luzern i Sveits klatra også oppover på ønskelista etter at eg kikka på bilder av byen.

14. juni 2017

Publisert 14/06/2017 av Berge.

Landslagspause, landslagspause … Men litt nytt er det likevel: Azar har resignert, og Haugen seier i BA at han ikkje vil gå til utlandet uten at Brann får pengar for han. Bra!

Landslagspause, landslagspause … Men litt nytt er det likevel: Azar har resignert, og Haugen seier i BA at han ikkje vil gå til utlandet uten at Brann får pengar for han. Bra!

Publisert 16/06/2017 av Berge.

Landslagspause på forumet til Bataljonen også … Synest forresten det er litt rart at Mr. Gulløl ikkje har sjekka om Martin Knudsen er ledig.

Landslagspause på forumet til Bataljonen også … Synest forresten det er litt rart at Mr. Gulløl ikkje har sjekka om Martin Knudsen er ledig.

18. juni 2017

Publisert 18/06/2017 av Berge.

Haugesund slo Rosenborg og Sandefjord slo Sarpsborg. Dermed er Brann på tabelltoppen med seier mot Stabæk i morgon. For ein dag det blir: Trekning av motstandar i Europaligaen og tjukk og feit og full og seriegull på Stadion. Det skal bli godt å få vite kva lag vi møter i Europa League etter å ha […]

Haugesund slo Rosenborg og Sandefjord slo Sarpsborg. Dermed er Brann på tabelltoppen med seier mot Stabæk i morgon. For ein dag det blir: Trekning av motstandar i Europaligaen og tjukk og feit og full og seriegull på Stadion. Det skal bli godt å få vite kva lag vi møter i Europa League etter å ha googla og tenkt på mulige motstandarar og reisemål i over eit halvt år. Og ikkje mint er det forbanna herleg at landslagspausen er over!

Publisert 19/06/2017 av Berge.

På tide å ta av! Når Rosenborg og Sarpsborg tapar, og Brann kan ta tabelltoppen med seier, då, ja, då … Hører dåkke VG og Dagbladet: NÅ TROR HELE BERGEN PÅ GULL!

På tide å ta av! Når Rosenborg og Sarpsborg tapar, og Brann kan ta tabelltoppen med seier, då, ja, då … Hører dåkke VG og Dagbladet: NÅ TROR HELE BERGEN PÅ GULL!

Publisert 19/06/2017 av Berge.

Landa med eit brak i Bergen. Hardaste landinga eg har vore med på på år og dag. Blir nok 0-8-tap i dag.

Landa med eit brak i Bergen. Hardaste landinga eg har vore med på på år og dag. Blir nok 0-8-tap i dag.

Publisert 19/06/2017 av Berge.

Fotikken 19. juni 2017: Bergen koker av forventning før møte med Stabæk som kan ende med at Brann tar over tabelltoppen.

Fotikken 19. juni 2017: Bergen koker av forventning før møte med Stabæk som kan ende med at Brann tar over tabelltoppen.

Publisert 19/06/2017 av Berge.

Spennande trekning i Europa League: Snakkast i Serbia eller Slovakia 13. juli!

Spennande trekning i Europa League: Snakkast i Serbia eller Slovakia 13. juli!

Publisert 19/06/2017 av Berge.

Gullfest: Ni minutt til kampstart. Bergen koker og er klar for tabelltopp.

Gullfest: Ni minutt til kampstart. Bergen koker og er klar for tabelltopp.

Publisert 19/06/2017 av Berge.

Brann – Stabæk 5-0

Publisert 20/06/2017 av Berge.

Stadion é tom, men alle ska på fest i Budapest!

BUNK. Flyet landa med eit hardt dunk på Flesland. Det var ei av dei hardaste landingane eg har vore med på, og eg begynte sjølvsagt straks å tenke på kampen. Eg såg for meg Piotr sleppe ballen mellom beina for å senke marknadsverdien sin. Såg Vega drible seg sjølv svimmel. Såg Ohi score igjen og igjen og igjen.

Jinx

Kvelden før hadde eg i glede over at Brann kunne ta over tabelltoppen med seier over Stabæk, lagt ut ei takkemelding på Facebook til Sandefjord, Haugesund og VIF-Døvle (den einaste dommaren som hatar RBK like mykje som oss), og avslutta med eit sjølvsikkert: I morgon tar vi over tabelltoppen. Snakkast på Stadion, Bergen!

Vigdis Hjorth-øl roar nervene før Europa League-trekning.

Elvis blei rasande: Må du jaggu meg slutte med det positivitetspreiket ditt! Her er det jinxing opp og i mente! Skulle tru det var NFF som har hacka kontoen din. 

Han har rett! innsåg eg idet flyet brått bremsa opp og svingte inn til terminalen. Eg har øydelagt kampen for heile Bergen.

Eksentrisk UEFA-show

Heldigvis hadde eg andre ting å glede meg over. I over eit halvt år har eg googla Luzern og Split, sjekka UD sine reiseråd for Aserbajdsjan og Kasakhstan, og no skulle vi endeleg få vite kven Brann møter i Europa League. Sist Brann spelte Europa-cup var eg fattig student, og kom meg berre på éin bortekamp. Forventninga om eit nytt Europa-eventyr har derfor til tider overskygga alt anna dei siste vekene.

For å korte ned ventetida stakk eg innom Bergenskontoret til Forfattersentrum og smakte på Vigdis Hjorth-ølen som var igjen etter De Litterære Festspill, før eg luska inn på ein rimeleg tom Fotikk og med lett skjevlande hender fann fram UEFA sin live-stream på mobilen.

Alvorlig mann i dress leikar med ballar.

Eit meir eksentrisk show enn trekninga av kampane i første og andre runde av Europa League, skal du leite lenge etter … Ein svært alvorleg mann i dress hadde seks ballar i fire ulike bøtter som han fordelte i tre ulike skåler, før han – framleis like alvorstung, ærverdig og profesjonell – prøvde å sette fart på ballane slik at trekninga skulle framstå som tilfedig.

På papirlappane inne i ballane, stod ikkje namna på laga slik eg hadde tenkt, men eit tal som representerte fleire lag samtidig. Brann var nummer elleve. Men kva tal laga vi kunne møte hadde, var umuleg å hugse. Før eg fekk sjekka det ut, stod svaret på skjermen: Vojvodina (SRB)/Ružomberok (SVK) vs. Brann (NOR).

Serbia eller Slovakia, altså. Brått var Google Maps viktigare enn UEFA-streamen. Eg gliste. Midt på skjermen, midt mellom Karađorđe Stadium og Pod Čebraťom Stadion, oppdaga eg ein by eg har lengta etter å få oppleve: Budapest.

Jinxeangst

Messenger kokte over av turplanlegging. Eitt ord dukka opp igjen og igjen og igjen: Budapest. Jinx og mulig tabelltopp var i eit par timar uviktig, før vi plutseleg var på veg til Stadion og nervøsiteten igjen begynte å melde seg. Elvis såg kampen på pub i Oslo, men eg kunne likevel høre stemma hans over fjella: Skulle tru det var NFF som har hacka kontoen din!

Dei første tjue minutta stod eg og snakka hol i hovudet på sidemannen om Serbia og Slovakia og kor fantastisk turen kom til å bli. Han var edru og prøvde å konsentrere seg om kampen, men eg orka berre ikkje å fokusere på det stygge, stygge tapet som snart kom til å spele seg ut på matta framfor oss. Då høgresida til Brann etter 20 minutt bestemte seg for å vere vakkert målretta og Daniel Braaten smekka inn 1-0, var eg så letta at eg nesten ikkje klarte å juble.

Nesten tomt, men god kok fra oss som var der.

Vi vinner alltid heme – der é vi suveren!

Det var forresten ei merkeleg stemning på Stadion i går: Vi som var der, kokte av forventning om Europa-tur og mulig tabelltopp, og brukte stemmene våre slik at vi knapt kan snakke i dag. Men vi sang for tomme seter. Eg må innrømme at det kjennest litt sjukt å vere så intenst engasjert i noko dei fleste andre tilsynelatande stiller seg totalt likegyldige til, men aldri i verda om eg vil ut av denne deilige, deilige psykosen.

Uansett: Snart rann måla inn. 2-0, 3-0, puste- og pissepause, 4-0, 5-0. Vi feira tabelltoppinga med å kuppe bartefolkets nasjonalsang, Vi er hele Norges nummer én!, fullstendig klar over at Brann allereie på søndag kan komme til å finne tilbake til seg sjølv og tape med både fem og seks mål.

På nattoget til Oslo …

Inne på nattoget kjende eg at eg ikkje var klar for å sove. Det var så mykje å ta innover seg: Tabelltopp. Serbia, Slovakia, Budapest. Og Mjøndalen i cupen! kom eg brått på. Eg skulle til å sende «Ka va det eg sa!»-melding til Elvis, men så dukka det opp fleire brannfolk som heller ikkje fekk sove. Vi sette oss ned i Meny-vogna, fann fram tabellen.

– Vi har faen meg scora ti fleire mål enn Rosenborg!

– Vi har 19 plussmål!

– 19?!

– 19!

– Vi har berre sluppe inn ti mål, veit du.

– Ja.

– Skal dåkke på tur då?

– Klar vi skal på tur.

– Budapest?

– Budapest.

 

Publisert 21/06/2017 av Berge.

VG 20.06.2017.

VG 20.06.2017.

Publisert 25/06/2017 av Berge.

Minne: Far min, BBØ-presidenten og ein tilfeldig fyr vi fann på veg til Sarpsborg i fjor.

Minne: Far min, BBØ-presidenten og ein tilfeldig fyr vi fann på veg til Sarpsborg i fjor.

Publisert 25/06/2017 av Berge.

Klar for Fyrebuss.

Klar for Fyrebuss.

Publisert 25/06/2017 av Berge.

Hittegods på Fyrebussen.

Hittegods på Fyrebussen.

Publisert 25/06/2017 av Berge.

Kvil i fred Frode Larsen.

Kvil i fred Frode Larsen.

Publisert 25/06/2017 av Berge.

Suuuper, Suuuper Ray …

Suuuper, Suuuper Ray …

Publisert 25/06/2017 av Berge.

Det er lov med god keeper og verdens beste midtstopperpar. Eller?

Det er lov med god keeper og verdens beste midtstopperpar. Eller?

Sarpsborg – Brann 1-1

Publisert 26/06/2017 av Berge.

Hver gang vi møtes, tar vi poeng  …

Dei siste 15-20 åra har eit nytt sosialt fenomen dukka opp i Oslo-området: Fire-fem søndagar i året møtest ca. 40 menneske i ulike aldrar og fra ulike sosiale lag for å kjøre buss rundt omkring på austlandet. Undervegs stoppar gjengen på pubar og vegkroer for å synge, danse og protestere mot det sosialdemokratiske forbrukarsamfunnet sine forsøk på å utrydde spontanitet, livsglede og store følelsar.

Det einaste desse menneska (eller vi, då – for eg er med på dette) har til felles, er at vi heiar på Sportsklubben Brann.

Fiasco

Søndag var det igjen tid for tur. Denne gangen til Sarpsborg. Allereie i tolvtida rusla vi forventlingsfulle inn på Fiasco, skjenkestova i skyggen av Oslo Plaza som vart stampuben vår i perioden Roald Bruun-Hanssen styrte Brann-skuta mot nettopp nederleg på nederlag. Før fekk vi ofte høre «Ja, de har nå valgt rett pub, dissse bergenserene», men no er det heldigvis nye tider. Vi skåla og klemte, kikka på tabellen. Det er trass alt ikkje kvar søndag Brann er serieleiar.

Fyrebussen: “Byen é Bergen, og laget é Brann”

Cupfinalemysteriet

På plass i bussen var det som vanleg fyr og sang. Vi gleda oss til Europa League og brølte «Vi skal på fest i Budapest! Vi skal på fest i Budapest! Viii skaaal på fest i Budapest», og då vi passerte Råde kommune, gaula vi den klassiske protestsangen «Råde, Råde, é dårlig på bilbiotek!».

Eit rykte gjekk gjennom bussen:

– Per Egil Ahlsen kjem innom puben i Saprsborg for å helse på oss.

Elvis og Fredriksen begynte straks å mimre om skuddfoten og sekstimeterspassningane til Ahlsen.

– Husker dere forresten cupfinalen i -87? Brann var sikker på at dommeren hadde blåst, og så scora Bryne. Vi må spørre Alhlsen om det der. Hva var det som egentlig skjedde?

Raymond fiksar festen

Men Per Egil Ahlsen dukka ikkje opp på puben i Sarpsborg. Det gjorde derimot Raymond Kvisvik, og Kvisvik ringte Azar Karadas som kunne fortelle at bussen med Brann-spelarane straks kom til å passere oss. Fyrebuss-gjengen greip sjansen til å spre spontan livsglede og storma opp til vegen får å vente på serieleiarane. Det tok si tid.

– Raymond, har du lurt oss?

Først då eg gav opp og ville tilbake til ølen min kom spelarbussen. Krysset kokte: «Vi é berømte Brann fra Bergen!». Før vi rakk å synge ferdig hadde bussen passert. Det heile minna meg litt om den gongen vi såg ei Tour de France-etappe i Colmar. Vi venta og venta, og så svisj hadde syklistane passert.

Tilbake på puben kjørte vi i gang vekselrop mellom borda – «Vi é Brann serieleder! / SK Brann serieleder!» – medan vi framleis hadde sjansen. Så marsjerte vi inn i bussen full av håp om at synet av 40 smørblide Brann-disiplar i vegkanten hadde gitt Lars Arne Nilsen lyst på tre poeng.

Motvind

Sarpsborg har gjort det dei kan for å ødelegge for bortesupporterane: På den langstrakte tribunen uten tak forsvinn sangane med vinden. Vind var det forresten nok av. Motvind. Sarpsborg herja med Sportsklubben som låg kompakt i ramma, og uten Barmen på bana var det ingen som kunne halde på ballen slik at Brann fekk flytta opp laget.

På tribunen kunne du høre variantar av den same setninga igjen og igjen:

– Dette går ikkje!

Udsigt fra bortefeltet.

Gode lag på dårlege dagar …

I Skien kunne Brann trygt legge seg bakpå fordi ODD ikkje har evna til å spele seg gjennom ein forsvarsmur. Sarpsborg derimot har nok av kompetanse på nettopp det. Etter 22 minutt smuldra ramma opp og 1-0 var ein realitet. På bortefeltet håpa vi på at målet ville føre til høgare Brann-press, men Sarpsborg var rett og slett for gode. Heldigvis har vi Piotr, Acosta og Wormgoor. Verdens beste keeper serverte reaksjonsreddningar det lukta gull av både med handskane og skoa, Acosta rydda vekk den eine Sarpsborg-spelarane etter den andre som hadde klart å komme seg inn i feltet ved hjelp av lekkert klikk-klakk-spel, og Kaptein-Vito stanga inn 1-1. Lite smakar så godt som ei ufortent scoring med få minutt igjen. Rundt meg ramla medsupporterar som dominobrikker. P. låg langstrakt på setene bak meg og glisa med tårer i augene.

Letta pakka vi ned det eine poenget og sette kursen mot Fyrebussen igjen, med eit gammalt jungelord i tankane: Gode lag tar poeng på dårlege dagar.

Verdens beste keeper går rundt inne i mål og er nøgd med seg sjølv.

Politieskorte

Inne i bussen fekk vi vite at eit par i gjengen hadde blitt henta av svartemarja utan at nokon kunne gi ei god forklaring på kvifor. Eit passe stort sprell må det ha vore, for då vi trilla ut fra stadionområdet var det med politibil både framfor og bak bussen. Nøyaktig kva ordensmakta frykta at vi skulle finne på er eg framleis litt usikker på. Kanskje var dei redde for at vi skulle stoppe ved Råde bibliotek og synge, eller så var dei berre ute etter søndagstillegget.

Vi var uansett glade for selskapet, og for at Brann er ferdig med alle dei verste bortekampane. Litt etter litt sovna den eine supporteren etter andre på setene rundt meg, medan eg og M. satt igjen og nynna på ein variant av ein av Gitarkameratene sine gamle slagerar:

– Hver gang vi møtes, tar vi poeng / Vi é venner for livet, sånne é gode å ha!

27. juni 2017

Publisert 27/06/2017 av Berge.

Starta dagen med å kjøpe meg plass på Bataljonen sin buss fra Budapest til kamp i Slovakia eller Serbia. Ellers har dagen stort sett gått med til å følge med på kor mange som har kjøpt billett til VIF-kampen. Godt over 11 000 no. Lovar bra!

Starta dagen med å kjøpe meg plass på Bataljonen sin buss fra Budapest til kamp i Slovakia eller Serbia. Ellers har dagen stort sett gått med til å følge med på kor mange som har kjøpt billett til VIF-kampen. Godt over 11 000 no. Lovar bra!

Publisert 29/06/2017 av Berge.

«Minne»: Fann denne billetten heime hos foreldra mine. Er fra sommaren før eg blei fødd. Sesongen endte med nedrykk, men kampen mot Eik Tønsberg vann Brann 3-0.

«Minne»: Fann denne billetten heime hos foreldra mine. Er fra sommaren før eg blei fødd. Sesongen endte med nedrykk, men kampen mot Eik Tønsberg vann Brann 3-0.

29. juni 2017

Publisert 29/06/2017 av Berge.

Vojvodina slo Ruzomberok 2-1 i den første kampen om å få møte Brann i andre runde av Europa League. Framleis totalt åpent kor vi skal spele kamp 13. juli med andre ord. Eg fekk ingen stream til å fungere, men ryktet går om at serbarane låg lavt medan slovakias Rosenborg var hissige framover uten å […]

Vojvodina slo Ruzomberok 2-1 i den første kampen om å få møte Brann i andre runde av Europa League. Framleis totalt åpent kor vi skal spele kamp 13. juli med andre ord. Eg fekk ingen stream til å fungere, men ryktet går om at serbarane låg lavt medan slovakias Rosenborg var hissige framover uten å skape altfor mykje. Det siste passar vel kanskje Brann best?

