Brann – Haugesund 3-1

Viss ikkje Brann vinner serien i år ...

Publisert 17/04/2017 av Berge.

Då eg flytta over fjellet i 2005, var eg rimeleg sikker på at eg kom til å vere den einaste austlendingen med partoutkort på Stadion, men etterkvart viste det seg at det var fleire som  var dumme nok til å ta Bergenstoget i sju timar for å sjå 90 minutt med fotball av svært varierande kvalitet. Til kampar på austlandet arrangerte den same gjengen fyrebuss frå Oslo og Drammen, og når det ikkje passa å reise på ein kamp, såg dei oppgjeret saman på pub. Då  eg med tungt hjarte droppa å reise til Bergen for å sjå Brann-Haugesund (kampbelastninga må ikkje bli for hard for familien tidleg på året, då blir det problem seinare i sesongen),  var det derfor ikkje tvil om kor eg skulle sjå kampen: På pub med Øst-gjengen.

Er du i Oslo når det er Brann-kamp, er dette staden å henge.

Ringnes til Nystemten (!)

I Oslo ser brannsupporterane kampar på O’Reilly’s, ein passe sliten irsk pub på Grünerløkken med Ringnes på kranene. Akkurat dette med Ringnes trekker sjølvsagt kraftig ned, men så lenge du held pusten idet du løfter glaset, går skvipet ned på eit vis. Og folka er dei beste: Her kan du møte alt frå utflytta bergensarar som roper «Skål nåkken!» for å understreke kor dei kjem frå, til bærumsgutar som har blitt brannfan fordi mormora hadde ein onkel som ein gang budde på hotell i Bergen.

Før kampen kjørte vi oss opp med å snakke om København/Malmö-turen som dei fleste var med på, og såg Huseklepp og Knudsen synge Nystemten utkledd som Haugesund-spelarar.

Svarte skjermar

Brann starta vaklande, men etter 12-13 minutt sette dei endeleg inn det nye giret Lars Arne Nilsen har installert i Brann-motoren i vinter. Haugesund blei pressa lengre og lengre bakover, og alle balltap blei fulgt opp av beinhard jobbing. Fortsatte dette spelet, måtte Brann score snart. Stemninga blei derfor rimeleg panisk då skjermane 16 minutt ut i kampen gjekk i svart midt i eit Brann-angrep.

– Skandale!

– Få på kampen, igjen!

–Kom igjen, då!

–Scora vi?!

Lykkesnap fra Bergen.

Brått var linja til Stadion tilbake, akkurat i tide til å vise Braaten kvitte seg med ein haugesundar inne i straffefeltet, før han sende ballen over til Børven på bakre stolpe. 1-0 på Stadion. Handklask, klemmar og «skål nåkken!» på O’Reilly’s.

2-0 er ei livsfarleg leiing

Brann pressa vidare, og ti minutt seinare stod sonen til faren opp og heada inn 2-0 etter ein god corner av Haugen. Brann-hjørnet av O’Reilly’s var igjen i ekstase, og frå Stadion kom den eine lykkesnappen etter den andre.

– Skål nåkken!

Berre ei tekstmelding frå Elvis fronta tradisjonell Brann-pessimisme:

2-0 er ei livsfarleg leiing. Har de glømt korleis det gjekk i Haugesund i sommar, eller?

Ingen hadde glømt då vi leia 2-0 og tapte 3-2 i Haugesund.

Optimistisk snap fra Bergen i pausen.

Angst og beven

I starten av andre omgang melde angsten seg for alvor. Brann blei spelt lave – eller la seg bakpå? – og i det 61. minutt scora Haugesund frå utanfrå 16-meteren. Vi innsåg at Elvis hadde rett. 2-0 er livsfarleg. Brann-laget stressa. O’Reilly’s stressa. Ikkje berre fjorårets kamp i Haugseund, men også sesongopninga i Tromsø, begynte å surre i bakhovudet.

Ei stemme bak meg brøla det alle tenkte:

– Typisk Brann å rote bort dette!

Supertrio

Men Brann under Lars Arne Nilsen er ikkje Brann, sjølv om Brann i går spelte meir typisk Brann-fotball enn nokon gong tidlegare under LAN. Som i pre-LAN-tider stolte vi ikkje 100% på forsvaret, medan laget var friske framover. Spesielt tre spelarar utmerka seg. Fredrik Haugen slo kaldt den eine elegante passninga etter den andre gjennom hola i Haugesund-forsvaret, Børven var presis då han fekk sjansen, og Daniel Braaten hadde ein av dei dagane då han tilsynelatande berre elskar å spele fotball. Han kriga og dribla, og fyrte til og med av eit skudd. Då jubla vi som om det skulle vore scoring. Det skjer trass alt ikkje for ofte at Braaten prøver å få ballen i mål …

Brann på TV: Litt misunneleg på denne gjengen.

– Skål nåkken!

Høgare Brann-press roa nervene våre, og etter 77 minutt jubla vi hemningslaust igjen, før vi sank letta saman på barbenken. Nok ein gong hadde Braaten og Børven fiksa greiene.

Faren var avverga. Det var på tide å begynne å glede seg til den – for oss i eksil – kommande heimekampen borte mot Lillestrøm.

Nok ein gong sa ein bak meg det alle tenkte: – Vinn vi på Åråsen er vi faen meg med heilt der oppe!

På skjermane over oss scora RBK mot Viking, uten at det fekk øydelegge stemninga. Vi pakka oss inn i dei nye to meter lange BBØ-skjerfa og traska lykkelege ut i tigernatta, trygge på at Daniel Omoya Braaten ein vakker dag kjem til å score for Sportsklubben Brann.