Brann – Sandefjord 5-0

Calvados og champagnefotball.

Publisert 17/05/2017 av Berge.

Ein av farane med 16. mai er at du begynner på Calvadosen for tidleg på dagen.

Problemet med 16. mai – i alle fall for oss som bur på austlandet – er at det er så forbaska lett å gå for hardt ut tidleg på dagen. Vi har gjerne lagt vaken og gleda oss store deler av natta, og idet vekkerklokka endeleg ringer, hoppar vi ut av senga. Adrenalin! Endorfin! Dopamin! Vi kan berre ikkje kome oss raskt nok til Bergen.

I løpet av dei sju timane på toget skal vi gjerne drikke litt boblebrus, eit par øl i menyvogna og smake på Calvadosen ein i reisefølget har med seg. Og heile tida pratar vi … Fleipar og mimrar om Brann-turar, som den legendariske heimreisa fra Sogndal i fjor då Sportsklubben endeleg var klar for Europa og vi stod på ferja og gaula «Borgerkrig! Borgerkrig! Republikken til Europa League!».

1-0 er ei farleg leiing

Framme i Bergen skal vi sjølvsagt innom Fotballpuben. Det er framleis tre timar til kampstart, og nok av tid til å drikke fleire øl. Ved innmarsj er gjengen totalslitne. Vi har reist i sju timar med tog for å synge laget fram, men rytmesansen er ute av takt og stemma er hås etter all pratinga. Fleire snakkar om at magen ikkje er heilt god. Det hjelper heller ikkje at Rune Soltvedt før kampen har sagt til BT at han fryktar Brann kjem til å måtte jobbe hardt for å bryte ned Sandfjord-forsvaret: «De lyt vera tolmodige!»

Heldigvis hadde spelarane andre planar 16. mai 2017. Gira på Nystemten og TIFO-show, pressa Braaten, Orlov og Barmen Sandefjord til å gjere ein fatal feil etter berre seks minutt. Scoring av Barmen Army var nøyaktig det slitne eksil-bergensarar trengte for å få energien tilbake.

Felles konklusjon: – No må dei berre ikkje legge seg bakpå … 1-0 er ei livsfarleg leiing!

2-0 er ei farleg leiing

Vi såg for oss 84 minutt med energidrepande forsvarsfotball, men det tok ikkje lang tid før vi fekk nytt påfyll av pågangsmot. Fredrik Haugen fyrte av med vrista fra 25 meter, og ballen sneik seg inn ved stolperota. E. blei ståande og måpe, medan resten av gjengen rabla gal. Då vi hadde feira ferdig stod E. framleis urørleg og stira på punktet der ballen hadde gått inn i målet.

– Men … Men … stotra han. – Eg er sikker på at ballen gjekk utanfor!

Felles konklusjon: E. må få seg briller og Brann må peise på. «2-0 er den farlegaste leiinga av alle!»

3-0 er ei farleg leiing og 4-0 er berre herleg!

Brann heldt fram med å rundspele Sandefjord den neste halvtimen. I staden for å frykte redusering, begynte vi å fable om kor mange mål vi kom til å få sjå, og i det 40. minuttet heada Orlov inn scoringa vi venta på.

– 3-0 er ei livsfarleg leiing, rakk vi akkurat å flire før Brann serverte nok ei nydeleg kontring:

Gilli til Haugen, vidare til Braaten på løp i 100 km/t nedover høgresida. Presist innlegg til Orlov som skalla ballen til heile bergens nye favoritt-færøying, mannen som starta angrepet, Gilli, Gilli, Gilli Rólantsson. Igjen rasa kroppens naturlege rusmiddel ut i blodet vårt. Adrenalin! Endorfin! Dopamin!

Gullet ska hem!

5-0 er eit fantastisk punktum

4-1-kampen mot Molde hadde ei perfekt dramaturgisk oppbygging: Ein jevn kamp vi undervegs ikkje forstod korleis Brann skulle klare å vinne, blei avslutta med to kjappe mål. 16. mai-kampen mot Sandefjord fekk derimot ein dupp i andre omgang. Vi ropte «Tempo!» og «Kjør over pakket!», men Sportsklubben hadde tydelegvis bestemt seg for å spare krefter til Sogndal-kampen. Inn kom reservane vi har sett lite til: Azar Karadas, Deyver Vega og Viðar Ari Jónsson.

Brann hadde full kontroll, men den lange dagen tærte igjen på kroppane våre, og det einaste som kunne vekke oss fra døsen vi var i ferd med å gå inn i, var fleire mål. Då Vega på overtid kom aleine med keeper utan å score, gav vi opp håpet. Det gjorde ikkje Fredrik Haugen. Gullfoten viste at han også er ballgjennvinnar, knabba kula fra Sandefjord-forsvaret og sentra til Nouri som skaut, og via målvakta, assisterte Jónsson sitt første Brann-mål. Fylte av phenylethylamin, stoffet som strøymer gjennom forelska tenåringar, dansa vi ut av Stadion, heim for å sove eit par dagar før road tripen til Sogndalsfjøra.