Juli 2017

Publisert 01/07/2017 av Berge.

Minne: Improvisert sang fra Brann – VIF 2016.

Minne: Improvisert sang fra Brann – VIF 2016.

2. juli 2017

Publisert 02/07/2017 av Berge.

Ekte vestlandsk sommar: 10 gradar og regn, øl og snart fullsatt Stadion. Ladar opp til kampen med familiebesøk. «Kaffi» i koppen. Fire generasjonar dansar til «Sweet Caroline».

Ekte vestlandsk sommar: 10 gradar og regn, øl og snart fullsatt Stadion. Ladar opp til kampen med familiebesøk. «Kaffi» i koppen. Fire generasjonar dansar til «Sweet Caroline».

Publisert 02/07/2017 av Berge.

God stemning på Bakrommet før kampen i det minste.

God stemning på Bakrommet før kampen i det minste.

Brann – Vålerengen 1-1

Publisert 03/07/2017 av Berge.

Bergen er på gang!

Endeleg hadde fleire enn dei 10000 mest trufaste oppdaga at vi har eit superlag på gang. Mobiliseringa starta allereie før Sarpsborg-kampen: Bergenske Facebook-feedar var fulle av statusoppdateringar om å komme seg på Stadion, og minst éin lokalpolitikar var i media og snakka om sitt livslange forhold til Sportsklubben – eit sikkert teikn på at Brann har store ting på gang.

På Bataljonen sitt forum følgde dei mest ivrige billettsalet time for time, og på brann.no kunne vi dagleg lese nye gladmeldingar om 11000, 12000, 13000 og 14000 selde seter og ståplassar. Til slutt hadde 16136 kjøpt billett til Brann-Vålerengen 2. juli 2017.

Supportercomeback

Sjølv hadde eg rekruttert ein kompis som pleide å vere med på kamp då eg stod i Klokkesvingen på slutten av 90-talet. I løpet av dei siste 17 åra hadde han berre sett éin Brann-kamp: 3-6-festen i Trondheim. Du skulle kanskje tru at å vere på Lerkendal den kvelden Brann knuste Rosenborg gav deg lyst til å gjere comeback som supporter, men det tok altså seks nye år før han blei med på Stadion.

Tifo-gruppa hadde gjort ein ekstrem innsats for å danke ut Klanen, gire opp spelarane og gi alle nye fjes på tribunen ei god oppleving.

Framfor oss blei eit gigantisk banner av Lars Arne Nilsen malt i sovjetisk propagandastil heist opp. Raud røyk fylte lufta og lungene våre, før «Stemma på Stadion», Remi André Taule, kom med den faste oppfordringa si:

– Reis opp og syng med på Nystemten!

Comebacksupporteren såg forvirra på meg:

– Blir Nystemten spelt fra CD?!

Vått og kaldt og breiflabbfotball

God stemning før kampen.

Fra første sekund blei det klart at kampen kom til å bli prega av overvatn: Avsparket til Engen stoppa straks i ein av sølepyttane i midtsirkelen. Brann snappa ballen og fossa i angrep, men uten å komme til avslutning. Vi håpa på at dei dårlege baneforholda ville vere til fordel for den hardtkjempande raude arméen til Lars Arne Nilsen, men eit relativt fintspelande Engen var minst på høgde med Sportsklubben.

På tribunen var vi derimot overlegne. I timane før kampen hadde vi smurt stemmene våre på Fotballpuben og Bakrommet. Det var tydeleg at mange hadde hatt ein lang søndag til å kjøre seg opp: Sjølv på kontorpuben i SPV-tribunen våga folk å synge høgt og tydeleg:

– Vi é berømte Brann fra Bergen!

Comebacksupporteren gliste: – Syng de den sangen fortsatt?!

Sanganarki

På Hansa hadde Felt Z og sangfeltet til Bataljonen som vanleg to ulike opplegg. Vi sang konsekvent tostemt, ofte i ulikt tempo, nokre gonger ulike sangar. Blant oss i høgre topphjørnet av Store stå råda det full forvirring: Kva tempo skulle vi følge og kva sang skulle vi synge når to ulike sangar blei framført med like heftig trøkk?

– Typisk Bergen! lo comebacksupporteren. – Totalt anarki!

– Speler han fortsatt!?

Som alltid på Stadion følgde stemninga kampen, og etterkvart vart stemmene våre mindre overbeviste om seier. Framfor oss prøvde Sivert Heltne Nilsen nærmast å ta kvelertak på ein VIF-spelar rett etter at han hadde fått gult kort, og minst éin situasjon til kunne enda med straffe til Oslo-laget. Vi gaula også på straffe, men til ingen nytte.

Til slutt hadde vi berre eitt håp:

– Azar! Azar! Azar Karadas!

Comebacksupporteren måpa:

– Speler han fortsatt?!

Vi tar seriegull 0-0!

Dessverre fekk Azar få innlegg. Heller ikkje Krepsen hadde noko å by på, og då gjekk det som det pleier å gå når Brann har ein dårleg eller middels dag med Wormgoor og Acosta som midtstopparar: 0-0.

På veg ut av Stadion følte eg likevel at vi hadde tapt. Overskrifta til kampbloggen var klar: Når Bergen tar fyr, sluknar Brann. Dette har jo nesten vore ei naturlov dei siste åra: Kvar gong vi har mobilisert sofasupporterane har Brann-spelarane sett svake og nervøse ut.

Etter å ha fått sove på det, ser eg sjølvsagt at gårsdagens prestasjon var betre enn som så. Med Sivert Heltne Nilsen sine glødande auge som ledestjerner, gav Brann-spelarane alt i kvar duell for å gi oss ei god oppleving. Halvvegs i sesongen ligg vi på andreplass, to poeng bak Rosenborg, har scora flest mål og sluppe inn færrast. Det viktigaste er kanskje likevel at comebacksupporteren virka tilfreds. Det siste han spurde om før vi sette kursen heimover var i alle fall når Brann speler neste heimekamp.

 

6. juli 2017

Publisert 06/07/2017 av Berge.

Ruzomberok slo Vojvodina. Vi skal med andre ord til Slovakia neste torsdag. Eg håpa intenst på Serbia. Ruzomberok ser ut som ein kald og kjedeleg fjellby. Fotballaget bør det vere gode sjansar for å slå. Begge laga var vel på Eliteserie-nivå. Feilpassningar kunne dei minst like godt som oss, for eksempel. Høgdepunktet i kampen var […]

Ruzomberok slo Vojvodina. Vi skal med andre ord til Slovakia neste torsdag. Eg håpa intenst på Serbia. Ruzomberok ser ut som ein kald og kjedeleg fjellby. Fotballaget bør det vere gode sjansar for å slå. Begge laga var vel på Eliteserie-nivå. Feilpassningar kunne dei minst like godt som oss, for eksempel.

Høgdepunktet i kampen var pausen: Den slovakiske kanalen sende musikkvideoaktige reklamefilmar som toåringen dansa til. Vi bør nok vurdere å sjå meir på slovakisk tv.

Publisert 09/07/2017 av Berge.

SKB-flagg observert på Hokksund Camping.

SKB-flagg observert på Hokksund Camping.

Publisert 09/07/2017 av Berge.

På plass på Bekkestuen. Feil farge og feil øl.

På plass på Bekkestuen. Feil farge og feil øl.

9. juli 2017

Publisert 09/07/2017 av Berge.

Brann tapte 2-0 mot Stabæk på Nadderud – «stadionet» som tømmer deg for energi idet du rullar inn gjennom telleapparatet.

Brann tapte 2-0 mot Stabæk på Nadderud – «stadionet» som tømmer deg for energi idet du rullar inn gjennom telleapparatet.

Stabæk – Brann 2-0

Publisert 10/07/2017 av Berge.

Livet er et annet sted.

Det er ikkje å stå i gjørma i Mjøndalen og sjå Brann rykke ned som får meg til å tvile på Brann-livet mitt. Det er å komme til Nadderud. Middelmådigheit, ikkje nederlag, er lidenskapens verste fiende. Vanlegvis gjer eit 2-0-tap vondt. Vi har gjerne kjørt oss kraftig opp, gitt alt på tribunen, og så sviktar Sportsklubben. Då eg virra rundt utanfor løpebana til Stabæk på jakt etter ein taxi som kunne ta meg raskast mulig bort fra Bærum, var eg berre tom.

Vi merka det allereie då vi kom til Bekkestuen og sette oss ned ved eit bord på Onkel Blaa. Feile fargar overalt, Ringnes i glasa. Vi snakka om døden og kor få av dei mest høglydte supporterane som hadde tatt turen over fjellet. Ein lokal rabagast prøvde å yppe til bråk då vi sang «Byen é Bergen!»: Skubba BBØ-presidenten over bordet slik at ølen vår kvelva og marinerte P. i Ringnes. Dessverre for bråkmakaren er P. ein sindig type som berre himla augene og skifta til tørr skjorte.

Mykje folk, men lite stemning på Onkel Blaa før kampen. Då vi prøvde å synge litt, fekk vi beskjed om å halde kjeft.

– Det eneste som teller i livet er skipsfartshistorie!

Høgdepunktet før kampen var nok likevel ein eldre mann på bussen som lurte på kvifor vi var kledd ut som klovnar i raudt:

– Er det sånn derre fotballkamp? Jeg hater fotball! Og all annen sport for den del. Det eneste som teller i livet er skipsfartshistorie! Hvem var det dere sa dere heia på? Brann? Er dere fra Østfold? Bergen, ja, vel. Dere har jo en stolt skipsfartshistorie. Jeg spiser alltid biff på Børsen når jeg er i Bergen. Beste Biffen! Béarnaise!

Elendig kamp på elendig «stadion»

Mykje folk, men slapp stemning på bortefeltet.

Heldigvis er dette ein supporterblogg, så eg slepp å skrive noko om Lars Arne Nilsen sine altfor seine bytter, om balltapa til sonen på midten, om Orry som måkar ballen over mål aleine med keeper, om slapt forsvarsspel og Skålevik som flaksar rundt uten å få til noko som helst. Dessverre leverte vi ikkje på tribunen heller. Vi var mange, men dei som syng høgast på Stadion må ha tatt ferie eller allereie reist til Budapest for å lade opp til kampen mot Ruzemberok på torsdag. Vi prøvde å samle oss, synge dei mest kjende sangane slik at alle kunne henge seg på, men det tok aldri fyr. Nadderud tømmer deg liksom for energi idet du rullar inn gjennom telleapparatet.

Det er vel forresten det mest positive eg kan seie om Nadderud: Dei har eit godt, gammaldags telleapparat.

«Få se på krykkene!»

Pedersen viftar med krykkene.

Til slutt hadde vi berre eit lite håp igjen. Brann har aldri tapt så lenge vår gode venn Pedersen har måtte gå med krykker på kamp. Då 2-0 var eit faktum, sette vi straks i gang «Få se på krykkene! Få se på krykkene!» Overraskande mange heiv seg på den absurde sangen og Pedersen vifta med krykkene, men Nadderud er ikkje akkurat kjend for magi. Ja, hadde eit utanomjordisk forskningsteam sveva over Nadderud søndag 9. juli 2017 ville dei truleg rapportert heim at her var det null teikn til liv.

Publisert 10/07/2017 av Berge.

Reis opp viss du elsker …

Reis opp viss du elsker …

Publisert 11/07/2017 av Berge.

Ladar opp til Budapest og Ruzomberok – Brann med Facebook sine omsettingar av Ruz-fansen sine statusar. Det er berre å komme seg inn i kjelen!

Ladar opp til Budapest og Ruzomberok – Brann med Facebook sine omsettingar av Ruz-fansen sine statusar. Det er berre å komme seg inn i kjelen!

11. juli 2017

Publisert 11/07/2017 av Berge.

Skulle vore på flyet til Budapest. I staden er eg på veg til Bergen og gravferd. Typisk livet. Heldigvis passar KLM sitt kveldsfly fra Bergen til Amsterdam med flyet fra Amsterdam til Buda i morgon, så det ordnar seg som alltid. Har ellers irritert meg ein del over at Lars Arne Nilsen snakkar om at […]

Skulle vore på flyet til Budapest. I staden er eg på veg til Bergen og gravferd. Typisk livet. Heldigvis passar KLM sitt kveldsfly fra Bergen til Amsterdam med flyet fra Amsterdam til Buda i morgon, så det ordnar seg som alltid.

Har ellers irritert meg ein del over at Lars Arne Nilsen snakkar om at den tøffe veka prega laget mot Stabæk. Det er vel mot Sarpsborg laget eventuelt skal merke at det har vore ei tøff veke?

Publisert 12/07/2017 av Berge.

Eg ve ‘kkje være her … Eg ve ‘kkje være her … Eg vil ned til Buda …

Eg ve ‘kkje være her … Eg ve ‘kkje være her … Eg vil ned til Buda …

Publisert 12/07/2017 av Berge.

Kjenner det på pulsen at det nærmar seg … Einaste skåret i gleden er at det går eit rykte på Schiphol om at Braaten er på veg til Engen.

Kjenner det på pulsen at det nærmar seg … Einaste skåret i gleden er at det går eit rykte på Schiphol om at Braaten er på veg til Engen.

Publisert 13/07/2017 av Berge.

Bergen på tur sløvar i skyggen før avreise til Slovakia.

Bergen på tur sløvar i skyggen før avreise til Slovakia.

Publisert 13/07/2017 av Berge.

Bergen på veg til Lyon 16. mai 2018 via Ruzomberok. «Å vi skal fyre hele veien til Lyon! Å vi skal fyre hele veien til Lyon! Og viss UEFA é litt geme får vi 16. mai heme Vi skal fyre hele veien til Lyon!» Melodi: «Det er meg det samme (Drikkevisa)», Pappasaft

Bergen på veg til Lyon 16. mai 2018 via Ruzomberok.

«Å vi skal fyre hele veien til Lyon!
Å vi skal fyre hele veien til Lyon!
Og viss UEFA é litt geme
får vi 16. mai heme
Vi skal fyre hele veien til Lyon!»

Melodi: «Det er meg det samme (Drikkevisa)», Pappasaft

Publisert 13/07/2017 av Berge.

Brann dominerer i alle fall før kampen.

Brann dominerer i alle fall før kampen.

16. juli 2017

Publisert 16/07/2017 av Berge.

Brann tapte 1-0 mot Sarpsborg på Stadion etter mål på overtid – igjen. Ikkje akkurat det ein sliten, heimvendt Ruzomberok-pilegrim trengte.

Brann tapte 1-0 mot Sarpsborg på Stadion etter mål på overtid – igjen. Ikkje akkurat det ein sliten, heimvendt Ruzomberok-pilegrim trengte.

Å, vi skal fyre hele veien til Lyon!

Publisert 20/07/2017 av Berge.

Fra Buda til Ruzomberok: Endeleg var fotballrepublikken tilbake i Europa!

Melding fra M. 11. juli like før midtnatt:

Å, vi skal fyre hele veien til Lyon!
Å, vi skal fyre hele veien til Lyon!
Og viss UEFA é litt geme får vi 16. mai heme
Vi skal fyre hele veien til Lyon!

Melodi: «Det er meg det samme», Pappasaft.

La oss prøve å få folk med på denne på torsdag.

Fra gravferd til fest

M. var allereie på plass i Budapest med fleire av kompisane våre. Det skulle eg også ha vore, men i staden var eg på veg til Bergen for å gravlegge morfar. Nye billettar til Buda var bestilt. Onsdag 12. juli 2017 skulle bli ein dag med store kontrastar: Kvart over tolv stod vi i den iskalde vinden ved grava på Myking, tolv timar seinare trippa eg inn på ein heit pub i Budapest der ein bergensk bøling hadde samla seg. Fra gravferd til fest på tolv timar fører til i overkant mange motstridande følelsar å halde styr på, men eg kunne jo ikkje gå glipp av turen eg hadde gleda meg til sidan Sogndal-kampen hausten 2016, då det var klart at Brann igjen skulle spele i Europa.

Det kommer ingen i morgen for sånne som oss

Dei neste timane forsvann dei fleste til hotella sine for å vere i form til kampen dagen etter, men eg hadde «faen ikkje løst te å gå hem». Ikkje berre hadde eg nettopp landa i Budapest, eg hadde også samme dag sett døden på nært hald. Her gjeld det å kjøre på mens ein kan, tenkte eg, og fekk med meg M. og eit par andre vidare. Lykkelege over å endeleg skulle på Brann-kamp langt unna Bærum og Levanger, gjekk vi omkring i gatene og sang variasjonar av teksten M. hadde laga:

Å, Barmen skulle vært supporter i Lyon!
Å, Barmen skulle vært supporter i Lyon!
For han kan bare fyre heme.
Skjult for BT – helt alene.
Barmen skulle vært supporter i Lyon!

Utanfor ein av dei få barane som framleis serverte møtte vi ein gjeng belgiarar som også gjekk og sang. Vi slo oss saman med dei, spurde om dei ville lære ein av tekstane våre. Like etter stod 40 belgiarar i gata i Budapest og gaula «Gi faen i Meland kommune! Gi faen i Meland kommune!»

Bergen på tur sløvar i skyggen.

Fra Buda til Ruzomberok

Morgonen etter klarte vi på mystisk vis å komme oss til Helte-plassen i tide til å rekke bussen i retning Slovakia og Ruzomberok. Bergen på tur sløva i skyggen og fordelte seg etterkvart mellom dei to bussane etter mønster fra Stadion: BGG og andre Store stå-folk på den eine, Hasund sine hundar og andre Felt-Z-folk på den andre. Eg klarte ikkje å velge, men vart dytta inn på buss nummer to der M. og eg sette oss i baksetet og fortsatte å lage nye tekstar:

– Vi må ha noko som rimar på Ruzomberok …

– Er det seriøst ikkje éin by i Europa som rimer på Ruzomberok?!

– Vladivostok!

– Då har vi han!

Fra Buda til Ruzomberok, fra Bergen til Vladivostok …
Hele Bergen vet vi skal til Lyon!
Vi skal til Lyon! Vi skal til Lyooon!
Hele Bergen skal til Lyon!

