Brann – Molde 4-1

Tre poeng smakar bedre enn 12!

Publisert 14/05/2017 av Berge.

Supporterlivet: Stellebag, fluktstol og Brann-skjerf.

For å få logistikken til å gå opp, måtte eg lade opp til Brann – Molde som barnevakt under Buskerud-mesterskapet i orientering. Vi har jo alle vårt å stri med: Medan eg er Brann-avhengig, driv madammen med orientering. Eg har stort sett klart å vri meg unna alt som har med kart og kompass å gjere, men for å rekke flyet til Bergen måtte eg vere med på O-løp i Røyken.

Så der sat eg, den einaste på samlingsplassen med dongeribukse og Brann-skjerf. Eg hadde plassert minimennesket i ei sandkasse, bretta ut fluktstolen og smekka på plass to snus under leppa i opposisjon mot friluftsfanatismen. Lett til sinns sat eg og tenkte på at Lars Arne Nilsen aldri tapar to Eliteserie-kampar på rad, medan mora til knøttet og dei andre o-løparane forsvann inn i skogen bak meg.

Lite er så herleg som å slappe av når andre svettar og pesar rundt deg.

Two points go to … kald kaffi

Først då eg begynte å sende meldingar til folk eg håpte skulle på kampen, vart forventning om Molde-skalp bytta ut med irritasjon:

Står over Stadda i kveld, skal på sånn derre MGP-fest.

Blir konfirmasjon og Grand Prix på meg i dag.

Damen vil at eg skal være heme og se Eurovision i kveld. Grab the moment!

Det høyrer med til historia at den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix har vore ein festkveld i familien heile oppveksten min, og at eg derfor – sjølv om eg aldri kjem til å innrømme det for nokon – innerst inne var litt sur for at eg gjekk glipp av det middelmådige tv-showet. Det hjelpte heller ikkje på humøret at kaffien var blitt kald og at mora til knøttet ikkje hadde kome tilbake fra skogen sjølv om det var på tide å sette kursen mot flytoget.

Four points go to … Fotballpuben

Fra orientering til Fotikken.

Då det var ein time igjen til toget skulle gå fra Asker, begynte eg verkeleg å stresse. Eg gjorde minimennesket klar til avreise, forklarte at vi måtte vere klare til å dra så snart mamma kom i mål. Men mamma kom jo aldri, for mamma hadde bomma på post etter post. Først idet eg begynte å sjekke alternative fly, kom mamma joggande.

Vi heiv oss i bilen, og eg rakk toget, og flyet, og då eg kom ut av Flesland stod Flybussen klar til avgang. Framme i sentrum bana eg meg veg gjennom den tettpakka uteserveringa på Fotikken, inn i dei mørkaste delane av puben, der Bergens glade gutter og jenter kjørte seg opp med «Ååå, Brann fra Bergen, fra Republikken, her kommar vi! Vi vinner alt på Stadion, ja, der e vi suverén. Og når vi vinner borte blir vi faen nummer én! Ååå, Brann fra Bergen …».

Lukta av øl og svette har sjeldan vore meir kjærkomen.

Six points go to … «Kor é Edvardsen, NFF?»

På plass på Stadion, idet eg tok av meg hua for å synge Nystemten, var sjølvsagt alt som hadde med MGP og orientering glømt. Eg var klar for å sjå Brann gjere eit ærleg forsøk på å valse over Molde, men i staden severte Sportsklubben usikker 2014-fotball.

Ja, i første omgang var det verkeleg som å vere tilbake i nedrykksesongen. Felt Z og Store Stå sang i utakt, og dei få gongane Brann fekk tak i ballen, resulterte det stort sett i famlande trilling i bakre rekker. Vi ropte «Press!» og vi ropte «Tempo!», men alt vi fekk var nøling og feilpassningar.

Lenge såg det ut til at sangen om dommerskandalen («Kor é Edvardsen, NFF? Kor é Edvardsen, NFF? Kor é Edvardsen, NFF? Ååå … NFF») skulle bli kampens høgdepunkt, men så sa sidemannen min:

– No spellar di så svakt at det bare MÅ skje nåkke snart.

Ti sekund etter klinka Ruben Kristiansen ballen i mål fra 20 meter.

Eight points go to … 1-0 til pause

– Den der kommentaren må du få med i Branndagboken, lo E. då vi hadde jubla ferdig. Eg tok straks opp mobilen for å skrive ned replikken, og slik gjekk det til at eg stod og noterte då Molde scora 1-1.

Ingen rundt meg kommenterte målet, stod berre triste og tause, slik resten av Stadion var triste og tause. I mi alternative verd gjekk derfor Brann til pause med 1-0.

Eg fekk sjølvsagt gjennomgå då skandalen vart oppdaga.«Han fikk seriøst ikkje med seg 1-1-målet» begynte å spre seg lattermildt i gjengen rundt meg, og E. ville vite kva det var eg hadde hatt i ølet mitt på Fotikken. Eg prøvde straks å vri samtalen, fokusere på kor idiotisk det var at Orlov – ikkje Skålevik – varma opp framfor oss. Alle var einige om at Børven måtte ut, men dette måtte då vere ein perfekt kamp for Krepsen?

Med mindre du var opptatt med Eurovision i andre omgang, veit du kor feil vi tok om Orlov. Ja, vi skal verkeleg vere glade for at det er LAN som styrer Brann, ikkje oss oppe i hjørnet på Store Stå.

– Vi får jo ikkje te nåkke som minnar om kombinasjonsspill én gang! sa for eksempel ein idet Brann forvandla seg til Brasil og spelte Molde inn i sitt eige mål med avslutning frå Grønner.

10 points go to … Daniel Braaten

Og slik fortsette vi å kritisere. Og slik forsette Brann å motbevise alt vi sa.

I Hansasvingen 84 minutt ut i kampen:

– Acosta har vært rufsete i dag, bare å la Grønner og Vito spelle 16. mai …

På bana 84 minutt og 25 sekund ut i kampen: Acosta hoppar opp i ein slags loddrett spagat og reddar ballen fra å gå til utspel frå keeper, før han serverer Orlov 3-1.

Då Daniel Braaten avslutta den lekre 4-1-kontringa, hadde vi nettopp konkludert med at ja, det er kjekt å sjå på Braaten leike seg, men:

– Han kommar seg jo aldri inn i boksen!

The 12 points goes to … Jakob Orlov

Det er vel liten tvil om at Jakob Orlov var dagens helt. Han kom inn og tok tak i kampen, kjempa og slåst slik at resten av laget kunne kome etter og fekk rom til å finspele. Han scora også det viktige 3-1-målet, slik at vi kunne kokalele med ein smørblid Dan Riisnes som forsangar etter kampen.

Kanskje har ekstasen over 4-1 forgylt minnet mitt, men slik eg hugsar det avslutta Felt Z og Store Stå overtida med å synge Nystemten i samme tempo for første gong. Eg tvilar med andre ord sterkt på om nokon på Stadion angra på at dei valde Brann framfor Eurovision denne kvelden. For tre poeng på Stadion smakar bedre enn tolv i MGP. Det skadar heller ikkje at seriens mest kunstige fotballklubb måtte ta ein Jahn Teigen og reise heim med null.

Stadion é tom, men alle skal på 16. mai.