Å, vi skal fyre hele veien til Lyon!

Fra Buda til Ruzomberok: Endeleg var fotballrepublikken tilbake i Europa!

Publisert 20/07/2017 av Berge.

Melding fra M. 11. juli like før midtnatt:

Å, vi skal fyre hele veien til Lyon!
Å, vi skal fyre hele veien til Lyon!
Og viss UEFA é litt geme får vi 16. mai heme
Vi skal fyre hele veien til Lyon!

Melodi: «Det er meg det samme», Pappasaft.

La oss prøve å få folk med på denne på torsdag.

Fra gravferd til fest

M. var allereie på plass i Budapest med fleire av kompisane våre. Det skulle eg også ha vore, men i staden var eg på veg til Bergen for å gravlegge morfar. Nye billettar til Buda var bestilt. Onsdag 12. juli 2017 skulle bli ein dag med store kontrastar: Kvart over tolv stod vi i den iskalde vinden ved grava på Myking, tolv timar seinare trippa eg inn på ein heit pub i Budapest der ein bergensk bøling hadde samla seg. Fra gravferd til fest på tolv timar fører til i overkant mange motstridande følelsar å halde styr på, men eg kunne jo ikkje gå glipp av turen eg hadde gleda meg til sidan Sogndal-kampen hausten 2016, då det var klart at Brann igjen skulle spele i Europa.

Det kommer ingen i morgen for sånne som oss

Dei neste timane forsvann dei fleste til hotella sine for å vere i form til kampen dagen etter, men eg hadde «faen ikkje løst te å gå hem». Ikkje berre hadde eg nettopp landa i Budapest, eg hadde også samme dag sett døden på nært hald. Her gjeld det å kjøre på mens ein kan, tenkte eg, og fekk med meg M. og eit par andre vidare. Lykkelege over å endeleg skulle på Brann-kamp langt unna Bærum og Levanger, gjekk vi omkring i gatene og sang variasjonar av teksten M. hadde laga:

Å, Barmen skulle vært supporter i Lyon!
Å, Barmen skulle vært supporter i Lyon!
For han kan bare fyre heme.
Skjult for BT – helt alene.
Barmen skulle vært supporter i Lyon!

Utanfor ein av dei få barane som framleis serverte møtte vi ein gjeng belgiarar som også gjekk og sang. Vi slo oss saman med dei, spurde om dei ville lære ein av tekstane våre. Like etter stod 40 belgiarar i gata i Budapest og gaula «Gi faen i Meland kommune! Gi faen i Meland kommune!»

Bergen på tur sløvar i skyggen.

Fra Buda til Ruzomberok

Morgonen etter klarte vi på mystisk vis å komme oss til Helte-plassen i tide til å rekke bussen i retning Slovakia og Ruzomberok. Bergen på tur sløva i skyggen og fordelte seg etterkvart mellom dei to bussane etter mønster fra Stadion: BGG og andre Store stå-folk på den eine, Hasund sine hundar og andre Felt-Z-folk på den andre. Eg klarte ikkje å velge, men vart dytta inn på buss nummer to der M. og eg sette oss i baksetet og fortsatte å lage nye tekstar:

– Vi må ha noko som rimar på Ruzomberok …

– Er det seriøst ikkje éin by i Europa som rimer på Ruzomberok?!

– Vladivostok!

– Då har vi han!

Fra Buda til Ruzomberok, fra Bergen til Vladivostok …
Hele Bergen vet vi skal til Lyon!
Vi skal til Lyon! Vi skal til Lyooon!
Hele Bergen skal til Lyon!

Like etter fylte plystring bussen. Eurovison-melodien.

Høgre – SV 7-0

Vanlegvis er det Høgre og SV som er best representert på Brann-kampar, men på denne turen var det berre blåskjorter å sjå. Totalt trur eg at eg snakka med i alle fall sju Høgre-medlemmer. To av dei, eit par stortingsrepresentantar, hadde ikkje klart å komme seg til Budapest i tide. No var dei på hjul i leiebil bak oss. På ein bensinstasjon ein stad langs Route 66 tok dei oss igjen og blei møtt med buing fra bakre del av bussen. Medan folk hadde fordelt seg etter Stadion-prinsippet på Helte-plassen, var i alle fall vår buss tilsynelatande delt inn politisk. Det blei derfor ingen stor suksess framover på seteradene då vi i baksetet prøvde oss med «Å, Erna ryker ut i år, hurra hurra!».