Like etter fylte plystring bussen. Eurovison-melodien.

Høgre – SV 7-0

Vanlegvis er det Høgre og SV som er best representert på Brann-kampar, men på denne turen var det berre blåskjorter å sjå. Totalt trur eg at eg snakka med i alle fall sju Høgre-medlemmer. To av dei, eit par stortingsrepresentantar, hadde ikkje klart å komme seg til Budapest i tide. No var dei på hjul i leiebil bak oss. På ein bensinstasjon ein stad langs Route 66 tok dei oss igjen og blei møtt med buing fra bakre del av bussen. Medan folk hadde fordelt seg etter Stadion-prinsippet på Helte-plassen, var i alle fall vår buss tilsynelatande delt inn politisk. Det blei derfor ingen stor suksess framover på seteradene då vi i baksetet prøvde oss med «Å, Erna ryker ut i år, hurra hurra!».

I staden fyllte plystring igjen bussen. Eurovision-melodien.

Puben til Sapara

Utanfor bussvindaugene såg vi skog og myrer som likna mistenkeleg på norsk natur. Vi sang: «Vi har samme fauna! Ja, vi har samme fauna! Vi har samme fauna, vi é Brann!»

– Flora, ikkje fauna! mumla ein pedant ved sida av meg.

Vi retta opp i feilen: «Vi har samme flora! Ja, vi har samme flora …»

Humøret på bussen var med andre ord ikkje direkte mutt, men heller ikkje så kokande som eg hadde håpa på. Også fra den andre bussen kom det meldingar om at stemninga var langt fra 100 grader. Då vi slentra inn på puben i Ruzomberok – som etterkvart viste seg å vere eigd av den tidlegare Rosenborg-stjerna Marek Sapara (skandale!) –, frykta eg derfor at det ville bli ein tam dag på bortefeltet.

Pub før kamp i Ruzomberok. Først etter at vi hadde lagt igjen ei årsomsetning i baren fekk vi vite at puben blir drive av kona til Marek Sapara.

Totaltypete totalkok

Frykten var ubegrunna. Idet vi passerte dei slovakiske panserpolitimennene gjennom slusene inn til bortefeltet, hadde det gått opp for gjengen at det var ni år sidan sist vi var på bortetur i Europa. Vi hadde blitt lova 13 grader og regn, men på bortefeltet steikte sola, og allereie ti minutt før innmarsj hadde vi sunge ut shalalala-fansen til Ruzomberok.

Borgerkrig! Borgerkrig! Republikken til Europa League!

Tifo-gjengen hadde med eit 10 * 10 meter stort banner – «Bergen på tur» –, og «Gi meg ein B …»-ropa var så kraftige at dei kom i retur som ekko fra andre sida. Til M. og mi si store glede fekk vi bra trøkk på både «Å, vi skal fyre hele veien til Lyon!» og «Fra Buda til Ruzomberok», sjøl om samtlege – inkludert tekstforfattaren – sklei over i melodien til «Du skal få min gamle sykkel når eg dør» på førstnemnde sang. Rundt meg stod folk i baris, og då Acosta banka inn 1-0 gav eg etter for gruppepresset og kasta skjorta i pur lykke eg også.

Ka faen é seriegull? Ka faén é seriegull? Mot bortemål i Europa … Mot bortemål i Europa … Mot bortemål i Eurooopa … Ka faen é seriegull?!

Alle på feltet sang. Uvanleg mange starta sangar. Det var humor, trøkk og variasjon, så langt unna olé, olé, olé og «synger samme sang, hele kampen lang» det er mulig å komme. Det var rett og slett totaltypete totalkok av den sorten vi berre har prestert nokre få ganger i mi tid som supporter. Kanskje aldri?

Fantastisk trøkk på bortefeltet. Kontrasten til bortefeltet på Nadderud fire dagar tidlegare var absurd stor.

– Det skal ikkje vere éi krone igjen etter meg!

Dagen etter var det tid for trekning av motstandar i tredje runde. Eg har lova familien Brann-fri eit par kampar framover, og sat derfor og surmula. Far min sat derimot og glisa spent ved sida av meg på gaterestauranten i Budapest:

– Eg skal på alle kampane heilt fram til Lyon. Det skal ikkje vere ei krone igjen etter meg!

Eg kikka på M.. og flirte. Han nikka. Dette måtte kunne bli ein sang.

Å, vi skal fyre hele arven før Lyon!

Å, vi skal fyre hele arven før Lyon!

Det blir én og tjue kamper med UEFA sine pamper …

Å, vi skal fyre hele arven før Lyon!

Ps.

I ettertid viste det seg at det berre er 19 kampar til Lyon. Det blir lett!

Les også

20. juli 2017

Publisert 20/07/2017 av Berge.

Vi skulle visst ikkje til Lyon likevel. Ubegripeleg. Eg var heilt sikker!

Vi skulle visst ikkje til Lyon likevel. Ubegripeleg. Eg var heilt sikker!

August 2017

Publisert 03/08/2017 av Berge.

Minne: På veg til Ålesund i mai 2014. I eit naturperspektiv ein av dei finaste borteturane vi har.

Minne: På veg til Ålesund i mai 2014. I eit naturperspektiv ein av dei finaste borteturane vi har.

6. august 2017

Publisert 06/08/2017 av Berge.

Aalesund – Brann 3-3. Nok ein uavgjort som følest som eit tap. Nok eit overtidsmål imot. Men denne gangen var det ikkje Brann-spelarane si skuld. Dei spelte ein god bortekamp, og hadde vunne med minst eit par mål hadde det ikkje vore for at dommaren gav Aafk to meiningslause straffer. For første gong sidan serieopninga […]

Aalesund – Brann 3-3. Nok ein uavgjort som følest som eit tap. Nok eit overtidsmål imot. Men denne gangen var det ikkje Brann-spelarane si skuld. Dei spelte ein god bortekamp, og hadde vunne med minst eit par mål hadde det ikkje vore for at dommaren gav Aafk to meiningslause straffer.

For første gong sidan serieopninga var eg ikkje på plass på bortefeltet. I staden såg eg kampen heime, først liggande på sofaen med ein øl på magen, i andre omgang ståande framfor tv-en medan eg skreik lydlaust til Trygve Kjensli for å ikkje vekke toåringen.

Publisert 06/08/2017 av Berge.

Trygve Kjensli ååå, Trygve Kjensli ååå, han gjør så godt så han kan …

Trygve Kjensli ååå, Trygve Kjensli ååå, han gjør så godt så han kan …

Publisert 09/08/2017 av Berge.

Eg har ikkje gått av toget her sidan 26.11.14, men i snart tre år har eg passert stasjonen til og fra jobb og blitt minna på kvelden i gjørma. I ettermiddag skal vi tilbake. Eg foreslår at Sportsklubbenn vinn kampen denne gangen.

Eg har ikkje gått av toget her sidan 26.11.14, men i snart tre år har eg passert stasjonen til og fra jobb og blitt minna på kvelden i gjørma. I ettermiddag skal vi tilbake. Eg foreslår at Sportsklubbenn vinn kampen denne gangen.

Publisert 09/08/2017 av Berge.

Kjører oss opp (eller ned) hos (og med) Elvis.

Kjører oss opp (eller ned) hos (og med) Elvis.

Publisert 09/08/2017 av Berge.

Dusjkabinettet til Elvis er litt psycho.

Dusjkabinettet til Elvis er litt psycho.

Mjøndalen – Brann 1-0

Publisert 10/08/2017 av Berge.

Vi é Mjøndalens klovner – vi é Brann!

Steminga før kampen (og etter).

Mørke skyer over Drammenselva. Høljeregn. Havnesjefen er daud og Donald Trump flørtar med tredje verdenskrig, seier Nord-Korea skal få oppleve «fire and fury like the world has never seen». Framfor badekaret til Elvis heng ei Psycho-inspirert dusjgardin og minner oss på alle dei onde og uregjerlege kreftene i universet. Fire dystre Brann-supporterar har samla seg hos «Bibliotekaren fra Helvete» for å kjøre seg opp – eller eigentleg ned – til cup-kampen mot brune MIF. Vi har vore i Mjøndalen før, veit ka det går i. Best å forvente det verste, så blir vi ikkje så ekstremt skuffa etterpå.

Ja, vi é Mjøndalens klovner – vi é Brann!

Tre månader etter at eg flytta til Hoksund i 2014, møtte Brann Mjøndalen i den siste avgjerdande kampen om å unngå nedrykk. Fram til då hadde eg sett på Mjøndalen med vennlege auge og hatt ein viss sympati for arbeidertettstaden ved sidan av storbondekommunen eg sjølv hadde flytta til. Fra og med 26.11.2014 var ikkje Mjøndalen noko anna enn gjørme, tårer og nedrykk. I snart tre år har eg tatt tog forbi stasjonen til og fra jobb, dagleg blitt minna på den unemlege kvelden. Det seier seg sjølv at å sende MIF ut av cupen i alle fall ville gjort pendlarlivet mitt litt lettare.

Bra nivå på blussinga til 3050-fansen. Dessverre høg tromme- og olé-faktor.

Ingen glede, bare smerte – Brann é klubben i mitt hjerte

Framme på Isachsen stadion konstaterte vi letta at gjørmehaugen vi stod på i 2014 var utsletta, og at vi i staden skulle stå på den nye tribunen bak det eine målet. Få av dei syngande supporterane frå Store Stå og Felt-Z hadde tatt turen over fjellet, men vi laga likevel grei trøkk på dei mest kjende sangane.

Ka faen é Mjøndalen?! / Ka faen é Mjøndalen?! / Et lite stopp før Drammen / Et lite stopp før Drammen …

– Nei, Hokksund, gaula eg. – Eit lite stopp før Hokksund!

Ka faen é Mjøndalen?! / Ka faen é Mjøndalen?! / Et lite stopp før Hokksund / Et lite stopp før Hokksund …

Sjølv om feilpassningane var mange, duellar vart tapt og spelet på siste tredjedel svikta, var det ein anna glød over spelarane enn for eksempel i det tafatte tapet mot Ruzomberok. Vidar Ari Jonsson såg framleis lovande ut, Barmen såg ut til å halde fram den gode trenden fra Aalesund-kampen, og Alex Horwath viste igjen at det neppe er keeperkrise om Piotr flyttar heim. Så kom Mjøndalen målet. Og så kom byttene: Inn med formsvake Gilli og veike Børven i staden for Azar som vi ropte oss hese etter.

Vi é Mjøndalens klovner – vi é Brann!

Etter kampen var det lite anna å gjere enn å trekke capsen godt ned framfor augene og vandre i skam til stasjonen.

Til slutt var lange ballar inn i feltet det einaste håpet vi hadde, og brått kom sjansen vi hadde venta på. Eg trur aldri eg har vore på ein stadion der vi har kome så tett på spelarane, og no, to-tre meter framfor oss var Haugen aleine med keeper på 1-0 i det 84. minutt.

– Neeei!

Flyt, flaks og marginar er ikkje Sportsklubben Brann sin bransje for tida. Haugen tuppa ballen i hendene på keeper som snudde seg og flirte til oss.

– Det er bra vi har så god trening i nederlag, mumla eg til sidemannen.

Han nikka.

– Ja, der er vi verkeleg i Europa-toppen!

Publisert 13/08/2017 av Berge.

På veg til Bergen: NSB skal ha meg til å drikke Hansa av Ringnes-glass. Eg ler.

På veg til Bergen: NSB skal ha meg til å drikke Hansa av Ringnes-glass. Eg ler.

Publisert 13/08/2017 av Berge.

Halvfull buss syng «Ka faen é Premier League?! Ka faen é Premier League?! For vi é Brann fra Bergen …»

Halvfull buss syng «Ka faen é Premier League?! Ka faen é Premier League?! For vi é Brann fra Bergen …»

Publisert 13/08/2017 av Berge.

Spørsmålet er om vi noen gang i mi levetid har vore så få på Eliteserie-kamp? Vi ligg an til å ta over tredjeplassen etter å ha rykka opp for to år sidan og fått andreplass i fjor. Kom igjen!

Spørsmålet er om vi noen gang i mi levetid har vore så få på Eliteserie-kamp? Vi ligg an til å ta over tredjeplassen etter å ha rykka opp for to år sidan og fått andreplass i fjor. Kom igjen!

Publisert 13/08/2017 av Berge.

Deilig med tre poeng igjen!

Deilig med tre poeng igjen!

Tilbake til kvardagen

Publisert 14/08/2017 av Berge.

«Tilbake til kvardagen» høres kanskje negativt ut, men ikkje når det er snakk om Brann under Lars Arne Nilsen. For Brann under Lars Arne Nilsen er kvardagen ein fest. Ja, for Brann under Lars Arne Nilsen er motgang uvanleg, og å vinne på heilt greie dagar det normale.

Det går fort å venne seg til medgang. Sjølv om Brann etter opprykket har tatt nest flest poeng i serien, scorar mykje og slepp inn historisk få mål, skulle det ikkje meir til enn ein elendig sommar før både Rune Soltvedt og Lars Arne Nilsen sine stillingar var oppe til diskusjon på Bataljonen sitt forum. Igjen var Stadion halvfull, Store Stå glissent.

Tung togtur

Togturen over fjellet var uvanleg kjedeleg. Vanlegvis – sjølv når eg reiser aleine – er det alltid nokon å snakke med: Dei ser Brann-drakta og set seg ned ved bordet i menyvogna for å fortelle meg kor elendig dei synes Eliteserien er. Eg følgjer opp med å forklare at eg ikkje reiser på Brann-kampar for å sjå fotball av Champions League-kvalitet, men for å feire livet med kompisar eg aldri ville hatt dersom eg ikkje var brannsupporter, samt skrike ut litt weltschmerz, og ikkje minst: Synge i eit kor der ingen bryr seg om at eg ikkje kan synge.

På veg til Brann – Odd 13. august 2017 sat eg derimot mutt i menyvogna omringa av turistar som neppe hadde hørt om Sportsklubben Brann. Framleis nedtrykt etter skandalen i Mjøndalen, frykta eg at Odd-kampen kom til å bli ein kopi av togturen: Lang, tung og kjedeleg.

Ka faen é Premier League?!

Store Stå.

Framme i Bergen gjekk timane fram mot kampstart etter den vanlege rutinen: Ein tur innom fotballpuben, gratisbuss til Stadion og ein kjapp pils på Bakrommet kontorpub. Verken Fotikken, bussen eller Bakrommet var smekkfull, så då vi rusla inn på Stadion utan altfor store forventningar visste vi kva som venta oss: Bluss og sang for tomme seter.

Vi som aldri sviktar Brann burde sjølvsagt ikkje bruke energi på dei som sit heime og kosar seg med United, men det er enkelt og greit kjekkare når heile Bergen er med og Store stå er så smekkfull og syng så høgt at du ikkje hører di eiga stemme sjølv om du gaular alt du kan.

Gi meg en B!

Gilli på gang.

Brann spelte neppe ein kamp som overtalar PL-fansen til å gå på Stadion – tida for trygg balltrilling mellom Sivert Heltne Nilsen og forsvaret er for eksempel ikkje forbi. Men ka bryr du oss med … Etter ein halvtime med lavt tempo og få sjansar, kleiste Gilli Rólantsson inn 1-0. Dei neste sekunda forsvann eg inn i ustyrleg glede, og då eg kom til meg sjølv hang eg med beina rundt medsupporteren framfor meg på ein måte eg innsåg neppe såg heilt heldig ut på tv.

Å, Gilli, Gilli! Gilli, Gilli, Gilli Rólantsson! 

Håpet var tent. Bergen by é nydelig runga og heile Hansasvingen gav alt på «Gi meg ein B!»-ropa. Svein Oddvar Moen fekk servert «Kor é Kjensli hen, NFF?», og då Odds var på veg inn i kampen i andre omgang fiksa Barmen Ramos Army 2-0 på kontrollert vis. Spelaren som alltid plasserer seg rett i boksen og som ein tidlegare Brann-trenar brukte ein halv sesong på å gjere til spiss, scorar endeleg på fast basis. Vi kunne synge Nystemten for andre gang, og eg hadde fått det eg hadde kome for: Kameratskap, sang og nokre deilige sekund i ekstase.

16. august 2017

Publisert 17/08/2017 av Berge.

Dei to siste dagane har eg sjekka BT, BA og Twitter kvart femte minutt i håp om at Rune Soltvedt skulle signere ein spelar eller to før overgangsvindauget blei lukka. Til slutt kom det éin kar fra Nederland: Ludcinio Marengo, ving. Skrytevideoen ser som alltid fortreffeleg ut – Huseklepp-aktige raid inn i feltet og greie langskudd […]

Dei to siste dagane har eg sjekka BT, BA og Twitter kvart femte minutt i håp om at Rune Soltvedt skulle signere ein spelar eller to før overgangsvindauget blei lukka. Til slutt kom det éin kar fra Nederland: Ludcinio Marengo, ving. Skrytevideoen ser som alltid fortreffeleg ut – Huseklepp-aktige raid inn i feltet og greie langskudd – men han har spelt mistenkeleg lite i det siste.

Publisert 20/08/2017 av Berge.

Vi kommer til å stille med et annet lag enn dere har sett før. Og det blir noen overraskelser.Lars Arne Nilsen lovar suprise party i Jåttåvågen.

Vi kommer til å stille med et annet lag enn dere har sett før. Og det blir noen overraskelser.Lars Arne Nilsen lovar suprise party i Jåttåvågen.

Publisert 20/08/2017 av Berge.

Siddisøl.

Siddisøl.

Publisert 20/08/2017 av Berge.

Har fått god kontakt med dei innfødte i Stavanger.

Har fått god kontakt med dei innfødte i Stavanger.

Publisert 20/08/2017 av Berge.

Det é jo ingenting! Eg pleier å bite folk i øret når vi scorar.Anonym brannsupporter om kva som pleier å skje i dei deilige sekunda etter ei Brann-scoring

Det é jo ingenting! Eg pleier å bite folk i øret når vi scorar.Anonym brannsupporter om kva som pleier å skje i dei deilige sekunda etter ei Brann-scoring

Publisert 20/08/2017 av Berge.

