Brann – Vålerengen 1-1

Bergen er på gang!

Publisert 03/07/2017 av Berge. Emne: , , , , ,

Endeleg hadde fleire enn dei 10000 mest trufaste oppdaga at vi har eit superlag på gang. Mobiliseringa starta allereie før Sarpsborg-kampen: Bergenske Facebook-feedar var fulle av statusoppdateringar om å komme seg på Stadion, og minst éin lokalpolitikar var i media og snakka om sitt livslange forhold til Sportsklubben – eit sikkert teikn på at Brann har store ting på gang.

På Bataljonen sitt forum følgde dei mest ivrige billettsalet time for time, og på brann.no kunne vi dagleg lese nye gladmeldingar om 11000, 12000, 13000 og 14000 selde seter og ståplassar. Til slutt hadde 16136 kjøpt billett til Brann-Vålerengen 2. juli 2017.

Supportercomeback

Sjølv hadde eg rekruttert ein kompis som pleide å vere med på kamp då eg stod i Klokkesvingen på slutten av 90-talet. I løpet av dei siste 17 åra hadde han berre sett éin Brann-kamp: 3-6-festen i Trondheim. Du skulle kanskje tru at å vere på Lerkendal den kvelden Brann knuste Rosenborg gav deg lyst til å gjere comeback som supporter, men det tok altså seks nye år før han blei med på Stadion.

Tifo-gruppa hadde gjort ein ekstrem innsats for å danke ut Klanen, gire opp spelarane og gi alle nye fjes på tribunen ei god oppleving.

Framfor oss blei eit gigantisk banner av Lars Arne Nilsen malt i sovjetisk propagandastil heist opp. Raud røyk fylte lufta og lungene våre, før «Stemma på Stadion», Remi André Taule, kom med den faste oppfordringa si:

– Reis opp og syng med på Nystemten!

Comebacksupporteren såg forvirra på meg:

– Blir Nystemten spelt fra CD?!

Vått og kaldt og breiflabbfotball

God stemning før kampen.

Fra første sekund blei det klart at kampen kom til å bli prega av overvatn: Avsparket til Engen stoppa straks i ein av sølepyttane i midtsirkelen. Brann snappa ballen og fossa i angrep, men uten å komme til avslutning. Vi håpa på at dei dårlege baneforholda ville vere til fordel for den hardtkjempande raude arméen til Lars Arne Nilsen, men eit relativt fintspelande Engen var minst på høgde med Sportsklubben.

På tribunen var vi derimot overlegne. I timane før kampen hadde vi smurt stemmene våre på Fotballpuben og Bakrommet. Det var tydeleg at mange hadde hatt ein lang søndag til å kjøre seg opp: Sjølv på kontorpuben i SPV-tribunen våga folk å synge høgt og tydeleg:

– Vi é berømte Brann fra Bergen!

Comebacksupporteren gliste: – Syng de den sangen fortsatt?!

Sanganarki

På Hansa hadde Felt Z og sangfeltet til Bataljonen som vanleg to ulike opplegg. Vi sang konsekvent tostemt, ofte i ulikt tempo, nokre gonger ulike sangar. Blant oss i høgre topphjørnet av Store stå råda det full forvirring: Kva tempo skulle vi følge og kva sang skulle vi synge når to ulike sangar blei framført med like heftig trøkk?

– Typisk Bergen! lo comebacksupporteren. – Totalt anarki!

– Speler han fortsatt!?

Som alltid på Stadion følgde stemninga kampen, og etterkvart vart stemmene våre mindre overbeviste om seier. Framfor oss prøvde Sivert Heltne Nilsen nærmast å ta kvelertak på ein VIF-spelar rett etter at han hadde fått gult kort, og minst éin situasjon til kunne enda med straffe til Oslo-laget. Vi gaula også på straffe, men til ingen nytte.

Til slutt hadde vi berre eitt håp:

– Azar! Azar! Azar Karadas!

Comebacksupporteren måpa:

– Speler han fortsatt?!

Vi tar seriegull 0-0!

Dessverre fekk Azar få innlegg. Heller ikkje Krepsen hadde noko å by på, og då gjekk det som det pleier å gå når Brann har ein dårleg eller middels dag med Wormgoor og Acosta som midtstopparar: 0-0.

På veg ut av Stadion følte eg likevel at vi hadde tapt. Overskrifta til kampbloggen var klar: Når Bergen tar fyr, sluknar Brann. Dette har jo nesten vore ei naturlov dei siste åra: Kvar gong vi har mobilisert sofasupporterane har Brann-spelarane sett svake og nervøse ut.

Etter å ha fått sove på det, ser eg sjølvsagt at gårsdagens prestasjon var betre enn som så. Med Sivert Heltne Nilsen sine glødande auge som ledestjerner, gav Brann-spelarane alt i kvar duell for å gi oss ei god oppleving. Halvvegs i sesongen ligg vi på andreplass, to poeng bak Rosenborg, har scora flest mål og sluppe inn færrast. Det viktigaste er kanskje likevel at comebacksupporteren virka tilfreds. Det siste han spurde om før vi sette kursen heimover var i alle fall når Brann speler neste heimekamp.