Brann – Viking 1-1

Nei! Nei! Nei!

Publisert 30/04/2017 av Berge.

Frå huset vårt i Hokksund til Isachsen Stadion tar det ti minutt med bil. Mi største frykt her i livet er derfor at minimennesket i familien skal bli Mjøndalen-supporter. Det bergenske propagandaapparatet har sjølvsagt gjort sitt: Bestefar har kjøpt Brann-drakt, eg har trykka body med «Kniksen & Knudsen» på, og «Ikkje fåkk med kjærligheten» er fast voggesang. Til no har det likevel vore lite Brann-interesse å spore.

Austevoll – Brann

På onsdag for eksempel, ti minutt ut i kampen mot Austevoll, forklarte verdas største Peppa Gris-fan meg at TV-en ikkje er min. Etter det gjekk kampen slik:

0-1: Eg styrte med NRK-appen på ipaden og Peppa Gris på fjernsynet då Steffen Lie Skålevik scora. Eg venta spent på reprisen då kommentator Oddgeir Øystese informerte om at NRK ikkje kom til sende nokon reprise. Nei! Seriøst?!

0-2: Eg er opptatt med å sette på ein ny Peppa Gris-episode då Azar, Azar, Azar Karadas fiksar 2-0.

0-3: Akutt bleieskift.

0-4: Verdas største Peppa Gris-fan er sulten. Eg hentar primboksen ut av kjøleskapet og går glipp av at Haldor Stenevik scorar på heimebane (sjølv om eg har lært av 0-2 og 0-3 og denne gongen har ipaden i handa). Kvifor i mørke, svarte … sender dei ikkje reprise?!

0-5: Wifi-en streikar idet Brann får straffe. Krakilsk brannsupporter og like krakilsk Peppa Gris-fan begynner feilsøking.

0-6: Peppa Gris-fan trykker skiva med prim ned i sofaen idet Steffen Lie Skålevik puttar sitt andre.

0-7: Lang ball mot Vega ute på kanten. Vega tar ballen fint ned og buar skotet hardt rundt keeper, inn i det motsette hjørnet.

Så, ja, eg fekk med meg eitt av sju mål, og begynte straks å uroe meg for korleis det skulle gå under Brann-Viking, ein kamp eg heller ikkje skulle sjå på stadion.

Tifo-dugnad

For å få opp Brann-entusisamen starta vi laurdagen med Tifo-dugnad, der vi laga verdas minste Brann-flagg med tannpirkar som stang. Eg prøvde også å sette minimennesket inn i Brann-kulturen: Forklarte forskjellen på BGG, Felt Z/Hasunds Hund, BBØ, BST Øst Vest, Barten og Pølse-VIP-en. Det såg ut til å fungere. Ved innmarsj stod vi klare framfor TV-en og flagga, men då kampen begynte var interessa borte:

– Peppa Gris!

– Nei!

– Jo!

– Nei!

– Jo!

– Nei! Nei! Nei!

Triste greier

Eg fekk viljen min, men irriterte meg mest over kor frykteleg utilfredsstillande det er å sjå Brann på TV. Ingen Brann-spelar har forhåpentlegvis nokon hørt på instruksjonane mine, men eg føler jo likevel at eg får bidratt når eg står på tribunen.

Spelet var heller ikkje som forventa. Ja, er det éin kamp eg like godt kunne ha sett på ein liten ipad, så er det Brann-Viking 29. april 2017. Der Sportklubben i dei to første heimekampane har skremt motstandaren inn sitt eige mål, var det Viking som fekk ha ballen mest. Haugen scora rett nok frå langt hald, slik at det lenge – ja, veldig, veldig lenge – såg ut til at vi skulle klare å stele med oss tre poeng, men eg stod likevel for det meste i sofaen og kjefta og sukka. Kor var det blitt av den vakre fotballen vi spelte mot Godset, Haugesund og i andre omgang på Åråsen? Kor var det blitt av kampviljen vi viste mot Tromsø?

Då Sivert Heltne Nilsen fekk det gule kortet som gjer at han må stå over mot Rosenborg, banna eg så høgt at mor fant ut at det var best å legge knøttet.

Like vondt som eit tap

I det 92. minutt sette eg meg ned i sofaen, trygg på at dette likevel kom til å gå vegen. Brann hadde fått frispark og kunne trygge inn tre poeng. Braaten og Azar stod klare til å halde på ballen på venstrekanten, men i staden for å slå ballen dit, sleiva sonen til faren ballen ut over sidelinja til Viking-kast. Siddisane storma i angrep, lystne på å hevne Haugens 1-0 scoring på overtid i Stavanger i fjor. Inne i feltet virra ukonsentrerte Brann-spelarar omkring og såg det uungåelege skje.

– Nei! Nei! Nei!

Lite er så deilig som å score på overtid, og lite gjer så vondt som å få mål imot i det 93. minutt. Der og då: Verre enn å tape i Kristiansund. Eg låg på sofaen og vrei meg i irritasjon og smerte. Frå soverommet i andreetasje kom eit lite klynk:

– Pappa?

– Ja?

– Au?

– Ja, pappa har litt au no.

1 kommentar

  1. […] andre observasjoner av samme kamp: Branndagboka og Brannbloggen. Disse ble observert på […]