Så var det tid for nok ein lang togtur. Snakkast i Stavanger!

Så var det tid for nok ein lang togtur. Snakkast i Stavanger!

Publisert 20/08/2017 av Berge.

Bortefeltet sitt.

Bortefeltet sitt.

Publisert 20/08/2017 av Berge.

Deilig! No rykker vi vel ikkje ned?

Deilig! No rykker vi vel ikkje ned?

Lars Arne Nilsens suprise party

Publisert 07/09/2017 av Berge.

Historia om då LAN tok på seg hawaiiskjorta og peiste på i Jåttåvågen.

Eg må innrømme at eg rykte til då eg las ordet «overraske» i eit Lars Arne Nilsen-sitat i BT. Det var eit par dagar før Brann skulle møte Viking på bortebane. LAN har jo ikkje akkurat redda Brann opp fra avgrunnen ved å overraske. Tvert imot: I intervju etter intervju har vår trauste frelsar sagt at målet i neste kamp er eitt poeng. På toget fra Hokksund til Stavanger sat familien Berge og spekulerte – kva var overraskinga?

– Azar på topp, Grønner fra start og lange ballar, kanskje?

– Nei, han tar ut sonen og lar Barmen spele sentralt.

– Barmen er ikkje med, ditt nek! Og han tar aldri ut sonen.

– Nei, no har eg det! Han peisar på med alt han har av angrep: Vega, Børven og Marengo. Skånes som indreløpar i staden for Orry.

Vi lo. Det var sjølvsagt heilt usannsynleg at Lars Arne Nilsen hadde ein slik kampplan.

Når vi ikkje lenger på Stadion kan gå …

Som vanleg møtte vi kjekke folk i Meny-vogna: Ein brynesupporter var på veg fra Kristiansand til Jæren for å sjå Bryne og Nest-Sotra spele 1-1, og ein tidlegare toppdommar sette seg ned ved bordet vårt og lurte på kvifor vi ikkje hadde laga meir bråk av 3-3-målet i Ålesund:

– Alle tre målene var skandale! Mos skaller ned Grønner idet han header inn 3-3. Det er livsfarlig spill!

I Kristiansand sang vi Skålevik-sangen, og i Egersund «Sæthernes scorer mål». Vi diskuterte også korleis vi vil ha gamleheimen når vi blir demente og ikkje lenger er i stand til å gå på Stadion: Øl, kjøt og 2007-sesongen på repeat i VR-brillene.

Svante vs. Wangberg

Kapteinsbindbattle: Svante vs. Wangberg.

Framme i Stavanger strena vi rett inn på Beverly Hills Fun Pub der Henriksen og Haugen sat og krangla om kven som hadde det beste kapteinsbindet.

– Kom igjen! Ingenting slår Svante! I alle fall ikkje Simen Wangberg.

– Poenget é jo ikkje at det é Wangberg sitt … Poenget é at det é fra den eneste bortekampen vi vant i 2013.

Skikkeleg fyr i forsamlinga blei det likevel ikkje før vi kom oss til Jåttåvågen. Først var det lagoppstillinga som gira oss opp:

Sidemannen kikka ned på mobilen sin, gliste.

– Herlig!

– Fortell, då!

– Det é helt utrolig! Nilsen må ha begynt på svært sterke medisinar.

– Gi oss laget, då!

– Marengo og Vega fra start! Skånes som indreløpar! Børven på topp.

Utanfor kom Bergens glade gutter og jenter blussande fra båten til Sushi-restauranten på Viking Stadion. Eg stod inne i ølkøen og fekk ikkje nøyaktig med meg kva som skjedde, men ikkje lenge etter at alle var på plass stod heile uteserveringa og gaula mot eit par siddisar på gata. Nokon stor skandale blei det likevel ikkje. Politiet stilte som vanleg når Bergen er på tur mannsterke for å skjerme oss mot lokalbefolkninga.

TIFO-knockout

Hat vs. sjølvironi.

Når det gjeld sjølve kampen må eg innrømme at den tre veker seinare er redusert til draumeaktige glimt i minnet mitt: TIFO-en vår som slo knockout på Hordene sitt ubergripeleg lite kreative banner: «Hate Bergen». Marengo som driblar seg inn i feltet. Marengo som slår langt og opnar opp spelet. Johannessen som ramlar ned fra gjerdet. Kampen som ei stund er uviktig. Dommaren som ristar på hovudet etter at Vito har heada ballen i mål. Vega som klaskar til. Rabling i alle retningar før Viking ut av ingenting leiar 2-1.

P. som seier: – Typisk! No føler LAN at han har fått vist oss kordan det går når vi kastar alle mann i angrep …

Tekstmelding fra Fredriksen: «Hvorfor gidder du å reise til Stavanger hvert år?! Taper alltid.»

Skaanes som smeller til. Haugen som smeller til. Orry som smeller til. Eg hugsar rabling og ekstase, frykta for overtidsmål, enorm lettelse. Rusa på kampen stod vi på perrongen utanfor Viking Stadion og snakka om at dersom vi slår Rosenborg på Stadion, ja, då, ja, då er det berre fire poeng til gullet …

Lukta av nedrykk fylte toget inn mot sentrum, men denne gangen var det heldigvis ikkje vår sveittelukt. Nei, sveitta vår lukta berre Hawaii.

31. august 2017

Publisert 31/08/2017 av Berge.

Treningskamp i den uendeleg lange cup- og landslagspausen. Brann slo Haugesund 3-2. Laget som slo Viking starta kampen, men virka tamme. Mykje bedre då Azar kom inn på spissplass, og Orlov spelte indreløpar (!) saman med Orry, i andre omgang. For min del: Lavt spenningsnivå og middag midt i første omgang.

Treningskamp i den uendeleg lange cup- og landslagspausen. Brann slo Haugesund 3-2.

Laget som slo Viking starta kampen, men virka tamme. Mykje bedre då Azar kom inn på spissplass, og Orlov spelte indreløpar (!) saman med Orry, i andre omgang.

For min del: Lavt spenningsnivå og middag midt i første omgang.

September 2017

Publisert 09/09/2017 av Berge.

På veg fra strilelandet te bydn for å sjå fopal.

På veg fra strilelandet te bydn for å sjå fopal.

Publisert 09/09/2017 av Berge.

Pausekaffi. Det trur eg spelarane treng også, for dette var tamt.

Pausekaffi. Det trur eg spelarane treng også, for dette var tamt.

Publisert 09/09/2017 av Berge.

Heia Brann!

Heia Brann!

Fire nervøse minutt

Publisert 11/09/2017 av Berge.

Melding fra Fredriksen 35 minutt ut i andre omgang mellom Brann og Sogndal 9. august 2017: Denne kampen bør helst ikke være spennende når vi kommer til det 90. minutt ...

87, 88, 89. Pulsen steig for kvar gong klokka på storskjermen viste at eit nytt minutt var passert og at overtida nærma seg. Medan vi på Store stå skreik oss hese i raseri over at dommaren ikkje fekk med seg at Skaanes blei trakka på, begynte fleire på radene bak oss å gå heim. Heilt utruleg, tenkte eg, veit dei ikkje at det er no kampen begynner? 89:57. 89:58. 89:59. 90:00. Eg kaldsveitta. Brann leia 2-1 mot Sogndal på Stadion. Vega hadde scora framfor oss på Store stå, Sogndal hadde utlikna etter frykteleg forsvarspel, og Barmen hadde knea inn 2-1, men det var no kampen verkeleg begynte.

Lange ballar på Ramsland

Knall pyro, slapp stemning.

Sogndal hadde tidleg fått kampen inn i sitt spor: Lange ballar og duell på duell. Slik også på overtid. Framfor oss blei ein lang ball spelt fram mot Ramsland, men Wormgoor sneik seg framfor spissen og Piotr var på hugget, la seg over ballen, klappa på ballen, kosa med ballen. I nokre sekund kunne vi trekke pusten, før ein ny lang Sogndal-ball var på veg inn i feltet. Nei! tenkte meg, men også denne gongen hamna ballen i armane til Piotr som la seg ned og kjende lenge på kor godt det er å halde ballen mot brystet.

Det neste utsepelet enda med kast til Brann langt inne på Sogndal sin halvdel. No var det Gilli sin tur til å hale ut tida. Tilsynelatande rådvill vandra færøyingen opp og ned langs sidelinja og kjefta på lagkameratane som ikkje gjorde seg tilgjengelege. Dommaren ba han skunde seg, men han hadde jo ingen å kaste til …

Situasjonen enda til slutt med at Orlov ikkje klarte å ta imot, og utspel fra keeper. Eg kjende i heile kroppen at det var no det skulle skje. No kom alt til å rakne, tre poeng til å bli eitt, Sogndal til å score med ein lang ball mot Ramsland. Det var derfor like før eg sank saman då Nystemten blei starta. Det hender jo at vi syng Nystemten på slutten av kampar der vi er sikre på seier, på 3-1 og 4-0, men ikkje på 2-1 mot Sogndal i ein kamp der forsvarsspelet i periodar har vore krise, i ein sesong der vi har tapt minst hundre poeng på overtid.

– Det er for tidlig, mumla eg.

– Det er skandale, konstaterte far min. – No scorar dei i alle fall!

Lange ballar på Wæhler

Og når røyken har lagt seg …

Ingen rundt meg hadde fått med seg kor mykje som var lagt til, ingen visste kor mykje tid som hadde gått. Klokka på skjermen stoppa på 90 minutt. Dommaren som hadde brukt heile kampen til å vise fram kor høg lyd han klarte å lage med fløyta si, vegra seg plutseleg for å blåse for siste gong.

Sogndal heldt fram med å pumpe lange ballar inn i feltet. No med Kjetil Wæhler som spiss. Først var ville klareringar det beste Brann klarte å få til, men så tok Kasper Skaanes grep, sette fart, sentra til Gilli. Eg tenkte at no må det då vere gjort, men i samme sekund gav Rólantsson fra seg ballen til ein Sogndal-spelar. Færøyingen prøvde desperat å rette opp tabben uten å få det til. Vi gaula «Heia Brann!» alt vi kunne, såg Lars Arne Nilsen sin raude armé etablere ramma, såg Sogndal-spelarane leite febrilsk etter eit hol i veggen. Lang ball mot Wæhler.

Kokalele!

Medan ballen var i lufta såg eg for meg korleis kula kom til å treffe panna til den gamle VIF-stopparen og suse inn i motsatt hjørne, men kroppen til Wæhler orka ikkje meir, kom seg ikkje opp, gjekk i bakken. Ny vill klarering. Ny lang ball mot Wæhler som denne gongen stod plassert utanfor sekstenmeteren. Rimeleg ufarleg med andre ord, hadde det ikkje vore for at Sivert Heltne Nilsen slang hjarte opp i halsen på meg ved å legge ein lett arm på Wæhler som igjen gjekk i bakken. Eg snudde meg vekk i raseri over at Nilsen aldri klarar å halde armane sine unna motseplarane, alltid må lage unødvendige frispark, men då eg snudd meg igjen, var det Nilsen som låg og vrei seg i smerte og Brann som hadde fått frispark. Piotr luska fram for å ta det, sparka ut, og så, endeleg, blas dommaren av kampen. Kokalele!

Dan Riisnes i feststemning framfor Hansa.

Publisert 17/09/2017 av Berge.

Sandefjord borte: Fyrebussen é på vei.

Sandefjord borte: Fyrebussen é på vei.

Publisert 17/09/2017 av Berge.

Komplett skandale.

Komplett skandale.

Publisert 19/09/2017 av Berge.

Bortefeltet i Sandefjord dei siste 18 sekunda av kampen.

Bortefeltet i Sandefjord dei siste 18 sekunda av kampen.

Publisert 20/09/2017 av Berge.

Jeg har vel knekt nesen fem ganger, og det så verre ut enn det der. Det er ikke noe stort problem. Jeg mener at alle fotballspillere skal knekke nesen to-tre ganger i løpet av karrieren. Så dette er bare et pluss på CV-en for Kasper. Lars Arne Nilsen til bt.no om Skaanes sitt snyteskaft.

Jeg har vel knekt nesen fem ganger, og det så verre ut enn det der. Det er ikke noe stort problem. Jeg mener at alle fotballspillere skal knekke nesen to-tre ganger i løpet av karrieren. Så dette er bare et pluss på CV-en for Kasper. Lars Arne Nilsen til bt.no om Skaanes sitt snyteskaft.

20. september 2017

Publisert 20/09/2017 av Berge.

Har sett på sykkel-VM i staden for å skrive blogg fra tribunefesten i Sandefjord. Herleg å sjå “Bergen ut av Norge” og “Hasunds Hund”-banner godt synleg på tv-sendingane! Bergen leverer.

Har sett på sykkel-VM i staden for å skrive blogg fra tribunefesten i Sandefjord. Herleg å sjå “Bergen ut av Norge” og “Hasunds Hund”-banner godt synleg på tv-sendingane! Bergen leverer.

Publisert 24/09/2017 av Berge.

Litt nedtur å sitte på ein mørk Oslo-pub og sjå på sykkelfest fra Bergen.

Litt nedtur å sitte på ein mørk Oslo-pub og sjå på sykkelfest fra Bergen.

Publisert 24/09/2017 av Berge.

Mangoketchup, Oslo?!

Mangoketchup, Oslo?!

Publisert 24/09/2017 av Berge.

God kok på Scotsman då Kristof spurta inn til gu … nei, sølv: «Obås! Obås!»

God kok på Scotsman då Kristof spurta inn til gu … nei, sølv: «Obås! Obås!»

Publisert 24/09/2017 av Berge.

Det vet eg ikkje om eg kan holde.P. (62) etter å ha sunge «vi skal koke her i 100 år»

Det vet eg ikkje om eg kan holde.P. (62) etter å ha sunge «vi skal koke her i 100 år»

Publisert 24/09/2017 av Berge.

Såpass god stemning på tbana at VIF-fansen ikkje våga å gå på.

Såpass god stemning på tbana at VIF-fansen ikkje våga å gå på.

Publisert 24/09/2017 av Berge.

Skål! For ingenting.

Skål! For ingenting.

1300 bergenserar på feil fest

Publisert 25/09/2017 av Berge.

Samme dag som sykkel-VM blei avslutta med over 100 000 langs løypene i Bergen, forvilla over 1000 bergenserar seg inn på VIF-fest i Oslo.

Vi visste det allereie då vi sat på Scotsman og såg verdas beste syklistar sveitte runde etter runde i Nordens paradis: Vi hadde valgt feil fest. Eller: Nokon måtte jo vere der, representere Bergen i hovudstaden når resten av byen stod med kubjeller og flagg på Festplassen, men vi visste godt at Brann kom til å tape. Sportsklubben vinn ikkje fem kampar på rad, og stiller alltid villig opp for lag som treng sin første seier på ny stadion.

Det var med andre ord best å ta festen før kampen. Vi snakka oss varme om kor fantastisk gode Bergen er til å mobilisere når det gjeld, og skreik oss hese på Kristoff som spurta inn til gu … nei, sølv: “Obås! Obås!” Stolte og krye sang vi oss ut av Scotsman, oppover Karl Johan, inn på t-bana til Hasle, gav Oslo ein smakebit på kva dei kunne ha fått oppleve dersom dei hadde tatt turen til Bergen denne veka.

Søndagstillegg

The Pub beklagar på Facebook-sida si at politiet forstyrra naboane.

Andre som er flinke til å mobilisere (spesielt når det er gode utsikter for søndagstillegg), er Oslo-politiet. Då vi ramla ut av t-banevogna på Hasle blei vi møtt av ein svartkledd gjeng med glitrande auge lysten på å arrestere bergenspakk. Dessverre oppførte vi oss eksemplarisk, toga til kultur- og idrettsparken medan vi lo av panserkjøretøya dei hadde stilt opp langs ruta, og sang om ressursbruken til Oslo politidistrikt.

Det kom også meldingar om at dei svartkledde hadde vore på oppdrag lenger vest i hovudstaden. Utanfor puben The Pub på Majorstuen hadde dei halde igjen 30 brannsupporterar som hadde gjort den store tabben å sjå sykkel-VM saman med tre “risikosupporterar” som blei taua inn. Det er sjølvsagt bra at politiet passar på at heimefans og gjestar er trygge før, under og etter kamp, men hendinga minner mistenkeleg om noko eg sjølv har opplevd fleire gonger: Politiet behandlar alle supporterar som éin juridisk kropp. Gjer éin noko gale, er det grunn til å halde igjen alle.

Nei til fragmentering!

Aller mest reagerer eg likevel på at Brann sin sikkerheitsansvarleg, Knut Iversen, i ettertid seier til BT at supporterane som blei halde igjen får takke seg sjølve: “Det satt folk der som resten av supporterne ikke behøvde å menge seg med”. For det første: Du er ikkje lommetjuv berre fordi du deler ein skillingsbolle med ein veskenappar. For det andre: Brann sin sikkerheitsstrategi bør ikkje vere fragmentering av supportermiljøet. Dersom vi “vanlege supporterar” (vi som er like interessert i å slåst som ein vegetarianar er i å ete middag på Big Horn Steak House) ikkje kan snakke med eller opphalde oss i samme rom så såkalte risikosupporterar utan å frykte at vi blir halde igjen av politiet, vil det føre til meir, ikkje mindre uro. Det er ikkje mange år sidan alle som gjekk med Brann-drakt risikerte å bli skjelt ut som “et jævla juletre” og alle som ikkje gjekk med drakt blei sett på som bråkmakarar. Ja, på det verste gjekk causuals fra Bergen til angrep på Brannsupporterar. Dei siste åra har i alle fall eg opplevd forholdet mellom dei ulike gruppene på Stadion som svært fredeleg, og eg er sikker på at den beste måten å halde det slik er at vi held fram med å snakke sammen i staden for å lage lister over folk det ikkje er lurt å drikke øl sammen med.

Bergen ut av Norge!

Brannkø.