I staden fyllte plystring igjen bussen. Eurovision-melodien.

Puben til Sapara

Utanfor bussvindaugene såg vi skog og myrer som likna mistenkeleg på norsk natur. Vi sang: «Vi har samme fauna! Ja, vi har samme fauna! Vi har samme fauna, vi é Brann!»

– Flora, ikkje fauna! mumla ein pedant ved sida av meg.

Vi retta opp i feilen: «Vi har samme flora! Ja, vi har samme flora …»

Humøret på bussen var med andre ord ikkje direkte mutt, men heller ikkje så kokande som eg hadde håpa på. Også fra den andre bussen kom det meldingar om at stemninga var langt fra 100 grader. Då vi slentra inn på puben i Ruzomberok – som etterkvart viste seg å vere eigd av den tidlegare Rosenborg-stjerna Marek Sapara (skandale!) –, frykta eg derfor at det ville bli ein tam dag på bortefeltet.

Pub før kamp i Ruzomberok. Først etter at vi hadde lagt igjen ei årsomsetning i baren fekk vi vite at puben blir drive av kona til Marek Sapara.

Totaltypete totalkok

Frykten var ubegrunna. Idet vi passerte dei slovakiske panserpolitimennene gjennom slusene inn til bortefeltet, hadde det gått opp for gjengen at det var ni år sidan sist vi var på bortetur i Europa. Vi hadde blitt lova 13 grader og regn, men på bortefeltet steikte sola, og allereie ti minutt før innmarsj hadde vi sunge ut shalalala-fansen til Ruzomberok.

Borgerkrig! Borgerkrig! Republikken til Europa League!

Tifo-gjengen hadde med eit 10 * 10 meter stort banner – «Bergen på tur» –, og «Gi meg ein B …»-ropa var så kraftige at dei kom i retur som ekko fra andre sida. Til M. og mi si store glede fekk vi bra trøkk på både «Å, vi skal fyre hele veien til Lyon!» og «Fra Buda til Ruzomberok», sjøl om samtlege – inkludert tekstforfattaren – sklei over i melodien til «Du skal få min gamle sykkel når eg dør» på førstnemnde sang. Rundt meg stod folk i baris, og då Acosta banka inn 1-0 gav eg etter for gruppepresset og kasta skjorta i pur lykke eg også.

Ka faen é seriegull? Ka faén é seriegull? Mot bortemål i Europa … Mot bortemål i Europa … Mot bortemål i Eurooopa … Ka faen é seriegull?!

Alle på feltet sang. Uvanleg mange starta sangar. Det var humor, trøkk og variasjon, så langt unna olé, olé, olé og «synger samme sang, hele kampen lang» det er mulig å komme. Det var rett og slett totaltypete totalkok av den sorten vi berre har prestert nokre få ganger i mi tid som supporter. Kanskje aldri?

Fantastisk trøkk på bortefeltet. Kontrasten til bortefeltet på Nadderud fire dagar tidlegare var absurd stor.

– Det skal ikkje vere éi krone igjen etter meg!

Dagen etter var det tid for trekning av motstandar i tredje runde. Eg har lova familien Brann-fri eit par kampar framover, og sat derfor og surmula. Far min sat derimot og glisa spent ved sida av meg på gaterestauranten i Budapest:

– Eg skal på alle kampane heilt fram til Lyon. Det skal ikkje vere ei krone igjen etter meg!

Eg kikka på M.. og flirte. Han nikka. Dette måtte kunne bli ein sang.

Å, vi skal fyre hele arven før Lyon!

Å, vi skal fyre hele arven før Lyon!

Det blir én og tjue kamper med UEFA sine pamper …

Å, vi skal fyre hele arven før Lyon!

Ps.

I ettertid viste det seg at det berre er 19 kampar til Lyon. Det blir lett!

Les også