Då vi endeleg kom oss inn på det lekre ståfeltet Engen har sjenka bortesupporterane, var det likevel klart at dei fleste hadde fått lov til å komme inn på kampen. Klanen fyrte opp eit heftig bluss-show, vi mobba dei med at vi har hatt eigen stadion sidan 1919, og både raude og blå var einige: “Bergen ut av Norge!” Vi på nedre del ropte og sang det vi kunne, fekk bra trøkk på “Gi meg ein B”-ropa og “Vi har gress på Stadion …”, men sleit ellers litt med å få engasjert heile feltet. Trøkket som møtte oss fra motsatt sving var derimot solid stort sett gjennom heile kampen. Kanskje ikkje så rart: Allereie etter ni minutt fekk vi bekrefta frykten vår om at vår fest var i Bergen, ikkje på Valle. 1-0 til VIF.

Forsøk på festbrems

Fyr og flagg og sang til ingen nytte.

Nokre minutt ut i andre omgang var det vår tur til å rable gal. Skal det gå likevel? tenkte vi og la ein dobbel snus til ære for Fredrik Haugen sin skuddfot. Sportsklubben fortsatte å produsere halvsjansar, og kunne med større presisjon tatt leiinga, men i staden konkurrerte Jonsson, Gilli og Heltne-Nilsen om å vere dagens mest ubesluttsomme Brann-spelar. Upressa sette Chidera Ejuke inn 2-1 til Engen. Sukk. Vi visste det jo: Fem på rad ville ha vore for godt til å vere sant, og å slå VIF når dei trengte poeng i bunnstriden villa ha passa dårleg med Brann sin profil som dei hjelpelause sin hjelpar.

Det var med andre ord ingen sønderknust gjeng som vandra ut fra Vålerengen kulturpark. Vi trøsta oss med tabellen, at det er sykkel-VM, ikkje VIF – Brann australske og slovakiske aviser kjem til å skrive om i morgon, og at det på fredag igjen er Bergen sin tur til å arrangere fest. Då er det berre å ta med seg stemninga fra Fløyen opp til Idrettsveien. Det vil seie: Kubjellene og dei norske flagga legg du sjølvsagt igjen heime.

Publisert 29/09/2017 av Berge.

Litt vanskelig å kombinere henting i barnehagen halv fire (i Hokksund) med kamp i Bergen, så klar for heimekamp mot Kristiansund.

Litt vanskelig å kombinere henting i barnehagen halv fire (i Hokksund) med kamp i Bergen, så klar for heimekamp mot Kristiansund.

29. september 2017

Publisert 29/09/2017 av Berge.

Brann tapte 4-0 mot Kristiansund.

Brann tapte 4-0 mot Kristiansund.

Oktober 2017

1. oktober 2017

Publisert 01/10/2017 av Berge.

Prøver å ikkje tenke på Brann. Tenker på Brann. Såg nettopp Sogndal ta poeng mot Molde som pressa hardt mot slutten. Jubla som om det skulle ha vore snakk om eit Brann-mål då dommaren blas av kampen.

Prøver å ikkje tenke på Brann. Tenker på Brann. Såg nettopp Sogndal ta poeng mot Molde som pressa hardt mot slutten. Jubla som om det skulle ha vore snakk om eit Brann-mål då dommaren blas av kampen.

9. oktober 2017

Publisert 09/10/2017 av Berge.

Daniel Braaten er skadefri og Engen har seld stadionnavnet sitt til eit IT-firma: Intility Arena. Ein god dag å vere brannsupporter på med andre ord.

Daniel Braaten er skadefri og Engen har seld stadionnavnet sitt til eit IT-firma: Intility Arena. Ein god dag å vere brannsupporter på med andre ord.

Publisert 13/10/2017 av Berge.

Welcome to the asshole of the world […] I mange år trodde jeg det var Marlon Brando som sa dette i Apocalypse Now. Det var det ikke. Men uansett hvem som sa det, vedkommende kan aldri ha satt sin fot i Rosenes by. Og har heller aldri vært bundet fast til en treårskontrakt med Molde Fotballklubb.Arild Stavrum, […]

Welcome to the asshole of the world […] I mange år trodde jeg det var Marlon Brando som sa dette i Apocalypse Now. Det var det ikke. Men uansett hvem som sa det, vedkommende kan aldri ha satt sin fot i Rosenes by. Og har heller aldri vært bundet fast til en treårskontrakt med Molde Fotballklubb.Arild Stavrum, 31 år på gress (Roman, Oktober forlag 2008)

Publisert 15/10/2017 av Berge.

På vei til Molde med ny, litt for trang t-skjorte.

På vei til Molde med ny, litt for trang t-skjorte.

Publisert 15/10/2017 av Berge.

Kjenner på pulsen at det nærmar seg. Synd det blir tap.

Kjenner på pulsen at det nærmar seg. Synd det blir tap.

Publisert 15/10/2017 av Berge.

Innflyging over Røkkeløkka med Pappasaft sin Lyon-sang på øret.

Innflyging over Røkkeløkka med Pappasaft sin Lyon-sang på øret.

Publisert 15/10/2017 av Berge.

Vi é kanskje få, men «vi é fler enn dåkkar!»

Vi é kanskje få, men «vi é fler enn dåkkar!»

Ikkje tenk på det!

Publisert 16/10/2017 av Berge.

Le eller gråte? Det var spørsmålet etter nok eit avgjerande overtidsmål imot.

Melding fra far min tre dagar før Molde – Brann:

Vi visste det jo: Brann kom til å tape mot Molde og miste grepet om medaljekampen. Tre poeng? Ikkje tenk på det! Likevel reiste vi med buss, tog og fly i seks timar for å sjå det skje. Det skjer jo av og til, at det som alle veit kjem til å skje, ikkje skjer, og skulle det skje, ville vi vere der. Det er dei kampane som er så deilige å vinne, når vi ikkje forventar at det skal skje. Med andre ord hadde vi vel likevel på ein merkeleg måte forventningar, der vi sat på Molde-puben 1911, og sa til kvarandre at vi ikkje hadde forventningar.

Tomme tribunar

Alle mann i forsvar!

Det var ikkje mykje som minna om sølvkamp på Røkkeløkken 15. oktober 2017. Ingen pyro. Ingen spektakulær TIFO. I det fjerne kunne vi høre ein svak trommelyd. Dei fleste moldenserane var nok heime og såg på Farmen, og bortsett fra fire-fem fra BGG hadde dei syngande brannsupporterane blitt igjen i Bergen. Eg fekk til og med melding om at vi laga så lite lyd at folk kunne høre stemma mi på tv når eg tok i. Eg skamma meg, veksla mellom å vere mutt og sytete. I ca. 70 minutt var eg meir opptatt av kor dårleg stemninga var enn av kampen, men så klessa Wormgoor ballen i høgrestolpen.

– Vågar vi å ta kontringane, har vi faktisk ein sjanse til å vinne dette! gliste far min oppglødd av Vitos stolpeskudd.

Det var sjølvsagt tåpeleg av meg, men også eg begynte å få trua på poeng sjølv om det stod ein pensjonist med “Ikkje tenk på det”-genser ved sida av meg.

Tilleggstid

Ved full tid tok ein medsupporter fram mobilen og starta stoppeklokka, slik at vi hadde kontroll på tilleggstida. Som mot Sogndal var det snakk om fire nervøse minutt. Molde pressa, men Brann verka trygge sjølv om vi laga minst eit unødvendig frispark rett utanfor sekstenmeteren. Å gi motstandarane tåpelege dødballar i dei siste avgjerande sekunda, har jo nettopp vore oppskrifta på alle overtidsmåla Brann har fått imot denne sesongen, men Molde klarte ikkje å utnytte sjansen Sportsklubben skjenkte dei.

Med under minuttet igjen var Brann i angrep ved Marengo. Eg senka skuldrene. Det blir poeng! tenkte eg idet nederlenderen sentra til Braaten som serverte Barmen.

– Skyt!

Skuddet gjekk utanfor. Stoppeklokka viste rett under fire minutt. Eg trudde kampen var over, men få sekund etter at naive meg begynte å slappe av, fekk Molde kast langt inne på Brann sin banehalvdel. Kastet blei veksla inn i ein corner, og corner er som kjent mål. I alle fall når Brann skal prøve å trygge inn eit resultat i 2017-sesongen. Fire minutt og femten sekund på overtid såg vi Ruben Gabrielsen rive ned Amin Nouri og stange inn 1-0.

Eg måtte le, snudde meg mot far min og såg at han også lo. Ja, faktisk lo vi heile vegen ut av stadion, ned “Stortgata”, inn på hotellet, der eg brått slengte nøkkelkortet hardt i skrivebordet, sleiva av meg skoa og pressa ansiktet ned i puta for å brøle.

– Det skal faen ikkje vere mulig!

Far min lo framleis.

– Slapp av, sa han. – Vi visste jo at det kom til å skje. Dette kan vi. Ikkje tenk på det.

21. oktober 2017

Publisert 21/10/2017 av Berge.

Ti år sidan gullet i morgon. Har fråtsa i videoar fra 2007 i heile dag. Fann også eit klipp eg hadde tatt opp på Festplassen 20.10.2007. Har ellers pakka sekken for dagstur til Bergen. Vi er ein god gjeng som reiser med toget fra Drammen i morgon. Gler meg!

Ti år sidan gullet i morgon. Har fråtsa i videoar fra 2007 i heile dag. Fann også eit klipp eg hadde tatt opp på Festplassen 20.10.2007.

Har ellers pakka sekken for dagstur til Bergen. Vi er ein god gjeng som reiser med toget fra Drammen i morgon. Gler meg!

Publisert 22/10/2017 av Berge.

Det går nedover med norske fotballsupporterar: Vann og litteratur.

Det går nedover med norske fotballsupporterar: Vann og litteratur.

Publisert 23/10/2017 av Berge.

Rått pyro-show før Brann – Rosenborg.

Rått pyro-show før Brann – Rosenborg.

Publisert 23/10/2017 av Berge.

Hatar NFF!

Hatar NFF!

22. oktober 2017

Publisert 23/10/2017 av Berge.

Jeg tog mitt nystemte Sinne i Munden; Forstanden forgik mig ved Ulrikens Fot. Tænkte paa offside, om det skulde vinkes, men Bendter fikk score for NFF sin Trupp; følede Vreden, blev gal i min Aand, og greb til mitt Sinne med dirrende Haand.

Jeg tog mitt nystemte Sinne i Munden;
Forstanden forgik mig ved Ulrikens Fot.
Tænkte paa offside, om det skulde vinkes,
men Bendter fikk score for NFF sin Trupp;
følede Vreden, blev gal i min Aand,
og greb til mitt Sinne med dirrende Haand.

26. oktober 2017

Publisert 26/10/2017 av Berge.

Peddien é tebake! No som speidar. Namnet glittrar, men har han framleis den nødvendige oversikten? Den første terminlista for 2018 kom forresten også i dag. Altfor tidleg start, altfor sein slutt (etter to veker pause mellom nest siste og siste kamp!). Hatar NFF!

Peddien é tebake! No som speidar. Namnet glittrar, men har han framleis den nødvendige oversikten?

Den første terminlista for 2018 kom forresten også i dag. Altfor tidleg start, altfor sein slutt (etter to veker pause mellom nest siste og siste kamp!). Hatar NFF!

Publisert 28/10/2017 av Berge.

På veg til Haugesund med perfekt bortekamp-på-rett-side-av-fjellet-lektyre.

På veg til Haugesund med perfekt bortekamp-på-rett-side-av-fjellet-lektyre.

Publisert 28/10/2017 av Berge.

Utdsigt fra hotellrommet.

Utdsigt fra hotellrommet.

Publisert 28/10/2017 av Berge.

«Byen é Bergen, og laget é Brann …»

«Byen é Bergen, og laget é Brann …»

Gliset til Fredriksen

Publisert 03/11/2017 av Berge.

Om då Brann slo FKH 3-2 og lykkelege eksil-vestlendingar kokte over i Haugesund.

Skål!

– Hey! Prøver du å ta livet av meg, eller?

Fredriksen slo ut med armane og gliste. Eg hadde nettopp smelt korken av flaska med lykkebobler, via taket, og ned i hovudet på han. Cavaen vøringsfossa ut av flaska. Det er noko med å vinne 3-2 på bortebane, spesielt etter å ha tapt fire kampar på rad og lagt under to gonger, som får det til å koke over. Eg helte opp i plastglasa, hoia til Pensjonisten og Lille Trille som dreiv og dansa ein euforisk Brann-dans midt i cavadammen, snudde meg mot Bibliotekaren fra Helvete:

– Elvis kom og dans med meg!

Vestlandet

14 timar tidlegare stod eg på Hokksund stasjon og stirra inn i mørket. Kvifor gidd eg dette? tenkte eg og såg for meg reisevegen til Haugesund: 1,5 time med tog, ventetid på Gardermoen, éin time på flyet, taxi til Stavanger sentrum, ventetid i Stavanger sentrum, to timar på Kystbussen, alt for å sjå Brann ligge kompakt i forsvar i 90 minutt og tape på overtid.

På plass på toget tok eg fram Erlend O. Nødtvedts nye bok Vestlandet. Ein meir passande roman å ha med i sekken på Brann-tur, skal du leite lenge etter. Hovudpersonane Erlend og Yngve reiser rundt på Vestlandet medan dei konsumerer alkohol nærmast intravenøst, leiter etter den vestlandske sjela, og nedkjempar fienden, altså “sentralmakten, embedsmennene, vinkelhjernene, de som vil fjerne alt det viltvoksende, egenrådige, de som vil utjevne hver sving, nedlegge hver ferge, forflate alt”.

Den einaste vesentlege forskjellen på Yngve og Erlend på den eine sida, og oss omreisande Brann-supporterar på den andre, er at vi – brannsupporterane – ikkje leitar etter den vestlandske sjela, men viser den fram. Brann er jo som kjent eit omreisande teater, ja, nærmare bestemt ein musikal: Syngande og skrålande inntar vi by etter by med munter livsførsel av den typen NFF og dei andre embedsmennene i Alvorets sikkerhetstjeneste prøver å utrydde.

Mackkjelleren i Haugesund før FKH-Brann: Av med skoa og klapp!

Milliongevinst på gang?

Inne på Gardermoen møtte eg min gode venn Faste Utgifter som også var på veg til Haugesund via same snirklete reiserute som meg sjølv. Det gjekk nemleg ingen passande fly direkte til Haugesund denne helga. Vi fiksa seter ved sida av kvarandre, og medan eg jekka ein øl og las vidare i Vestlandet, prøvde Faste Utgifter å finne ut av dagens V75-rebus.

– Problemet er å finne ein banker som ikkje er for opplagt, konkluderte han då vi hadde landa på Sola. – Eg er rimeleg trygg på dagens største favoritt, men det blir jo ikkje store pengar av det …

– Eg foreslår at vi går etter dei store pengane, sa eg og sende melding til Fredriksen som allereie var på plass i Haugesund: Vere med å stele heile potten i V75?

Fredriksen svarte som vanleg på blomsterspråk: Briller og bukseseler!

– Fredriksen er med, sa eg. – La oss tømme kassa!

Starbucks

Framme i Stavanger fann vi ingen opne pubar, og måtte nøye oss med Imsdal på Starbucks medan vi heldt fram med å diskuterte mulige bankar-kandidatar til V75-bongen. Det såg håplaust ut, og eg måtte igjen spørre meg kvifor vi gidd å bruke så mykje tid på eit spel vi veit vi kjem til å tape? Er det Vestlandet som framleis heng i oss sjøl om vi har flykta over fjellet til sol og kjærleik? For dette må vel vere noko av det mest karakteristiske med dei ekte vestlendingane: Dei held fram sjølv om dei veit at dei til slutt tapar – i fotball, på trav, mot vêret og sentralmakta.

Ei melding fra Fredriksen avbraut filosoferinga mi: Av 100 møtte bare 90.

Eg knegga, og svarte at vi var på veg: Går til Kystbussen no. Skal fyre i baksete og gjere ferdig kupongen.

1000 kroner på at Brann ikkje får straffe resten av sesongen

Glad gjeng!

Det ville sjølvsagt ha vore fantastisk for dramaturgien til denne historia om vi vann eit par millionar kvar på V75-bongen eg har brukt så mange ord på over, men framme i Haugesund, medan vi sang og skreik oss håse inne på Mackkjelleren, kom den eine nedslåande nyheten etter den andre: 1. valg i første løp, 1. valg i andre, 3. valg i tredje, osv. Premien for sju rette var klar like før kampstart: 756 kroner.

Heldigvis fekk Fredriksen inn fleire andre spel: Då vi hadde kome oss til kampen, kjapt forbi politimennene det gjekk rykte om at dreiv og kikka ned i undikken til folk, samt sett Haugesund score to gonger og Barmen éin, i pausen, sa ein medsupporter til Fredriksen at han vedda 1000 kroner på at Brann ikkje kom til å få straffe resten av sesongen. 20 minutt seinare kvelva Cosic Vega innanfor 16-meteren. Vi ropte på Barmen, banna då vi såg at det var Kaptein Vito som gjekk fram, rabla gal då Wormgoor ordna 2-2.

Like etter klikka bortefeltet igjen. Enkelte feiringar gjer så vondt at du bokstaveleg tala må bruke meir energi på halde deg i live enn å glede deg over målet. 3-2 på Haugesund stadion var ei slik feiring. Bak meg hadde nokon tatt tak i skjerfet mitt og stramma til, og idet eg var i ferd med å bli kvelt gav Fredriksen meg ein klem med så dårleg koordinasjon at hovuda våre klinka mot kvarandre.

– Jeg spilte 500 kroner i pausen på at Brann skulle snu det! Jeg kødder ikke! Over ti i odds! gliste han, medan eg stod og sjangla etter samanstøtet.

Skjelettet ler

Skjelettet ler

Ved bussane utanfor stadion stod ein gjeng i raudt og dansa. Eg heiv meg med, før aust-gjengen marsjerte til hotellet for å sprette flaska med lykkebobler og danse i cava. Det siste eg hugsar frå kvelden er at eg står med eit skjeletthovud i hendene. For dei fleste på discoteket var det nok berre ein tåpeleg Halloween-rekvesitt, men for meg var det noko mykje meir. Skallen minna meg om Vestlandet. På si ferd mellom fjella, har nemleg Erlend og Yngve eit hovudmål: Dei skal skape motbildet til austlandet, “en trassig protest, i Anders Lysnes ånd”. Anders Lysne er i følge boka ein lærdøling som vart halshogd på Sydneshaugen for å ha opponert mot kongen i København. Erlend og Yngve kjører rundt med hovudet hans i bagasjerommet. Skallen til Anders Lysne burde snarast få eit eige banner på Stadion! slo eg fast, der eg stod på dansegolvet i Haugesund omringa av djevlar og vampyrar, og stira inn i augeholene til eit plastskjelett.

Eit tilfreds sukk

Dagen derpå. Det er ikkje vanskeleg å stå opp sjølv om klokka berre er halv åtte, og vi knapt har sove. Tunge i kroppen, men lette til sins svevar vi inn i taxien, inn i flyet, inn på Gardermoen. I rulletrappa på veg ned til flytoget hører eg eit sukk fra Fredriksen på steget framfor meg.

 – Ka é det? Går det bra?

Fredriksen snur seg, og eg ser at det må ha vore eit tilfreds sukk eg hørte, for augene til Fredriksen gløder av glede.

– Fy faen så heldige vi er som kan reise rundt og holde på sånn som dette her! gliser han.

November 2017

Publisert 05/11/2017 av Berge.

Kjører tog, men dessverre ikkje til Bergen. Eigenmelding i dag.

Kjører tog, men dessverre ikkje til Bergen. Eigenmelding i dag.

5. november 2017

Publisert 05/11/2017 av Berge.

Brann slo Lillestrøm 2-0 på Stadion. Såg kampen i familiebesøk omringa av austlendingar som kommenterte kor flink eg var til å juble hemningslaust uten å lage lyd. Rått pyroshow før kampen! Blinkarar uten raude bluss var overraskande vakkert – til og med på tv.

Brann slo Lillestrøm 2-0 på Stadion. Såg kampen i familiebesøk omringa av austlendingar som kommenterte kor flink eg var til å juble hemningslaust uten å lage lyd.

Rått pyroshow før kampen! Blinkarar uten raude bluss var overraskande vakkert – til og med på tv.

Publisert 15/11/2017 av Berge.

Hokksund 14. november 2017. På søndag er det fotballkamp rett borte i høgget her, og jammen meg er det ikkje éin kamp til før sesongen er over. Hatar NFF!

Hokksund 14. november 2017. På søndag er det fotballkamp rett borte i høgget her, og jammen meg er det ikkje éin kamp til før sesongen er over. Hatar NFF!

Publisert 19/11/2017 av Berge.

Kampdag. Tre minus. Stillongs og ullgensar.

Kampdag. Tre minus. Stillongs og ullgensar.

Publisert 19/11/2017 av Berge.

Puben syng «Viss ikkje Brann vinner serien i år, ja då flytter vi til Drammen og blir bønder alle sammen», men det er berre Elvis og eg som har tatt konsekvensane av påstanden.

Puben syng «Viss ikkje Brann vinner serien i år, ja då flytter vi til Drammen og blir bønder alle sammen», men det er berre Elvis og eg som har tatt konsekvensane av påstanden.

Vi skulle fyre hele veien til Baku …

Publisert 20/11/2017 av Berge.

Om klistremerkeforbud, skrinlagte reiseplanar og «Engler i sneen».

Bildet over har eg funne på Flickr. Det er meint å skulle illustrerer stemninga i Drammen søndag ettermiddag. Fra kampen mellom Strømsgodset og Brann, den som avgjorde at det ikkje blir nye Europa-sprell i 2018, har eg dessverre ikkje eit einaste bilde. Telefonen min tok rett og slett kvelden på veg til Marienlyst. Kanskje var det kuldesjokk som fekk epple-batteriet til å knele? Kaldt var det i alle fall. Drammenselva pusta frostrøyk, restaurantane på Bragernes torg hadde pinnekjøtt på menyen, og Pensjonisten nynna «Engler i sneen» på veg til puben.

Klistremerkegangster

Før vi fekk kome inn på Laurtiz måtte vi gjennom ein uvanleg grundig sjekk. Heftig beføling er vi vant til på veg inn på kampar, men at det skulle vere nødvendig også på puben overraska meg. Eg blei også rimeleg paff då eg innsåg at det vaktane jakta på, ikkje var pyro, våpen og medbrakt alkohol, men klistremerke. Vi kjøpte øl og diskuterte saka, kom fram til at det eigentleg er rimeleg logisk:

– Altså, dersom klistremerket er stort nok, er det jo faktisk mulig å kvele eit menneske ved å lime det framfor nasa og munnen på personen.

– Sant! Eigentleg rart at ikkje fleire er redde for stickers.

«Christine Meyer é en av oss!»

Lenge såg det ut til at det skulle bli ein tam ettermiddag på puben. Få hadde tatt turen fra Bergen, og vi andre var meir i prate- enn syngehumør. Men så dukka ein festklar bøling fra BBØ opp, og så kom «Sweet Caroline» på annlegget, før musikkansvarleg følgde opp med MGP-klassikaren «Vestlandet». Brått stod folk og gaula «Over eit fjell, inn i ein tunell, over ei bru, ja, der bur du!», før M. lanserte den nydikta dagsaktuelle sangen «Christine Meyer é en av oss! / Daffy Steinfeld é en av oss!». Eg begynte å få trua på tribunekok og tre poeng.

– Måtte denne kampen vere starten på noko stort, gliste eg. – Det er vel eigentleg berre å bestille billettar til Europa League-finalen i Baku med det samme?

Godt forsøk

Den gode stemninga fortsatte på bortefeltet (også etter at Marcus Pedersen scora 1-0 fire minutt ut i kampen og hysja på oss). Vi måtte jo vinne! Turar som den til Budapest/Ruzomberok er det vi lever for, og då var det berre å gaule på: «Bergen ut av Norge!»

Haldninga vår til kampen minna meg om haldninga eit kvar sunt menneske bør ha til livet generelt: Aldri i verda om dette går bra – det gå bra! Spesielt i andre omgang såg det ut til at også spelarane forstod alvoret. Og då alt såg som mørkrast ut – då Godset hadde gått opp til 2-0 og Europa-håpet var fordufta – vende Deyver Vega på ein tiøring og smelte ballen inn ved stolperota framfor oss. Eg vart så opprømt at eg berre stod og måpa. Kunne det gå likevel?

Sindige bergenserar

Brann held fram med å prøve, men verken dommaren eller stengene i Godset-målet var av det gavmilde slaget. Europadraumen slukna igjen, men eg kjende meg likevel ikkje knust. Nei, då dommaren blåste av kampen utan at Brann hadde fått det andre målet, var det ein sindig gjeng som stod igjen og klappa. Laget hadde i alle fall gjort eit forsøk. Det var berre det at Godset der og då var eit litt bedre lag.

Det blir ofte påstått at Brann ikkje har suksess over tid fordi vi er så utålmodige, men er det noko trufaste brannsupporterarar kan, så er det å vente. 10 år på Europa-spel. 23 år på cupmesterskap. 44 år på seriegull. Ja, når det kjem til venting, er vi rett og slett i Europa-toppen.

23. november 2017

Publisert 23/11/2017 av Berge.

Grønner har resignert. Eg blei overraskande glad. Ellers: Ekstraordinær generalforsamling på gang i Sportsklubben: Medlemmene skal avgjerde om Brann skal bygge studenthyblar på Stadion for å finansiere ny langside. Mange er urolege for veggen hybelblokka vil lage inn mot bana, men eg er først og fremst glad for at Stadion med dette blir heilt tett.

Grønner har resignert. Eg blei overraskande glad. Ellers: Ekstraordinær generalforsamling på gang i Sportsklubben: Medlemmene skal avgjerde om Brann skal bygge studenthyblar på Stadion for å finansiere ny langside. Mange er urolege for veggen hybelblokka vil lage inn mot bana, men eg er først og fremst glad for at Stadion med dette blir heilt tett.

24. november 2017

Publisert 24/11/2017 av Berge.

Har fornya partoutkortet, og for første gong er det ikkje snakk om eit fysisk kort, men ein qr-kode. Kan bli nostalgisk av mindre. Orlov er forresten ferdig i Brann. Blir litt nostalgisk av det òg. Ikkje nokon klassespiss, men ein av verdas beste førsteforsvarar.

Har fornya partoutkortet, og for første gong er det ikkje snakk om eit fysisk kort, men ein qr-kode. Kan bli nostalgisk av mindre. Orlov er forresten ferdig i Brann. Blir litt nostalgisk av det òg. Ikkje nokon klassespiss, men ein av verdas beste førsteforsvarar.

Publisert 26/11/2017 av Berge.

Klar for sesongavsluttning: Har kjørt bil og buss for tog, no gjenstår berre tog og fly og bynane. Femtepassen ska hem!

Klar for sesongavsluttning: Har kjørt bil og buss for tog, no gjenstår berre tog og fly og bynane. Femtepassen ska hem!

Publisert 26/11/2017 av Berge.

SAS-lounge med Kongen.

SAS-lounge med Kongen.

Publisert 26/11/2017 av Berge.

No é vi her igjen, typar fra … Buskerud.

No é vi her igjen, typar fra … Buskerud.

Publisert 26/11/2017 av Berge.

Første gang eg såg dette skiltet må eg innrømme at eg blei litt oppgitt, men dess meir eg tenker på det (berre det at eg tenker på det – eit skilt) seier det seg sjøl: Klart Bergen skal ha eit spørsmålsteikn bak bynavnet!

Første gang eg såg dette skiltet må eg innrømme at eg blei litt oppgitt, men dess meir eg tenker på det (berre det at eg tenker på det – eit skilt) seier det seg sjøl: Klart Bergen skal ha eit spørsmålsteikn bak bynavnet!

Desember 2017

Seks punkt om Tromsø-kampen

Publisert 16/12/2017 av Berge.

På grunn av mykje å gjere på jobben, klementiner som måtte skrellast og juleøl som måtte drikkast, rakk eg aldri å loggføre Tromsø-kampen, men her kjem fem punkt eg ville hatt med dersom eg hadde skrive noko om årets siste Brann-kamp.

1. Tomt for vin

Supporterutstyr.

Elvis og eg reiste tidleg til Gardermoen for å få oss eit par timar i SAS loungen. Allereie halvvegs hadde Elvis klart å tømme vinkrana.

2. Midtnattsol

Er det éin ting det burde vere konsensus om her i verda, så er det at midnattsol er eit herleg fenomen, men på veg over fjellet, begynte Elvis og eg å krangle om nettopp midtnattsola. Eg hadde fortalt om ein av dei kjekkaste borteturane eg har vore på: Tromsø-turen i 2013. Kampen gjekk i mai, det var 25 varmegradar om natta, og medan vi sat på uterestauranten gjekk sola ned på den eine sida av gata og opp på den andre.

Elvis berre fnaus:

– Midtnattsol er jævleg oppskrytt! Det er jo berre same sola … Det kan du ikkje nekte for!

3. Mimring

Hyggelege Tromsø-folk.

På bussen fra Fotballpuben til Stadion, havna eg ved sida av Store Stå-legenda Raymond Nesse. På proustiansk madeleinkakevis var eg med eitt tilbake i barndommen, til den tida eg begynte å gå på Store Stå og nesten blei klemt ihjel kvar gong Brann scora. Medan dei andre supporterane berre var ein masse, ei raud bølge som slo over meg når Kjetil Løvik putta, sat Raymond fremst på gjerdet og fyrte i gang sangar saman med Johnny K.. Dei gav supporterane eit ansikt for meg, og eg kjem aldri til å glømme den dagen eg fekk lov til å ta bussen til byn aleine for å kjøpe drakt av Johnny i Brannbutikken ved Smørsbroen.

4. «Mere magi! Mere magi!»

Det ville ha vore vanskeleg å skrive ein tekst om Tromsø-kampen utan å nevne Alexx Alexxander som blei møtt med anti-sangar då han skulle trylle i pausen, og som ikkje rakk å bli ferdig med stuntet sitt før laga kom på bana igjen og vi braut ut i jublande skadefryd: «Mere magi! Mere magi!»

Forhåpentlegvis det endelege punktumet for pauseshow på Stadion.

5. Vestlandet

Eit personleg høgdepunkt var då Elvis, Pensjonisten og eg fekk BGG med på å synge MGP-junior-klassikaren Vestlandet: «Over eit fjell, inn i ein tunnel, over eit bru, ja, der bur du. Eg håpar du veit kor heldig du é, du é fra Vestlandet!»

6. Målet til Orry

På nattoget heim til Hokksund las eg på nettavisene at Peter Orry Larsen hadde scora eit fantastisk mål. Det hadde eg ikkje fått med meg. Frå Hansa såg det berre ut som om han krangla ballen i mål på Orlov-vis. På ein måte kan eg forstå at dei som er opptatt av fotball, og berre fotball, ser kampane på TV, men kven er det eigentleg som bryr seg om fotball?

Publisert 16/12/2017 av Berge.

Fekk nettopp dette tilsendt fra Bergen. Har no uhelbredeleg heimlengt.

Fekk nettopp dette tilsendt fra Bergen. Har no uhelbredeleg heimlengt.

22. desember 2017

Publisert 22/12/2017 av Berge.

Brann-gruppene på Messenger har plinga i heile dag. Først var Piotr klar for eit lag i heimlandet, så var det to signeringar: Først ein ny midtbanespelar fra Bosnia, Amer Ordagic, som ser rask og driblesterk ut på skrytevideoen, og til slutt Emil Kalsaas (17) fra Fyllingsdalen. I tillegg er folk i gang med å planlegge […]

Brann-gruppene på Messenger har plinga i heile dag. Først var Piotr klar for eit lag i heimlandet, så var det to signeringar: Først ein ny midtbanespelar fra Bosnia, Amer Ordagic, som ser rask og driblesterk ut på skrytevideoen, og til slutt Emil Kalsaas (17) fra Fyllingsdalen. I tillegg er folk i gang
med å planlegge dei første turane i 2018, det er jo ikkje så lenge til vi er i gang igjen …

TV-fotballdagboka (korona-sesongen 2020)

Lengsel i luften

Publisert 29/12/2020 av Berge.

Sesongen som aldri begynte, er endeleg over. Det er på tide å oppsummere: Har TV-fotball nokon som helst verdi?

Eg har, med eit lite unntak, for første gang sett ein heil Brann-sesong på TV. For kvar kamp, har avstanden frå Hokksund til Bergen auka. Utan sangane på puben og tribunen, samtalene med venner og framande på bussen og i meny-vogna på toget, herjing og kok, mistar Brann magien. Ja, det er ubegripeleg at nokon kan ha ein intens og langvarig romanse med ein klubb, uten å delta sjølv på tribunen.

Det betyr ikkje at TV-fotball er utan verdi. Du slepp å bli kald og våt. Du slepp å reise med tog i sju timar etter å ha tapt mot Mjøndalen. Ikkje minst slepp du å vere fyllesjuk og forkjøla etterpå. På sitt beste kan TV-fotball absolutt skape begeistring. Å sjå kampplanen til Robert Hauge bli realisert i Molde, står igjen som det absolutte høgdepunktet frå korona-sesongen.

Det er likevel med TV-fotball som med all anna mediering av felleskap og glede: Det er så uforpliktande!

Ja, no lengtar eg etter plikta igjen! Sju timar med tog for å sjå 0-0-fotball, høyrest kanskje ikkje så fristande ut, men ekstasen vi opplever dei få kampane alt klaffar for Sportsklubben, føles jo nettopp så fortent fordi vi har samla lidingskapital, sett uendeleg med balltrilling og feilpassningar. Du samlar ikkje lidingskapital ved å sjå fotball på TV, og jubelen framfor skjermen er når alt kjem til alt eit stusseleg og einsamt konsept.

Den forbanna klubben!

Publisert 18/11/2020 av Berge.

«Eg blir bare mere og mere likegyldig til hele klubben!!!»

Påstanden over burde vere lett gjennkjenneleg for dei fleste Brann-supporterar. Eg trur i alle fall det må vere setninga eg har høyrt oftast på veg ut av Stadion i åra etter seriegullet i 2007. Det morsomme med påstaden, er at personen som seier dette, alltid utstrålar det motsatte. Han eller ho som seier dette, er ikkje likegyldig, men tvert imot jævleg forbanna på måten klubben blir drive på. Den likegyldige supporteren hatar surret til Roald Bruun Hansen, den omstendelege spelstilen og mediehandteringa til Rune Skarsfjord, svadaspråket til Rikard Norling, strilementaliteten til Lars Arne Nilsen og Rune Soltvedt, og at Brann aldri aldri aldri kjem til å bli eit stabilt topplag.

Avstand

Då eg opna Branndagboka igjen i juni, var det for å finne ut om tv-fotball har ein verdi. Kva er poenget med å støtte ein klubb fra sofaen?

Prinsipielt hatar eg tv-fotball, men eg har måtte innrømme at det er mulig å bli engasjert også av ein tv-kamp. Utover i sesongen har avstaden til Bergen, Stadion, folka på puben og tribunen, likevel gjort meg stadig meir likegyldig til Brann. Og då meiner eg likegyldig. Det kan gå fleire dagar utan at eg sjekkar om BT og BA har nye Brann-saker. Eg hoppar over episodar av Heia Brann!, Ballspark og Fotballpreik. Eg går ikkje og ventar på neste kamp. Eg gløymer stadig når neste kamp er, og kven vi skal spele mot. Eg snakkar knapt med nokon som bryr seg om Brann. Den einaste koblinga mi til klubben er Brann-chattane på Messenger, og Elvis som sender melding for å kjefte på meg fordi eg ikkje skriv noko her på Branndagboka.

Oslo Bolig- og Sparelags liga

Faren for at Brann speler i 1. divisjon når vi endeleg kan gå på Stadion igjen, burde skremme meg ut av likegyldigheita. Men dersom vi nokon gong blir kvitt virushelvetet, og igjen kan reise rundt og spreie felleskap og glede til det norske folk, har eg ingenting imot å møte Fredrikstad og Ham-Kam borte. Det einaste som skremmer meg litt, er tanken på at vi ikkje skal komme oss opp igjen. Kva om det raknar fullstendig for Sportsklubben Brann?

Berre taparar vil vinne for ein kvar pris

Det vil i så fall skje på usselt vis. Brann har vore kjent for å vere ein hyggeleg klubb. Spelarar har fått reise heim fordi konene deira ikkje toler regn, og sjuke eller avskilta Brann-gutar har fått jobb i klubben. No skal vi derimot ta gull for ein kvar pris. På kort tid har den vandrande Rosenborg-logoen Kåre Ingebrigtsen kvitta seg med, eller prøvd å kvitte seg med, trufaste slitarar som Robert Hauge, Taijo Teniste, Bismar Acosta og Gilli Rólantsson uten å bry seg om korleis det skjer.

Og kva er resultatet av kynismen? Ikkje noko anna enn at Brann rasar vidare nedover på tabellen, medan eg står i sofaen i sluttminutta av kvar kamp og brøler at eg berre blir meir og meir likegyldig til heile forbanna klubben!

21. september 2020

Publisert 21/09/2020 av Berge.

Så kan vi pusta letta ut. Brann tapte berre 3 – 1 mot Bodø/Glimt på Brann Stadion.

Så kan vi pusta letta ut. Brann tapte berre 3 – 1 mot Bodø/Glimt på Brann Stadion.

13. september 2020

Publisert 13/09/2020 av Berge.

Brann møter VIF på Intility i kveld, og det kriblar ikkje i kroppen. Vanlegvis ville eg kokt over av forventning no. Mest sannsynleg vore på eit altfor tidleg tog til Oslo for å starte oppladninga på Scotsman. Trist.

Brann møter VIF på Intility i kveld, og det kriblar ikkje i kroppen. Vanlegvis ville eg kokt over av forventning no. Mest sannsynleg vore på eit altfor tidleg tog til Oslo for å starte oppladninga på Scotsman. Trist.

29. august 2020

Publisert 29/08/2020 av Berge.

Brann spelte uavgjort 1-1 mot Godset etter ein god førsteomgang med svært direkte fotball, og dessverre ein svært tafatt andreomgang. Skulle gjerne ha stått stå på Stadion og kjefta opp spelarane dei siste 50 minutta av kampen.

Brann spelte uavgjort 1-1 mot Godset etter ein god førsteomgang med svært direkte fotball, og dessverre ein svært tafatt andreomgang.

Skulle gjerne ha stått stå på Stadion og kjefta opp spelarane dei siste 50 minutta av kampen.

28. august 2020

Publisert 29/08/2020 av Berge.

Sesongen er halvspelt. Brann har 21 poeng. Tar dei like mange på dei neste 15 kampane, har dei 42. Det er ikkje berre meininga med livet, men også eit poeng meir enn Glimt har etter 15 kampar.

Sesongen er halvspelt. Brann har 21 poeng. Tar dei like mange på dei neste 15 kampane, har dei 42. Det er ikkje berre meininga med livet, men også eit poeng meir enn Glimt har etter 15 kampar.

24. august 2020

Publisert 29/08/2020 av Berge.

Brann slo Stabæk 2-0 på Nadderud! Spelet imponerte ikkje, men det verka fort gløymt. Etter at Bamba scora det siste av dei to måla, feira laget som om dei hadde vunne medalje, ikkje klatra opp til sjuande plass, 20 poeng bak Bodø-Glimt. Kampens høgdepunkt utanom måla, var at BBØ stilte ti mann utanfor bortesvingen. Hørte dei […]

Brann slo Stabæk 2-0 på Nadderud! Spelet imponerte ikkje, men det verka fort gløymt. Etter at Bamba scora det siste av dei to måla, feira laget som om dei hadde vunne medalje, ikkje klatra opp til sjuande plass, 20 poeng bak Bodø-Glimt.

Kampens høgdepunkt utanom måla, var at BBØ stilte ti mann utanfor bortesvingen. Hørte dei godt på tv-en!

16. august 2020

Publisert 16/08/2020 av Berge.

Kåre Ingebrigtsen tapte sin første kamp som Brann-trenar 1-0. Kampen var sjølvsagt mot Mjøndalen. Eg forstår det ikkje! Mjøndalen er eit heilt vanleg bunnlag fra ei lita stasjonsbygd i Drammen kommune. Det er verkeleg ingen grunn til at dei skal ha abonnement på poeng mot Sportsklubben Brann!

Kåre Ingebrigtsen tapte sin første kamp som Brann-trenar 1-0. Kampen var sjølvsagt mot Mjøndalen. Eg forstår det ikkje! Mjøndalen er eit heilt vanleg bunnlag fra ei lita stasjonsbygd i Drammen kommune. Det er verkeleg ingen grunn til at dei skal ha abonnement på poeng mot Sportsklubben Brann!

Endelig!

Publisert 11/08/2020 av Berge.

Om felleskap og glede av typen du overraskande får på tv.

Brann slo Molde i Molde! Det er jo forbanna typisk at det skjer det eine året vi ikkje har sjansen til å vere der. Få stader har eg opplevd så mykje frustrasjon som på Aker stadion. Dei tre siste gangane eg har vore der, har vi tapt stort (2018), på overtid av overtid (2017) og etter ein idiotisk straffe laga av Vadim Demidov med under 10 minutt igjen (2016).

Edru og aleine
Gårsdagens kamp såg eg edru og aleine i sofaen. Ikkje noko godt utgangspunkt for ein engasjerande 90-minuttar, men Robert Hauge begynte og avslutta karriera som hovudtrenar med stil. Lite finspel og rikeleg med flaks, vil kanskje enkelte hevde, men eg såg først og fremst heroisk innsats i forsvarsarbeidet og heilhjarta kontringar for første gang sidan våren 2018.

«Feita meita – Jon-Helge Tveita!»
Jon-Helge Tveita var ei viktig brikke i Sarpsborg sitt Europa-eventyr for eit par sesongar sidan, og han er i ferd med å bli like viktig for Brann: Back med sluttprodukt trengst dersom Bamba og Koomson skal halde fram med å bomme på åpent mål. No er det kanskje ikkje så rart at dei bommar. Spesielt Bamba har gjerne både vunne ballen på Brann sin banehalvdel, og tatt ballen med seg over store deler av bana, før han skal avslutte. Sjølv om han er ein dyktig ballvinnar, håpar eg Kåren i større grad lar Bamba konsentrere seg om dei offensive oppgåvene.

Ammepute
Dei siste 25 minutta pressa Molde nesten konstant. Alt låg til rette for minst éi sein Molde-scoring av typen vi kjenner så altfor godt. Eg begynte å vandre i stova medan Forren og Opdal redda Brann igjen og igjen. Då kampen var over, og eg kom til meg sjølv, oppdaga eg at eg hadde stått framfor tv-en siste delen av andreomgang og klemt på ei ammepute. Tv-mediet får mykje tyn her i dagboka, men eg må jo innrømme at berre kampen er spennande nok, kan også fotball på tv sende meg inn i bobla der det einaste som betyr noko i heile verda er det som skjer der ute på bana.

Etter kampen fanga Eurosport også ei vakker filmscene eg neppe hadde fått med meg dersom eg var på stadion: Ein manisk lykkeleg Rune Stoltvedt held hovudet til Robert Hauge i hendene som om han snart skal gi han eit deilig tungekyss, før han klaskar den avtroppande hovudtrenaren rikeleg på kinna med begge nevane.

 

10. august 2020

Publisert 10/08/2020 av Berge.

Kåre Ingebrigtsen vart presentert som ny Brann-trenar i helga. For første gong har Brann fått ein trenar som er av samme kaliber som klubben (trenaren og sportsklubben har tre seriegull kvar). Eg kjenner likevel at eg treng litt tid på å bearbeide det.

Kåre Ingebrigtsen vart presentert som ny Brann-trenar i helga. For første gong har Brann fått ein trenar som er av samme kaliber som klubben (trenaren og sportsklubben har tre seriegull kvar). Eg kjenner likevel at eg treng litt tid på å bearbeide det.

5. august 2020

Publisert 05/08/2020 av Berge.

Trenarjakta er i gang. Trur eg har sett 20 timar Ballspark direkte dei siste dagane. Heile kvelden har gått med til å sjå på Doddo og Øystein Vik sjå på Brann-trening. Høg puls då dei fekk melding om at Soltvedt var på Flesland. Han skal ifølge Vibeke Johannesen reise litt rundt og “sjå folk i […]

Trenarjakta er i gang. Trur eg har sett 20 timar Ballspark direkte dei siste dagane. Heile kvelden har gått med til å sjå på Doddo og Øystein Vik sjå på Brann-trening. Høg puls då dei fekk melding om at Soltvedt var på Flesland. Han skal ifølge Vibeke Johannesen reise litt rundt og “sjå folk i auena”. Akkurat det er vel ikkje bilselgarar så gode på? (Eller er det nettopp det dei kan?)

Uansett: Trenarjakt på tv er så mykje meir spennande enn fotball på tv!

Brann utan dekning

Publisert 05/08/2020 av Berge.

Det har vore like stille fra meg som fra Brann-administrasjonen etter 1-2-tapet mot Engen laurdag kveld. Det beklagar eg.

Dessverre kan eg verken skulde på at eg har forhandla viktige sluttavtalar, eller at alt saman vart for emosjonelt for meg. Etter endeleg å ha komme meg på Stadion mot Kristiansund, reiste eg rett på ei hytte utan mobildekning. Eg prøvde å følgje Godset-kampen på NRKs 4-4-2, men der masa dei berre om ein eller annan fugl som hadde forvilla seg inn på Marienlyst medan baklengsmåla rann inn.

Men eg rakk heim til det viktigaste: Endelause timar med Huseklepp, Doddo og Bøyum utanfor Stadion. Eg må innrømme at eg frykta kva som kom til å skje då Lars Arne Nilsen vart sittande i bilen og summe seg, før han endeleg kom ut til journalistgjengen. Heldigvis gliste han, og etter det har heile avskjeden med LAN berre vore ei fin greie. Avskjedstalen såg eg på mobilen utanfor barnehagen, og eg måtte verkeleg ta meg saman for ikkje å felle ei tåre. Avskjeden kom sjølvsagt ikkje ein dag for tidleg, men at det skulle gå så fint for seg, hadde eg ikkje sett for meg.

To store høgdepunkt står igjen i minnet etter fem år med LAN: Snuoperasjonen i Sogndal i 2017 og den heilt usannsynleg gode kampen mot Rosenborg på Lerkendal i 2018. Begge desse kampane utløyste to av dei kjekkaste kveldane i livet mitt, og fortel mykje om kva Brann-livet handlar om. Å tenke på korleis vi herja rundt i Sogndal og Trondheim, rusa på Brann-prestasjonen vi nettopp hadde sett, gjer meg djupt nedtrykt over at vi også resten av denne sesongen mest sannsynleg må sjå på Brann på TV.

25. juli 2020

Publisert 26/07/2020 av Berge.

Endeleg kom eg meg på Stadion igjen! Det var godt å sjå Brann-spelarane i levande live. Dei har sett litt gustne og daude ut på tv-skjermen. Det var også utruleg kjekt å få sjå fotball saman med 200 andre som var innstilt på å lage trøkk. Ja, eigentleg vart det ei fullverdig Stadion-oppleving, der eg […]

Endeleg kom eg meg på Stadion igjen! Det var godt å sjå Brann-spelarane i levande live. Dei har sett litt gustne og daude ut på tv-skjermen.

Det var også utruleg kjekt å få sjå fotball saman med 200 andre som var innstilt på å lage trøkk. Ja, eigentleg vart det ei fullverdig Stadion-oppleving, der eg fekk gjort alt eg vil gjere når eg er på Stadion: Drikke ein pils med gamle kjente før kamp, hoppe, synge og gaule «Skandale!» fra tribunen. Nye-nye-Store Stå har blitt skikkeleg bra. Strålande utstikt. God akustikk.

Spelet var som det har vore i det siste: dørgande kjedeleg med nokre små glimt av magi. Denne gongen var det ei nydeleg Forren-passning med påfølangde Koomson-skåring som ei stund såg ut til å ha gitt prosjekt «underhaldande fotball» ein liten dose intravenøs behandling. Så bytta Brann på defensiv dødball, og då gjekk det jo som det måtte gå … Kristiansund skåra etter at Hustad, som nettopp kom inn, ikkje var påskrudd i sonearbeidet. Heldigvis var det nok plass på Store Stå til å veive frenetisk med armane og rope «defensiv dødball?! Kem faen er det som byttar på defensiv dødball?!».

21. juli 2020

Publisert 21/07/2020 av Berge.

Brann droppar trekning før lørdagens kamp mot Kristiansund, og gir dei 200 billettane til Bataljonen for å prøve å få opp stemninga på Stadion. Modig.

Brann droppar trekning før lørdagens kamp mot Kristiansund, og gir dei 200 billettane til Bataljonen for å prøve å få opp stemninga på Stadion. Modig.

19. juli – etter kampen

Publisert 19/07/2020 av Berge.

Brann – Start 1– 1. Få teikn til betring spelemessig, bortsett fra eit deilig mål etter eit angrep som hadde det vi ber om: Passning framover, kjapt slått innlegg, og like kjapt løp frå Koomson som heada ballen i mål. Kvifor prøver dei ikkje berre på dette igjen og igjen?

Brann – Start 1– 1. Få teikn til betring spelemessig, bortsett fra eit deilig mål etter eit angrep som hadde det vi ber om: Passning framover, kjapt slått innlegg, og like kjapt løp frå Koomson som heada ballen i mål. Kvifor prøver dei ikkje berre på dette igjen og igjen?

19. juli 2020

Publisert 19/07/2020 av Berge.

Etter å ha vore lunken til tv-fotball i sesongstarten, har eg plutselig begynt å bli nervøs på kampdag. Det må ha med Lars Arne Nilsen å gjere. Kvar kamp betyr noko for forteljinga om LAN-epoken. Dette vart understreka denne veka, då styreleiar i Brann, Eivind Lunde, var ute i BA og sa tydeleg ifra om at laget (LAN) har lav måloppnåing på […]

Etter å ha vore lunken til tv-fotball i sesongstarten, har eg plutselig begynt å bli nervøs på kampdag. Det må ha med Lars Arne Nilsen å gjere. Kvar kamp betyr noko for forteljinga om LAN-epoken. Dette vart understreka denne veka, då styreleiar i Brann, Eivind Lunde, var ute i BA og sa tydeleg ifra om at laget (LAN) har lav måloppnåing på kompetansemåla i læreplanen. Det er det vel vanskeleg å vere ueinig i.

15. juli 2020 – Etter kampen

Publisert 15/07/2020 av Berge.

Odd – Brann 1 – 0. Orkar ikkje å gå og legge meg. Kjem berre til å drøyme om støttepassningar.

Odd – Brann 1 – 0. Orkar ikkje å gå og legge meg. Kjem berre til å drøyme om støttepassningar.

15. juli 2020

Publisert 15/07/2020 av Berge.

Kjenner rett og slett på litt god gammaldags kampdagsnervøsitet. Odd har som Brann levert svært varierande resultat, frå stortap mot Glimt og tap mot Sandefjord (!), til solide kampar mot Start og Engen. Børven var ein viktig ingrediens i dei to siste, og han er som kjent borte. Og kva Brann-versjon får vi sjå: Gamle synder […]

Kjenner rett og slett på litt god gammaldags kampdagsnervøsitet. Odd har som Brann levert svært varierande resultat, frå stortap mot Glimt og tap mot Sandefjord (!), til solide kampar mot Start og Engen. Børven var ein viktig ingrediens i dei to siste, og han er som kjent borte.

Og kva Brann-versjon får vi sjå: Gamle synder som mot RBK og Sarpsborg, eller Sportsklubben Peis På som i andreomgangen mot Viking og kampen mot Sandefjord sist?

Det blir ein lang dag fram mot sein kampstart. Synd vi ikkje kan slå ihel tida med Fyrebuss til Skien.

13. juli 2020

Publisert 13/07/2020 av Berge.

På pilgrimsreise til Volda for å puste i lufta Lars Arne Nilsen pusta i då han la slagplanen før Sandefjord-kampen. Såg kampen med utsikt mot Rotsethornet, favorittfjellet til Nilsen, der sola dukka opp etterkvart som Brann scora og scora og scora. Heldigvis peiste Sportsklubben på, sjølv etter å ha fått 3-0 i løpet av det […]

På pilgrimsreise til Volda for å puste i lufta Lars Arne Nilsen pusta i då han la slagplanen før Sandefjord-kampen. Såg kampen med utsikt mot Rotsethornet, favorittfjellet til Nilsen, der sola dukka opp etterkvart som Brann scora og scora og scora. Heldigvis peiste Sportsklubben på, sjølv etter å ha fått 3-0 i løpet av det første kvarteret. Det gir håp om at det er ei reell endring i spelestil vi er vitne til. Feira ny optimisme og tredjeplass på tabellen med estisk munnskyllevatn.

6. juli 2020

Publisert 06/07/2020 av Berge.

Stressa som ein gal for å rekke heim til kampen i går. Det kunne eg spart eg meg. Eg begynner å forstå kvifor folk flest helst ser fotball på TV. Det er totalt uforpliktande. Når laget ditt tapar 5-0 i Bodø må du ikkje gå ut i byen og bli håna av heimelaget sine supporterar, […]

Stressa som ein gal for å rekke heim til kampen i går. Det kunne eg spart eg meg. Eg begynner å forstå kvifor folk flest helst ser fotball på TV. Det er totalt uforpliktande. Når laget ditt tapar 5-0 i Bodø må du ikkje gå ut i byen og bli håna av heimelaget sine supporterar, du slepp å drikke trøstepils medan du prøver å forklare kvifor du har hatt trua på trenaren, og du slepp å vakne opp fyllesjuk i ei hotellseng med ei fem – seks timar lang heimreise framfor deg. I staden kan du berre zappe over til ein annan kanal idet dommaren bles i fløyta, sjå ein serie, tømme popcornbollen, etterkvart legge deg og vakne utkvilt i di eiga seng.

Baksida av denne televisjonens uuthaldelege letthet, er sjølvsagt at du går glipp av all enerigen, alle erfaringane og samtalane det omreisande supporter-livet byr på, men alt dette er du jo lykkeleg uvitande om dersom du berre ser kampane på tv.

3. juli 2020

Publisert 03/07/2020 av Berge.

Brann slo Sarpsborg 1-0 i går etter eit nydeleg angrep med Gilbert Koomson i hovudrolla mot slutten av første omgang. I andre omgang trygga Brann stort sett leiinga i kjent stil. No med Ole Martin Kolskogen i hovudrolla. Det vil seie: 19-åringen spelte vel strengt tatt hovudrolla i heile kampen. Savnar ellers publivet, og lengtar etter den dagen ellers […]

Brann slo Sarpsborg 1-0 i går etter eit nydeleg angrep med Gilbert Koomson i hovudrolla mot slutten av første omgang. I andre omgang trygga Brann stort sett leiinga i kjent stil. No med Ole Martin Kolskogen i hovudrolla. Det vil seie: 19-åringen spelte vel strengt tatt hovudrolla i heile kampen. Savnar ellers publivet, og lengtar etter den dagen ellers gode Amer Ordagic begynner å vurdere om det finst pasningsalternativ framover på bana.

2. juli 2020

Publisert 02/07/2020 av Berge.

Det er visst kampdag. Det tok to timar frå eg stod opp til eg kom på det. Det må vere ein slags negativ rekord.

Det er visst kampdag. Det tok to timar frå eg stod opp til eg kom på det. Det må vere ein slags negativ rekord.

29. juni 2020

Publisert 29/06/2020 av Berge.

Er framleis fortvila over måten Sportsklubben hamna bakpå etter å ha spelt ei strålande opning mot Rosenborg. Gode relasjonar mellom dei tre på topp i dei første kampane, har gitt meg trua på ei reel endring i spelestil, men så var plutseleg alt ved det vante igjen. Om det finst lyspunkt, må det vere at Brann framleis […]

Er framleis fortvila over måten Sportsklubben hamna bakpå etter å ha spelt ei strålande opning mot Rosenborg. Gode relasjonar mellom dei tre på topp i dei første kampane, har gitt meg trua på ei reel endring i spelestil, men så var plutseleg alt ved det vante igjen. Om det finst lyspunkt, må det vere at Brann framleis engasjerer. Både Pensjonisten og eg raste framfor TV-skjermen, og Brann-twitter kokte av frustrasjon i timane etter kampslutt.

Synest forresten Ole Martin Kolskogen får altfor lite ros av både BA og BT. Spesielt på slutten av kampen, redda han lagkameratane igjen og igjen.

28. juni 2020

Publisert 28/06/2020 av Berge.

Brann – Rosenborg 1 – 2.

Brann – Rosenborg 1 – 2.

Publisert 28/06/2020 av Berge.

Kampdag! Nervøs. Er nok best å ta festen før kampen slik vi gjorde i 2018.

Kampdag! Nervøs. Er nok best å ta festen før kampen slik vi gjorde i 2018.

25. juni 2020

Publisert 25/06/2020 av Berge.

Aalesund – Brann 25. juni 2020 blei ein typisk TV-kamp av typen eg frykta før sesongen.

Aalesund – Brann endte 2–2. Gårsdagens kamp var årets første med heile Berge-familien samla, men det blei likevel ein TV-kamp av typen eg frykta før sesongen: Tekniske problem med Eurosport før kamp (kokte godt, men ikkje på den rette måten), solslappe vestlendingar i sofaen, trøtte ungar, tannpuss og legging midt i andre omgang. Det samla lydbilde i store deler av kampen: Sutrande baby, snorkande familiemedlemmer, Paw Patrol fra ein I-pad, og uengasjerande kommentatorlyd.

Nokre høgdepunkt var det likevel:

12. minutt: Femåringen klikker i vinkel over holding i feltet. «Det er ikke lov! Det er farlig!». Lovar godt for framtida.

20. minutt: Femåringen prøver å få avklart ein gong for alle om Bergen er i Norge, eller ikkje. Pensjonisten og eg gir eit mest mogleg forvirrande svar utan å lyge.

41. minutt: Femåringen fortel at kosedyret hennar heier på Viking, fordi Berisha speler der. Ser forventningsfult på meg. Kor sint kan eg få han?-blikket. Pling på TV-en: Berisha har scora for Viking. Vi ler det bort (innbitt).

53. minutt: Petter Strand med eit strålande innlegg til Bamba som endeleg fullfører eit løp på bakarste stolpe. Den fem månader gamle potensielle Mjøndalen-supporteren i leikegrinda, ler høgt når eg og bestefar hoppar opp og dansar ein improvisert La la la Bamba-dans.

59. minutt: Meir Bamba-dans med innlagt «la la la Barmen!» til ære for ei nydeleg heading over stopparane til Aalesund og rett i beina til Bamba.

7 poeng på dei første tre kampane, lovar godt for resten av sesongen. Angrepsspelet er på bedringens vei. No gjeld det berre å få Kolskogen og Forren klare til å halde i 90 minutt, og få på plass ei velfungerande koronavaksine. Det kan då ikkje vere for mykje å forlange av Lars Arne Nilsen?

24. juni 2020

Publisert 24/06/2020 av Berge.

Får unna ting. Dette er ein veldig stor del av livet som supporter: Å få unna ting (grasklipping, foreldrepengesøking, støvsuging osv.) for å få tid og konsentrasjon til kampen.

Får unna ting. Dette er ein veldig stor del av livet som supporter: Å få unna ting (grasklipping, foreldrepengesøking, støvsuging osv.) for å få tid og konsentrasjon til kampen.

22. juni 2020

Publisert 22/06/2020 av Berge.

Fråtsar i Brann-podcastar. Liker ikkje å innrømme at eg gler meg til ein TV-kamp, men er veldig glad for at det berre er to dagar til Brann skal på bana igjen.

Fråtsar i Brann-podcastar. Liker ikkje å innrømme at eg gler meg til ein TV-kamp, men er veldig glad for at det berre er to dagar til Brann skal på bana igjen.

Katten til Elvis

Publisert 22/06/2020 av Berge.

Hels på Lucifer Pricsilla, Dark Lord of the Abyss, eller katten til Elvis om du vil. Luci får ansvaret for å oppsummere 3-0-seieren over Viking: «Hele første omgang sov jeg. I andre omgang beglodde jeg min langhårede eier og den fremmede Sphynx-aktige mannen som ikke klarte å sitte stille i sofaen. I stedet spratt de opp […]

Hels på Lucifer Pricsilla, Dark Lord of the Abyss, eller katten til Elvis om du vil. Luci får ansvaret for å oppsummere 3-0-seieren over Viking: «Hele første omgang sov jeg. I andre omgang beglodde jeg min langhårede eier og den fremmede Sphynx-aktige mannen som ikke klarte å sitte stille i sofaen. I stedet spratt de opp og satte seg igjen, spratt opp og satte seg igjen, spratt opp og satte seg igjen, mens de mjauet de merkeligste høye lyder rettet mot fjernsynet. En utrolig spesiell sosial praksis, selv til mennesker å være. Men de så glade ut. Nesten lykkelige. Og veldig tørste.»

21. juni 2020

Publisert 21/06/2020 av Berge.

Kampdag! Brann mot påskeegg, Berisha og Tore Tang. Har avtalt å sjå kampen med Elvis. Meir skulle ikkje til for å gi meg kampdagstemning.

Kampdag! Brann mot påskeegg, Berisha og Tore Tang. Har avtalt å sjå kampen med Elvis. Meir skulle ikkje til for å gi meg kampdagstemning.

20. juni 2020

Publisert 20/06/2020 av Berge.

Noterer meg at 555 personar såg PL-fotball på storskjerm på Akershus Festning fredag kveld. I eit Brann-perspektiv er det sjølvsagt litt snodig at dette er lov, men ikkje å sleppe inn 200 personar per tribune på Stadion. I eit litt større perspektiv må det også vere ekstremt provoserande for alle som ikkje får komme tilbake til jobbane […]

Noterer meg at 555 personar såg PL-fotball på storskjerm på Akershus Festning fredag kveld. I eit Brann-perspektiv er det sjølvsagt litt snodig at dette er lov, men ikkje å sleppe inn 200 personar per tribune på Stadion. I eit litt større perspektiv må det også vere ekstremt provoserande for alle som ikkje får komme tilbake til jobbane sine i bransjar som er begrensa av 200-personar-per-arrangement-regelen. Det betyr ikkje at 200-grensa er feil, men litt likebehandling hadde kanskke ikkje vore feil.

«Oppi!»

Publisert 18/06/2020 av Berge.

Om å sjå Brann på tv.

Dei første 19 minutta av Haugesund – Brann onsdag 17. juni 2020, låg eg roleg i sofaen. Beina på bordet. Mobilen i den eine handa. Ein pils i den andre. Oppriktig interessert og glad for å sjå Brann forsøke å spele kjapt framover (sjølv om sluttproduktet mangla), men ikkje engasjert med heile kroppen, slik eg ville ha vore dersom eg stod på tribunen i Haugesund og såg Brann ha full kontroll på Grindhaug-banden.

Tometersregelen

Så, i det 19. minuttet, skjedde det eg hatar mest av alt (utanom målstyring og blind vold): Brann-spelaren som skulle i press, tok plutseleg koronahensyn. I staden for å gå i då ein Haugesund-spelar fekk ballen ute på kanten, på høgde med 16-meteren, følgde han tometersregelen. I ettertid er dette ei ubetyedeleg hending i kampen, men i mi nye karriere som sofasupporter er det ein milepæl. For etter å ha lagt der, ein konsumzombie i forbrukersamfunnet, og chatta med Brann-kompisar om kor lovande spelet til Produktet var, gjorde denne mangelen på press meg rasande. Eg kasta frå meg mobilen og hoppa ut på golvet.

– Oppi! ropte eg. – Oppi, då!

Men Barmen, eg trur i alle fall det var Barmen, høyrde meg ikkje. Fortvilt slo eg ut med armane idet Haugesund-spelaren fekk lagt inn.

Innlegget enda i ingenting, og eg kom til meg sjølv, måtte smile av den deilige følelsen av å ha vore djupt engasjert i noko. Ja, så engasjert at eg glømte alt anna. Inkludert kor lang tid det tar å legge ein unge igjen som har vakna av at nokon rasande ropar «Oppi, då!».

Skeptisk

Det er jo ikkje til å komme utanom at eg har vore litt skeptisk til om dette blir ein skikkeleg sesong. Å sjå eliteseriefotball med 200 publikummarar på tribunen, blir som å sjå treningskampar på tv, har eg tenkt. Sjølv om aktiviteten i Brann-gruppene på Messenger har tatt av dei siste dagane, har eg ikkje kjent på anna enn mild kribling før seriestarten.

Men då Taylor storma inn 1-0, spratt eg igjen ut på golvet. Då Bamba krangla med seg ballen over halve bana og fekk avslutta, stod eg i sofaen. Og då Daniel Pedersen stanga inn 1-2 frykta eg for å ha vekt, ikkje berre mine eigne, men alle ungane i heile Hokksund.

Fear of missing out

Lykkelig plukka eg opp mobilen for å lese reaksjonar fra andre lykkelige Brann-supporterar, men var ikkje førebudd på stormen av snappar, twitter-videoar og instagram-historier frå pubane i Bergen og Oslo der folk feira som om vi hadde vunne seriegull. Det er ikkje til å komme utanom at eg avslutta kvelden med ei kjensle av å ha gått glipp av noko.

Å sjå teljande Brann-kampar med 200 på tribunen på tv heilt aleine, er med andre ord mistenkeleg likt å sjå teljande Brann-kampar med fleire tusen på tribunen på tv heilt aleine.

Toppfoto: Brann – Haugesund på tv i 2017.

Publisert 17/06/2020 av Berge.

Felleskap og glede av typen du ikkje får på TV (fra Haugesund – Brann 2019).

Felleskap og glede av typen du ikkje får på TV (fra Haugesund – Brann 2019).

17. juni 2020

Publisert 17/06/2020 av Berge.

Eliteserien er i gang! Det var herleg å sjå kamp frå Lerkendal i går utan å måtte høyre på dødsrallinga til Kjernen i 97 minutt. Kanskje er det ikkje så ille utan publikum likevel? Det var også mykje anna å glede seg over i Rosenborg – Kristiansund. Blant anna blei trønderane tydeleg stressa av å bli pressa. Håpar […]

Eliteserien er i gang! Det var herleg å sjå kamp frå Lerkendal i går utan å måtte høyre på dødsrallinga til Kjernen i 97 minutt. Kanskje er det ikkje så ille utan publikum likevel? Det var også mykje anna å glede seg over i Rosenborg – Kristiansund. Blant anna blei trønderane tydeleg stressa av å bli pressa. Håpar dei ikkje har funne ut av det til 28. juni.

Er litt avventende til at Brann skal spele årets første tellande kamp i dag. Det var ikkje det første eg tenkte på då eg våkna i dag tidleg, slik det ville vore dersom vi skulle til Haugesund og feire livet, men det tok heller ikkje meir enn tre – fire minutt før det slo ned i meg i form av lett kribling. Merker det også i Messenger. Aktiviteten i Brann-gruppene aukar time for time.

16. juni 2020

Publisert 16/06/2020 av Berge.

Det har vore rimeleg stille i dei fleste Brann-gruppene eg er med i dei siste vekene, men i går kveld var det endeleg tendensar til engasjement i den mest kreative. Fleire dårlege forslag til sangar til Forren (det er ein hard test å omstille seg til å lage noko positivt om ein spelar du er opplært til å mislike […]

Det har vore rimeleg stille i dei fleste Brann-gruppene eg er med i dei siste vekene, men i går kveld var det endeleg tendensar til engasjement i den mest kreative. Fleire dårlege forslag til sangar til Forren (det er ein hard test å omstille seg til å lage noko positivt om ein spelar du er opplært til å mislike frå ein klubb du hatar) og fleire gode forslag til Ali Ahamada-sangar.

15. juni 2020

Publisert 15/06/2020 av Berge.

Har opplyst alle i heimen om at ungane må vere i seng før 20:00 på onsdag og lest artig intervju med Barmen på netttavisen.no. Ellers lite Brann i livet mitt to døgn før seriestart.

Har opplyst alle i heimen om at ungane må vere i seng før 20:00 på onsdag og lest artig intervju med Barmen på netttavisen.no. Ellers lite Brann i livet mitt to døgn før seriestart.

Publisert 15/06/2020 av Berge.

Det verste er egentlig det at jeg ikke har hatt skikkelig helg de siste ti årene, føler jeg. Det merker jeg veldig på andre rundt meg, hvordan de gleder seg til helg. For meg så er gjerne tirsdagen når vi har fri min lille helg. Det er noe jeg gleder meg mest til når jeg […]

Det verste er egentlig det at jeg ikke har hatt skikkelig helg de siste ti årene, føler jeg. Det merker jeg veldig på andre rundt meg, hvordan de gleder seg til helg. For meg så er gjerne tirsdagen når vi har fri min lille helg. Det er noe jeg gleder meg mest til når jeg legger opp, det å ta meg helg 52 ganger i året.Kristoffer Barmen til nettavisen.no

Publisert 15/06/2020 av Berge.

Og Barmen skulle vært supporter i Lyon Og Barmen skulle vært supporter i Lyon I stedet må han fyre heme, skjult for BT, helt alene Barmen skulle vært supporter i Lyon Ein av dei mange versa vi laga i Budapest på melodien “Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør”

Og Barmen skulle vært supporter i Lyon
Og Barmen skulle vært supporter i Lyon
I stedet må han fyre heme, skjult for BT, helt alene
Barmen skulle vært supporter i Lyon
Ein av dei mange versa vi laga i Budapest på melodien “Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør”

Publisert 14/06/2020 av Berge.

De skal ta vare på sin lokale pub og sikre at det er et sted som en fortsatt kan gå på. For det er kjempekjekt at man nå kan få gode fotballopplevelser sammen med gode venner på en pub, men sørg for at det fortsatt kan skje om en uke, to uker, en måned Helseminister […]

De skal ta vare på sin lokale pub og sikre at det er et sted som en fortsatt kan gå på. For det er kjempekjekt at man nå kan få gode fotballopplevelser sammen med gode venner på en pub, men sørg for at det fortsatt kan skje om en uke, to uker, en måned Helseminister Bent Høie til nettavisen.no

13. juni 2020

Publisert 13/06/2020 av Berge.

BA melder at 200 heimesupporterar får komme inn på kampane i Eliteserien. Brann melder at det blir trekning blant dei rundt 5000 som har kjøpt partoutkort. Spent på om det blir noko stemning ut av det.

BA melder at 200 heimesupporterar får komme inn på kampane i Eliteserien. Brann melder at det blir trekning blant dei rundt 5000 som har kjøpt partoutkort. Spent på om det blir noko stemning ut av det.

12. juni 2020

Publisert 12/06/2020 av Berge.

Berre nokre dagar til Brann skal spele sesongens første kamp. Brann-interessa mi har den siste tida vore på eit bunnivå eg ikkje trudde eg ville hamne på nokon gong. For nokre år sidan var eg så gira før seriestart at eg tok toget tur/retur Bergen fra Hokksund for å sjå treningskamp mot Tromsø i Vestlandshallen. I dag […]

Berre nokre dagar til Brann skal spele sesongens første kamp. Brann-interessa mi har den siste tida vore på eit bunnivå eg ikkje trudde eg ville hamne på nokon gong. For nokre år sidan var eg så gira før seriestart at eg tok toget tur/retur Bergen fra Hokksund for å sjå treningskamp mot Tromsø i Vestlandshallen. I dag spelte Brann treningskamp, og eg blei først klar over det 20 minutt før kampstart. Eg trur nok Brann-interessa mi vil komme tilbake når vi ein vakker dag kan dra på kamp igjen, men kva med før det? Ja, har fotball på tv nokon som helst verdi?